Hopp til innhold

Hagen opnar lommeboka for dei blå

Milliardær Stein Erik Hagen seier han vil støtte alle dei borgarlege partia dersom dei ber om det. – Ei lukrativ investering for Hagen, meiner Arbeiderpartiet.

Stein Erik Hagen

Orkla-millionær Stein Erik hagen har kvart år støtta Høgre med pengar til valgkamp. No vil han også gje til andre borgarlege parti.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Lars Arne Ryssdal

Generalsekretær i Høgre, Lars Arne Ryssdal, er glad for pengane frå Hagen.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX
Marianne Marthinsen

Finanspolitiker i Arbeiderpartiet, Marianne Marthinsen, meiner likevel at millionane Hagen gir til Høgre vil kunne kaste av seg dersom Høgre vinn valet.

Foto: Pressebilde Stortinget

– Dersom vi blir spurt, trur eg nok vi vil yte støtte til dei ikkje-sosialistiske partia, seier Stein Erik Hagen til NRK.

Hagen har allereie i 2012 gitt ein million kroner til Høgre. No kan det komme påfyll på Høgre sin konto.

– All den stund dei sosialistiske partia, og særleg Ap, tek imot så mykje støtte frå LO, og NHO har slutta å gje støtte, er det riktig at ein del av oss sørgjer for at det er ein balanse, seier Hagen til NRK.

Venstre og Høgre takkar ja

Venstre-leiar Trine Skei Grande vil takke ja til eit bidrag frå Hagen:

– Vi er nok det fattigaste partiet, så vi treng alle som vil bidra, seier Grande.

Også Høgre sin generalsekretær, Lars Arne Ryssdal, er glad for støtta.

– Vi vil gjere det kjent for Hagen at vi er takknemlege for alt vi kan få, seier Ryssdal.

– Hagen vil tene på støtta

I Politisk Kvarter i dag lova han at pengegåvene frå Hagen ikkje vil ha noko å seie for kva slags politikk Høgre vil føre, eller kva for saker partiet vil ta opp i valkampen.

Finanspolitikar i Arbeiderpartiet, Marianne Marthinsen, meiner likevel at millionane Hagen gir til Høgre vil kunne kaste av seg dersom Høgre vinn valet.

– Det kan bli ei lukrativ investering for Stein Erik Hagen. Han har fleire gongar teke til orde for å fjerne formuesskatten. Da vil han personleg tene 15 millionar kroner, seier Marthinsen.

Snudde om partistøtte

Hagen har kvart valgår støtta Høgre med betydelege pengesummar.

Men nettopp politiske angrep frå dei raudgrøne gjorde at Hagen i 2011 varsla at han ville slutte å støtte politiske parti. Han meinte seg uthengt av dei raudgrøne partia, og sa at statsminister Jens Stoltenberg gjorde han til ein «samfunnsfiende».

Ein månad etterpå ombestemte Hagen seg, og gav likevel pengestøtte til Høgre.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Vil likevel gi partistøtte til Høyre

VALG 2011: Stein Erik Hagen ombestemmer seg, og vil likevel gi partistøtte til Høyre. (Arkivvideo)

Ikkje redd for rike onklar

Også før valet i 2009 var Hagen i klammeri med dei raudgrøne partia. Den gongen flytta han med seg familien og formuen sin til Sveits i protest mot den norske formuesskatten.

Og like visst som at pengane frå Hagen tikkar inn på Høgre sin konto, startar debatten om Høgre sine rike onklar. Men generalsekretær Ryssdal er ikkje redd for at slike debattar skader Høgre sitt omdøme.

– Dei fleste av våre bidrag kjem frå medlemmene våre. Vår finansiering er ikkje avhengig av støtte frå firma i det private næringsliv.

Får pengar frå LO

Likevel seier Ryssdal at Høgre treng meir ressursar i valkampen for å bli jevnbyrdige med venstrepartia, som får partistøtte frå LO og andre fagforbund.

– Alle står fullstendig fritt til å støtte dei ein vil, enten det er LO eller Hagen. Det viktige er å vere opne om det, særleg i samanheng med val. Det er ikkje irrelevant om det er LO eller Hagen ein har ei binding til. Når LO vel å støtte Ap, og Hagen opnar lommeboka for eit regjeringsskifte, seier det mykje om kven som vinn på den politikken partia fører, seier Marianne Martinsen.

Ho bedyrar, på same måte som Høgre, at Ap står heilt fritt til å bestemme eigen politikk til trass for pengane frå LO.

– Det trur eg eit par EU-direktivsaker har vist, seier Marthinsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger