Hopp til innhold

Klasseturar på ungdomsskulen: – Redd det ikkje blei att pengar til mat heime

Norsk skule skal vere gratis. Samstundes betalar foreldre dugnadsvarer og eigendelar før klasseturar. Det skapar utanforskap, meiner organisasjonen Vaksne for barn.

Ida

REDD: Ida har vore redd og bekymra for om familien har nok pengar til mat.

Foto: Anita Stellander / NRK

– Det var ikkje hemmeleg i familien at det kunne bli vanskeleg økonomisk ein månad eller to fordi mamma måtte ut med så mykje pengar, fortel Ida (22).

Ho vaks opp med mora og to yngre søsken.

Ida fortel korleis dugnadene før klasseturar påverka familien hennar.

Stabel med toalettpapir

Ida fortel at det ofte er store mengder med dugnadsvarer som skal seljast på same tid.

Illustrasjon: Anita Stellander / NRK

– Til tider var det veldig mykje som måtte ut på ein gong. Det kunne vere opp til fleire tusen kroner som måtte leggjast ut for å kjøpe inn ting som vi selde vidare, seier ho.

Mora måtte dele opp beløpet ho skulle betale for dugnadsvarer. Ho klarte ikkje å legge ut alt på ein gong. Etterpå blei det vanskeleg å tene inn att pengane.

– Det er ofte store mengder og mange som skal selje på same tid. Då blir det familie og vener som kjøper. Men kva om ein ikkje har den familien? Kva gjer ein då, spør Ida.

Dette skjedde ikkje berre då Ida skulle på klassetur, men og då dei yngre søskena skulle reise. Ho omtalar tida som vanskeleg.

Ida

Ida trur det er skambelagd å snakke om at ein slit økonomisk.

Foto: Anita Stellander / NRK

– Det er ikkje så mykje ein kan gjere når ein står der som 14-15-åring. Korleis skal eg bidra når det gjeld pengar? Eg har ikkje moglegheit i det heile tatt.

Ida blei redd og bekymra.

– Det har vore ein ting gjennom heile livet, det at eg har vore redd for om vi har nok pengar til mat, liksom.

Skambelagt utanforskap

Som fleire andre NRK har snakka med i denne saka, ønskjer ho å vere anonym. Vi har valt å kalle henne «Ida».

Ida trur det er skambelagd å snakke om at ein slit økonomisk, og at ein ikkje har råd til å delta.

NRK har vore i kontakt med mor og søskena til Ida, og dei er innforstått med omtale i saka.

Fagkoordinator Elisabeth Wold i oranisasjonen «Voksne for barn» snakkar med mange elevar og foreldre om klasseturar.

Fagkoordinator Elisabeth Wold i foreningen Voksne for barn

Fagkoordinator Elisabeth Wold i foreining Voksne for barn

Foto: Nicki Twang / Voksne for barn

– Det er skamfullt og vondt å fortelje at ein ikkje har råd til å betale for klassetur, seier ho.

Wold fortel at foreldra ønskjer at barnet deira skal bli inkludert og få vere med på alt som dei andre er med på, men at dei gruar seg til klasseturen og dei store utgiftene dei veit kjem på ungdomsskulen.

Ho meiner dugnader er problematiske, fordi dei ofte i realiteten endar med at foreldra må betala varene sjølve.

– Særleg no i ei tid med auka straumprisar og levekostnadar er dette noko mange familiar ikkje har råd til.

Fagkoordinatoren meiner det gjer liten skilnad om klasseturar blir lagt til skuleferiar.

Ungdomane som ikkje kan delta, ser bilete frå turen i sosiale medium. Og når klassen kjem tilbake har dei andre hatt opplevingar ein ikkje har vore ein del av, fortel ho.

Det skaper utvilsomt utenforskap. I lang tid.

Elisabeth Wold, fagkoordinator Voksne for barn

NRK undersøkjer

Dei siste vekene har NRK spurt eit tilfeldig utval ungdomsskular korleis dei arrangerer klasseturar.

Vi har kontakta 150 offentlege ungdomsskular, frå Kirkenes i nord til Kristiansand i sør. Alle fekk same spørsmål. Av desse har 53 skular svart.

Svara er ikkje representative, men dei viser variasjon og ulik praksis blant skulane som svarte.

Utsikt fra flyvindu over Europa

Mange klassar vel å fly når dei reiser på klassetur i Europa.

Illustrasjon: Anita Stellander / NRK

Gratisprinsippet

Gratisprinsippet er ein regel i opplæringslova § 2–15 som seier at offentleg grunnskule skal vere gratis.

Klasseturar som er ein del av opplæringa på skulen, skal difor vere gratis for elevane og foreldra.

Om foreldra organiserer ein privattur utanfor skuletida, gjeld ikkje gratisprinsippet.

NRK forklarer

Gratisprinsippet i grunnskulen

Gratisprinsippet i grunnskulen

Kva står gratisprinsippet?

Gratisprinsippet for grunnskulen står i Opplæringlova: 

§ 2-15. Rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring

 

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring.

 

Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med

grunnskuleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skuletida,

leirskuleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskuleopplæringa.

Gratisprinsippet i grunnskulen

Kva betyr gratisprinsippet?

At opplæringa skal vere gratis.

Alle aktivitetar, faglege og sosiale, som er ein del av opplæringa, skal vere gratis for elevane. 

Gratisprinsippet i grunnskulen

Når er noko "ein del av opplæringa"?

Om noko er ein del av opplæringa bygjer på ei vurdering. 

 

Døme på kva som kan tas med i vurderinga er: 

 

* om turen skjer i skuletida

* om turen er ein del av opplæringa

* om lærerane er med på turen og får lønn 

 

Kilde: Utdanningsdirektoratet

Gratisprinsippet i grunnskulen

Kva skal til for at gratisprinsippet er brote?

Det avgjeres etter ei helhetsvurdering i kvar sak. 

Kilde: Utdanningsdepartementet

Gratisprinsippet i grunnskulen

Kven har ansvaret for at skulane følgjer reglane?

Det er kommunane som har ansvaret for å passe på at skulane ikkje bryt gratisprinsippet. 

Utdanningsdirektoratet skal gje informasjon og rettleie.

Statsforvaltaren kan rettleie generelt og opne tilsyn.

Det er først etter at tilsyn er opna at Statsforvaltaren kan vurdere ei individuell sak.  

Øvste ansvaret for at gratisprinsippet overholdes har Kunnskapsdepartementet og kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). 

Utdanningsdirektoratet (Udir) har ei rettleiing på nett. Her forklarar Udir kva som kan vere med i vurderinga. Dei har lista opp punkt og kjem med døme.

Undersøkinga NRK har gjort, kan tyde på at skular og foreldre tolkar dette svært ulikt.

Samstundes oppgir Udir til NRK at alle punkt på lista må vere oppfylt, medan departementet svarar at lista ikkje er uttømmande.

Uklar regel

Jon Christian Fløysvik Nordrum, førsteamanuensis i offentleg rett ved Universitetet i Oslo, er ikkje overraska over ulik forståing av gratisprinsippet.

Jon Christian Fløysvik Nordrum, førsteamanuensis ved institutt for offentlig rett på juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo
Foto: Det juridiske fakultet / Universitetet i Oslo

Gratisprinsippet er ein grovkorna, overordna regel som opnar for skjønn.

400 ulike kommunar vil ikkje tolke prinsippet likt.

Jon Christian Fløysvik Nordrum, førsteamanuensis ved juridisk fakultet, Universitetet i Oslo / NRK

Ei forklaring for folk flest

NRK bad difor Utdanningsdepartementet si juridiske avdeling om å avklare gratisprinsippet.

Vi spurde mellom anna om korleis ein vektar døma til Udir mot kvarandre, og kva for døme som kunne tenkjast å kome i tillegg om lista ikkje var fullstendig.

Vi bad om ei enkel forklaring vanlege folk kan forstå.

Det fekk vi ikkje.

Men Kunnskapsdepartementet si juridiske avdeling bad Utdanningsdirektoratet om å sjå på forklaringa i nettrettleiinga på nytt.

Deretter blei teksten endra på heimesidene til Udir. «For at det skal vere litt tydelegare kva som gjeld», opplyste direktoratet.

Andre funn i undersøkinga

Av dei 53 skulane vi fekk svar frå, oppgav 27 skular at dei hadde klasseturar.

I tabellen nedanfor viser søylene kor mange av dei 53 skulane som stadfesta kvar variabel.

I Trondheim, Troms, Finnmark og Rogaland fortalde fleire skular at dei «ikkje arrangerte andre klasseturar enn dei skulen må ha i kroppsøving og friluftsliv, på grunn av utfordringar med finansiering og deltaking».

Trondheim
Illustrasjon: Arne Kristian Gansmo / NRK

I Agder har kommunar forbod mot utanlandsturar, og reglar for kor lenge turane kan vare.

