NRK Meny
Normal

Stoltenberg: – Fellesskapet slår sin sterke arm rundt familien din

Terroroffer og ungdomspolitikar Mona Abdinur (18) var oppteken av fleirkulturelle tema i politikken. I dag tok pårørande farvel, med statsministeren til stades.

Mona Abdinur

Utøya-offer Mona Abdinur (18) vart i dag gravlagd på Høybråten kyrkjegard i Oslo.

Foto: Privat
Statsmininster Jens Stoltenberg (Ap) i gravferda til Mona Abdinur

Statsmininster Jens Stoltenberg (Ap) i gravferda til Mona Abdinur.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Mona Abdinur var på Utøya som ein engasjert ungdomspolitikar. Den norsk-somaliske 18-åringen var særleg oppteken av fleirkulturelle spørsmål i politikken.

Tysdag ettermiddag vart Abdinur gravlagd på Høybråten i Oslo.

Spreidde livsglede

Statsminister Jens Stoltenberg var til stades under seremonien. Han vende seg til familien til Abdinur i si tale.

– De er ein liten familie, men de er ein del av den store norske familien. I dag slår fellesskapet sin sterke arm rundt dykk, sq Stoltenberg.

– De er frårøva Mona, ei aktiv jente som gav livsglede til alle rundt seg. Ein einar på dansegolvet og på fotballbanen.

Stoltenberg vende seg til mora.

– Du er mor. Eg er far. Inst i hjartet kjenner eg di smerte og ditt sakn. Ingen ord i heile verda kan hente Mona tilbake, men alle andre ord byr eg deg. All varme i verda, all godheit som finns, sa han.

– Ikkje til å forstå

Byrådsleiar i Oslo kommune, Stian Berger Røsland (H) og leiar i oslo Arbeidarparti, Jan Bøhler deltok også under seremonien, som gjekk føre seg utandørs på den muslimske delen av kyrkjegarden.

Stoltenberg gjentok i talen sin at ungdommen skal ta Utøya tilbake. Han la vekt på at Abdinur var med på å skape Utøya-magien saman med ungdommar frå heile landet då ho vart drepen.

– Venskap. Politikk. Song rundt leirbålet. Latter og glede. No er ho borte. Ho vart berre 18 år. Det er ikkje til å forstå, sa ein prega statsminister.

– «Mona var sola vår», seier vennene hennar. No må de finne vegen vidare utan Mona, la han til.

– Fann det positive i alt

Melina Shargi hadde kjent Abdinur sidan fjerde klasse, og var ei nær veninne. Ho skildrar Abdinur som ein livsnytar.

– Ho kosa seg alltid, og såg det positive i alt, fortel den sorgtynga veninna.

Shpresa Emini (18) stod også den avdøde nært. Ho seier at det ikkje er råd å forstå korleis dette kan ha skjedd.

– Mona var ei ung og glad jente. Ho har gått frå oss på ein tragisk måte. Ingen av ungdommane på Utøya fortente å døy. Slikt skal ikkje skje, seier ho.

Frå venstre: Melina Shargi og Shpresa Emini

Melina Shargi (t.v) og Shpresa Emini var gode veninner av Abdinur.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Saman mot vondskapen

I tillegg til å vera engasjert AUF-medlem, var Abdinur også aktiv innan dans, musikk og song.

– Ho var så fantastisk snill. Smilte alltid og fekk folk i godt humør. Eg trur ikkje det heilt har gått opp for meg at ho er borte, sa venen Zakaria Bougroug til TV2 då det før helga vart stadfesta at Abdinur var blant dei drepne på Utøya.

Mange møtte opp for å ta farvel med Abdinur. Blant dei sørgjande var det mange frå det islamske miljøet, men også andre hadde teke vegen til Høybråten kyrkjegard for å æra Abdinur.

Imam og leiar for Islamsk råd Noreg, Senaid Kobilica er glad for at det var ei blanding av folk.

– Det var veldig godt at så mange menneske frå ulike kulturar og trussamfunn kom i gravferda. Det viser at vi er eit modig samfunn som står saman mot vondskapen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger