Norske KFOR-soldatar vart åtvara om helserisikoen ved bruk av utarma uran før dei reiste til Kosovo. Dette vart gjort sjølv om norske statsrådar i Stortinget fleire gongar har sagt at ammunisjonen ikkje er farleg.
Helserisiko
Leiaren i forsvarskomiteen på Stortinget, Hans Røsjorde (Frp) meiner det er viktig å få fram kva helserisko dei norske soldatane har vorte utsette for. Han vil ta opp i forsvarskomiteen sjansen for å få ei orientering frå statsråden, spesielt når det gjeld det som blir gjort frå andre land og eventuelt nye synspunkt på risikovurderingar.
Spørsmålet om helsefaren ved å bli utsett for utarma uran er aktualisert etter at fleire soldatar i andre europeiske land er ramma av kreft etter NATO-teneste. Nokre er også døde.
Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland (SV) seier at norske styresmakter har vore uakseptablet passive i denne saka.
-Norske KFOR-soldatar vart informerte om at det truleg vart brukt utarma uran i Kosovo, men at Forsvaret kjende til få detaljar om bruken, opplyser den første norske bataljonsjefen i Kosovo, oberst Robert Mood.
-Vi la vekt på at det farlege stoffet etter vårt syn vart brukt mest i vest og delvis i sær, men lite i det norske operarsjonsområdet. Vidare at den støreste faren låg i forgifting ved danning av støv, og at det var risiko i samband med å puste inn støvet, seier Mood.
Han opplyser også at det vart gitt beskjed om at det skulle haldast avstand til område der ein kunne rekne med at utarma uran var i bruk. Soldatane skulle ikkje gå nærare enn 50 meter til slike område.
I går vart det kjent at det er avdekt auka radioaktivitet i åtte av 11 område i Kosovo der NATO brukte bomber med utarma uran.
Ikkje godt nok
Leiar i Befalets Fellesorganisasjon, Didrik Coucheron, meiner at Forsvaret ikkje har informert godt nok om bruken av utarma uran i Kosovo. Han meiner at informasjonen som vart gitt før avreise til Kosovo hadde klare manglar.
Statssekretær Øystein Singsås i Forsvarsdepartementet seier til NRK at forsvarsministeren vil orientere Stortinget om bruken av umetta uran i NATO-våpen.
Lyd og video
- - Røsjorde vil ha orientering fra forsvarsministeren (40 kbps Real Audio)
- - Ikkje god nok informajson, meiner Befalets Fellesorganisasjon (40 kbps Real Audio)
- - Forsvarsministeren vil orientere, seier statssekretær Øystein Singsås (40 kbps Real Audio)
- - Frykten brer seg i Europa (40 kbps Real Video)