Hopp til innhold

Greier han å velte Orderud-dommen?

Det er knytt stor spenning til Tore Sandberg si framlegging av det han kallar nye og oppsiktsvekkjande bevis i Orderud-saka i ettermiddag.

Tore Sandberg

Spenninga er stor før Tore Sandberg si orientering om Orderud-saka.

Foto: Meek, Tore / SCANPIX

Sjå Tore Sandberg direkte frå kl. 16.15:

Drapa på ekteparet Kristian og Marie Orderud og dottera Anne Orderud Paust i kårbustaden på Orderud gård natt til pinseaftan 23. mai 1999, er den mest medieomtalte kriminalsaka i Noreg nokon gong.

Tore Sandberg har dei siste to åra jobba med denne saka på oppdrag frå to av dei som vart dømde for drapa, ekteparet Per og Veronica Orderud.

Video nsps_upload_2009_3_20_8_59_38_1200.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Ole Kristen Harborg om Orderud-saka

Konflikt om gard

Per Orderud

Per Kristian Orderud er dømd til 21 års fengsel for drapa på faren, mora og systera.

Foto: Tor Richardsen / Scanpix

Per Orderud er sonen til Kristian og Marie Orderud og bror til Anne Orderud Paust. Eitt motiv for drapa skal ha vore ein konflikt mellom Per og Veronica Orderud og foreldra hans om overtakinga av garden, ifølgje dommen.

Det er Stiftinga for ei Kritisk og Undersøkjande presse (SKUP) som har invitert den erfarane journalisten og etterforskaren Tore Sandberg til SKUP-konferansen i Tønsberg for å fortelje om dei nye funna sine. Og det er store forventingar til at han verkeleg har noko nytt å kome med.

For Tore Sandberg har levert resultat før. Hans arbeid førde til at både Per Liland og Fritz Moen vart frikjende for drapa dei hadde sona mange år i fengsel for.

Den tidlegare NRK-journalisten Tore Sandberg seier at han kjem til å leggje fram nye bevis på SKUP-konferansen. Han har blanat anna funne at det er gjort feil i etterforskinga, og han seier at det han vil leggje fram er "oppsiktsvekkjande".

Nye vitne

Veronica Orderud

Veronica Orderud skal også delta på SKUP-konferansen i Tønsberg.

Foto: Scanpix

- Slik det ser ut no kan heile dommen mot Per og Veronica Orderud vere feil, og at dei to er dømde på feilaktig grunnlag, seier Tore Sandberg.

Han har funne fram til nye vitne, og det skal også ha kome fram påstandar om ein namngitt gjerningsmann, ein person som ikkje har vore etterforska tidlegare.

Også Veronica Orderud skal delta på SKUP-koknferansen. Ho har heile tida sagt at ho er uskuldig og meiner at ho vart førehandsdømd i pressa. SKUP-styret meiner det er viktig at ho får leggje fram si sak, sjølv om det er reist til dels sterk kritikk mot at ho skal sitje i panelet.

Tore Sandberg meiner at det han har funne ut i løpet av dei to åra han har etterforska Orderud-saka, bør vere nok til at Gjenopptakingskommisjonen vil gi grønt lys for at saka kan bli teken opp igjen.

Orderud gård

Det var her drapa skjedde i pinsehelga i 1999.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Video nsps_upload_2009_3_20_11_1_29_1221.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Vil ha gjenopptakelse

AKTUELT NÅ