På Uranienborg ungdomsskule i sentrum av Oslo fortel fleire foreldre at det var «klassetur kor foreldra betalte full eigendel i haust. Elevane fekk fri frå skulen og lærarane var med. Skulen laga også eit opplegg for dei elevane i 10. trinn som blei att på skulen». Ingen av foreldra ønskjer å stå fram med namn.

NRK har lagd dette fram for rektor Gjermund Jørgensen ved Uranienborg ungdomsskule.

Uranienborg ungdomsskule i Oslo

Uranienborg ungdomsskule i Oslo.

Foto: Anita Stellander / NRK

Han svarar i ein e-post til NRK:

– Eg ønskjer ikkje å kommentere vurderingar gjort av tidlegare leiing. Vi er no i dialog med FAU, og etter kvart driftsstyret, for å sikra at alle turar i regi av Uranienborg skule i framtida har rammer som gjer at vi oppfyller alle aspekta ved gratisprinsippet.

Det viktige her er at turen er gratis for alle elevar, uansett innsats eller deltaking på dugnadar osb.

Utstyrskrav

Nokre av skulane oppgir at «dei arrangerer gratis leirskule, og at skulen ikkje kjenner til eller har noko med andre turar å gjere».

Hafjell i Øyer
Illustrasjon: Anita Stellander / NRK

Men når NRK kontaktar foreldra i FAU og reisegrupper, viser det seg at det blir arrangert klasseturar ved fleire skular.

Dei går til dømes føre seg i skuletida og har eigenbetaling. Elevane får fri for å reise, eller lærarane er med slik at dei ikkje treng fri. På fleire skular registrerer ein innbetalingar på namnet til eleven. Skulane er involverte i planlegginga av turar, og fagleg opplegg før, under og etter tur.

Fleire skular dreg ikkje utanlands, men til Rjukan, Narvik og vintersportsstader. Nokre skular krev at elevane stiller med utstyr som sovepose, telt og tursko.

Marius Chramer, leder i Foreldreutvalget for grunnopplæringa (FUG)
Foto: Marius Fiskum / Marius Fiskum

Marius Chramer, leiar i Foreldreutvalet for grunnopplæringa, reagerer på dette. Han understrekar betydninga av at skular følgjer opp gratisprinsippet.

– Det skal ikkje vere slik at ein må kjøpe nytt og dyrt for klasseturar, meiner han.

Les også Foreldrenes innsats avgjør skoleturene

Klasseturane motverkar utanforskap og rasisme

I undersøkinga er det stor variasjon i svara. Samstundes skil ein skule seg ut.

Bøler skole 20. november 2019
Foto: Nadir Alam / NRK

På Bøler ungdomsskule meiner rektor at turane til konsentrasjonsleirane er så viktige at dei eigentleg burde ha vore obligatorisk for alle.

Det er ikkje mogeleg for skulen å nå den same forståing for 2. verdskrig, og dei verdivala som ligg til grunn for hendingane gjennom arbeid i klasserommet.

Rektor Britt Bøymo ved Bøler ungdomsskule

Det er ikkje skulen, men foreldra som arrangerer turane. Leiar for reisekomiteen, Vidar Skofteby, fortel at både foreldra og elevane har stort fokus på å motverke utanforskap og rasisme. Skulen tilrettelegg det faglege.

Medan den frivillige innsatsen går ned andre stader, jobbar foreldra og elevane saman søraust i Oslo. Målet er å få inn ei halv million kroner til ei felles kasse før hausten 2023. Allereie i oktober hadde dei samla inn over kr 300.000.

Auschwitz i Polen

Mange ungdomsskuleelevar i Noreg reiser til Auschwitz i Polen.

Foto: Privat

Dei ønskjer at den frivillige dugnaden skal samle inn nok til at klasseturane blir utan eigendelar for alle elevane i dei tre aktuelle klassane.

– Om ikkje, blir det ikkje tur, slår Skofteby fast.

Elevene Mille t.v. og Daniella, begge 14 år sammen Vidar Skofteby, far på Bøler ungdomsskole

- Det er trist og urett at nokon ikkje kan vere med på klassetur fordi det kostar pengar, seier elevane Mille (14) og Daniela (14). Her i skulegarden saman Vidar Skofteby, leiar av reisekomiteen Bøler Hvite busser.

Foto: Anita Stellander / NRK
Nokre av dugnadsgjengen på Bøler etter kakelotteriet sist laurdag.

