Hopp til innhold

Hagen: - Tilbyr luksusliv til eit fåtal flyktningar

Oslo kommune svarar i dag ja til å busetja sin part av 10.000 syriske flyktningar som eit fleirtal på Stortinget ønskjer å ta imot i løpet av dei to neste åra. – Galskap, meiner Frp-politikar Carl I. Hagen.

Carl I. Hagen taler i Oslo bystyre

Carl I. Hagen, Frp sin gruppeleiar i Oslo bystyre, meiner det er usolidarisk å bruka pengar på å ta imot 10.000 flyktningar. Ifølgje Hagen når pengane langt fleire dersom me brukar dei på hjelp i nærområda.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Om opposisjonen får det som den vil, skal Noreg ta imot 10.000 syriske flyktningar i løpet av dei to neste åra.

Men det er kommunane som får oppgåva med å busetja flyktningane og dei vel sjølv om dei vil ta imot flyktningar eller ikkje.

I dag seier Oslo kommune ja til å ta imot sin del av dei 10.000 syriske flyktningane. For Oslo betyr det, nærmare 300 fleire enn i dag – til saman over 800 inneverande år.

– Galskap, seier Carl I. Hagen, Frp sin gruppeleiar i Oslo bystyre.

– Ap vil plukka ut nokre få i «Gull-Lotto»

– Oslo har meir enn nok integreringsproblem og utfordringar med den minoritetsfolkesetnaden me allereie har. Mange barn kan ikkje godt nok norsk dei begynner på skulen, seier Hagen.

Frp-politikaren er samd med moderpartiet sitt om at det er langt meir solidarisk å yta hjelp til folk i nærområda, fordi den same pengesummen då kjem fleire til gode.

– Ap vil gje nokre få ei luksustilvære i Noreg, samanlikna med leiarar der nede. De plukkar ut nokre få som vinn i «Gull-Lotto», torar Hagen.

Ap sin byrådsleiarkandidat i Oslo, Raymond Johansen, avviser kritikken og poengterer at også Ap vil at hjelpen i hovudsak skal skje i nærområda, men at også Noreg og norske kommunar må vera villige til å yta ekstra under den ekstraordinære flyktningsituasjonen som no har oppstått i Europa.

Røsland: – Motarbeider ikkje moderpartiet

Stian Berger Røsland

Byrådsleiaren i Oslo, Stian Berger Røsland, avviser at dei motarbeider regjeringa og moderpartiet ved å seia ja til å ta busetja sin del dersom det kjem eit vedtak på 10.000 syriske flyktningar.

Foto: Olav Juven / NRK

Då det blei klart at Stortinget ville auka talet på kvoteflyktningar betrakteleg, sende integreringsminister Solveig Horne (Frp) ut eit brev der ho bad alle kommunane i landet om å svara på kor mange fleire dei er villige til å ta imot.

Responsen har så langt vore laber. Av dei 38 som har svara, seier ti nei, tre seier ja medan resten treng meir tid.

Fristen for å svara går ut den 27. mai.

Både Frp og Høgre sentralt vil heller hjelpa flyktningane i nærområda. Høgre-leiinga i Oslo kommune seier likevel ja til ta imot fleire. Gledeleg, meiner Ap. Frp kallar det eit paradoks.

Tek Oslo Høgre aktivt stilling imot regjeringa sin politikk?

– Nei. Mange parti har vore svært engasjerte på landsmøte for å få eit fint rundt tal. Så kjem ein tilbake til kvardagen og ser utfordringane med å få det til. Det er no ein brei prosess på Stortinget om kva som skal bli nasjonen sin politikk på dette området, svarar byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røsland (H).

AKTUELT NÅ