Hopp til innhold

Full stopp for togtrafikk på Oslo S

Oslo Sentralstasjon er i ettermiddag stengd for togtrafikk grunna problem med signalanlegget, opplyser Jernbaneverket.

Video Full togstans på Oslo S

Signalproblem på Nationaltheatret og Oslos S fører til mange innstilte avgangar og forseinkingar. Også flytoget er innstilt.

Se kaoset direkte her (ekstern lenke): VGTV

– Me har fått ein jordfeil på signalanlegget ved Oslo S, seier pressevakt ved Jernbaneverket, Trude Isaksen.

– Det gjer at me ikkje kan køyra tog gjennom Oslo sentrum. Tog må også snu utanfor Oslo. Det gjeld blant anna Skøyen, Grefsen og Ski, opplyser ho.

Buss for tog

Ifølgje Isaksen vil einskilde lokaltog gå fram til Bryn på Hovudbanen, og til Hauketo og Kolbotn på Østfoldbanen.

Jernbaneverket jobbar no med å retta opp att feilen, men seier reisande må rekna med innstilte og utsette avgangar.

Toga snur på kvar side av stasjonane og NSB har sett opp buss for tog fleire stader. Selskapet legg fortløpande ut informasjon om situasjonen på sine heimesider, men klokka 15.30 er nettsida nede som følgje av stor pågang.

– Kan råka ettermiddagsrushet

Ifølgje NSB vil togtrafikken starta igjen så snart signalfeilen er løyst, men Isaksen i Jernbaneverket kan ikkje garantera at toga er i rute igjen før ettermiddagsrushet tek til.

– Kva tid det skjer er vanskeleg å sei. Me har plassert ut kunderådgjevarar på stasjonane og håpar dette vil gå så smertefritt så mogleg, seier ho.

Togkaos i Oslo

Fullstendig kaos på Oslo S som følgje av togtrøbbelet.

Foto: Inger-Marit Knap Sæby / NRK

AKTUELT NÅ