Etter kakelotteri på Bøler senter. Mor ved Bøler ungdomsskule, Nadia Frenning Andersen saman tre av elevane: Kaleab, Ingrid og Silje.

Foto: Anita Stellander / NRK
Sist laurdag hadde Bøler hvite busser kakelotteri utenfor matbutikken på Bøler senter.

Frå kakelotteriet inne på Bølersenter. Foreldra og elevane leverar og ut ved, panter flasker og sel toalettpapir. Alt for å nå målet om nok pengar slik at alle kan vere med utan å betale eigendel.

Foto: Nadia Frenning Andersen / priva
Nadia Frenning Andersen, mor ved Bøler ungdomsskole og nestleder i reisekomiteen.

- Det er ei glede å stå på dugnad saman ungdommane, seier Nadia Frenning Andersen, mor på Bøler ungdomsskule og nestleder i Bøler hvite busser.

Foto: Anita Stellander / NRK

På nokre av dei andre skulane i hovudstaden fortel foreldre at det er vanleg med eigedelar på fleire tusen kroner.

Omgår gratisprinsippet

– Slik betaling for klasseturar i ungdomstrinnet er veldig uheldig. Det er ei omgåing av gratisprinsippet, uttalar Hannah Skaret Myklebust, leiar i Elevorganisasjonen i Oslo.

Hannah Skaret Myklebust, leder for Elevorganisasjonen i Oslo 
foran Ris ungdomsskule kor ho sjølv har vore elev.

Hannah Skaret Myklebust, leiar for Elevorganisasjonen i Oslo, framfor Ris ungdomsskule kor ho sjølv har vore elev.

Foto: Anita Stellander / NRK

Ho held fram:

Det er viktig for det sosiale miljøet at alle elevar har moleghet til å delta på lik linje, båe sosialt og fagleg.

Då kan det ikkje vere eigenbetaling.

Skolen skal vere gratis.

Hannah Skaret Myklebust, leder i Elevorganisasjonen Oslo

– Det er viktig for det sosiale miljøet at alle elevar har moglegheit til å delta på lik linje i ein klasse, både sosialt og fagleg.

Det er også viktig at elevane frå alle skular får eit likeverdig tilbod for å jamne ut skilnader. Då kan det ikkje vere eigenbetaling. Skulen skal vere gratis, seier Myklebust.

Les også Vårin (15) har ikke råd til klassetur

Vil gjere regelen tydelegare

NRK har presentert funna og bedt ansvarleg minister, Tonje Brenna (Ap), om kommentarar.

Statssekretær i Utdanningsdepartementet, Halvard Hølleland (Ap) svarar:

– Vi er opptatt av at alle skal få moglegheit til å gå på skulen, og at dei ikkje skal få kostnadar av å vere der.

Statssekretær i Kunnskapsdepartmentet 
Halvard Hølleland

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Halvard Hølleland

Foto: Ilja C. Hendel / © Ilja C. Hendel

Han held fram:

Gratisprinsippet er klart og tydeleg: skulen skal vere gratis. Så viser jo NRK sin gjennomgang no at det blir tolka og forstått litt ulikt. Då er det vår jobb som myndigheit å tydeleggjere kva som er regelen, anten ved korleis vi skriv regelen eller korleis vi rettleiar han, seier han.

Hølleland fortel at dei kjem med eit forslag til ny opplæringslov i 2023. Den skal styrke skulen og sikre at den jamnar ut sosiale skilnader, seier statssekretæren.

–Vi er ikkje nøgde før skulen reelt er gratis.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Hallvard Hølleland (Ap)

Slik forklarar Hallvard Hølleland (Ap) gratisprinsippet:

– Gratisprinsippet er i seg sjølv klart og tydeleg: skulen skal vere gratis.

Det gjeld også skuleturar.

Men så er jo spørsmålet: kva gjer at ein tur er ein skuletur og ikkje ein privattur for elevar som går i same klasse og skule?

Det må ein i kvart tilfelle gjere ei vurdering av: Er dette ein skuletur som går føre seg i skuletida, som kan relaterast til læreplanane og kor ein har med seg lærarane, eller er dette eit privat arrangement og tilbod til elevane?

Dersom det er ein tur i regi av skulen, så skal han vere gratis.

Journalisten har barn som har vore på klasseturar. Ingen av barnas skular er med i undersøkinga.

Hei!

Har du tankar og innspel om saken du har lest?

Eller forslag til noko vi i NRK burde undersøkja? 

Send meg gjerne ein e-post! 

AKTUELT NÅ