Hopp til innhold

Full løn og ny jobb for bosniske montørar etter kontraktar som ikkje tålte dagens lys

Dei 22 bosniske arbeidarane som jobba for Statnett i Noreg på doble kontraktar, får betalt tilbake full løn og tilbod om ny jobb.

Bildet viser flere master på 420kv-linjen mellom Duge og Lyse

Bildet viser fleire master på 420kv-lina mellom Duge og Lyse, ein del av den «Vestre korridoren» til Statnett.

Foto: Statnett

Det er utfallet etter hastemøte mellom Statnett og det kanadiske entreprenørselskapet Valard, som leigde inn bosniarane.

– Valard har gitt oss meir enn forsikringar. Dei har forplikta seg til å sørgje for at arbeidarane får full etterbetaling av løna – netto det dei har betalt til selskapet i Bosnia.

Konserndirektør Elisabeth Vike Vardheim i Statnett

Konserndirektør Elisabeth Vike Vardheim i Statnett seier dei er fornøgde med løysinga for dei bosniske montørane.

Foto: NRK

Det seier konserndirektør Elisabeth Vike Vardheim i Statnett til NRK, etter å ha vore i møte med det kanadiske entreprenørselskapet Valard Construction AS.

I førre veke fortalde NRK at bosniske montørar på ei kraftline i Rogaland og Vest-Agder, hadde doble kontraktar og måtte gi frå seg halve løna til eit bosnisk selskap. Ifølgje kontrakten måtte dei også forplikte seg til å bli i Noreg på ubestemt tid.

Arbeidarane jobba for Statnett i Noreg, men var tilsette gjennom Valard.

Kunne ta husa til arbeidarar

Dei kritikkverdige forholda blei varsla om i ein anonym e-post sendt til Valard i Canada, med Statnett i Noreg på kopi, i midten av august.

Kontrakt som en av de bosniske arbeiderne hadde med sin arbeidsgiver i hjemlandet.

Denne kontrakten var langt frå gunstig for 22 bosniske arbeidarar som jobba for Statnett i Noreg. Både Statnett og entreprenørselskapet Valard reagerte kraftig på kontrakten.

Foto: Statnett

Vedlagt i eposten var ein kontrakt mellom bosniske tilsette og deira arbeidsgivar i Bosnia – selskapet Umel. Europadirektør John Carroll i Valard har sagt at kontrakten var ukjend for dei.

Kontraktane viste svært ugunstige forhold for dei bosniske arbeidarane.

Dei kunne mellom anna ikkje forlate arbeidsplassen i Noreg utan godkjenning får firmaet, dei måtte betale tilbake halve løna til ein konto i heimlandet i minst fem år, og den bosniske arbeidsgivaren kunne ta beslag i heimane til arbeidarane.

I tillegg var kontraktane så å seie umoglege å seie opp.

Tilbod om rettshjelp

– Det var vanskeleg for Statnett å leve med slike forhold i våre prosjekt, det var rett og slett umogleg. Derfor var det viktig med korte tidsfristar og å få retta opp i dette umiddelbart. Det har no skjedd, seier Vike Vardheim til NRK tysdag.

Konklusjonen for dei bosniske arbeidarane er at Valard vil betale tilbake all løn dei betalte til selskapet i Bosnia, samt tilby dei lange arbeidskontraktar.

– I korte trekk vil dei bosniske arbeidarane no vere fullt sikra, meiner Vike Vardheim.

Situasjonen blei spesielt prekær etter at Nedzad Asceric, direktør i det bosniske firmaet Umel, sa til den bosniske avisa Klix at dei 22 montørane ville miste jobben.

Valard har no lovd å hjelpe arbeidarane i Bosnia om naudsynt. I tillegg til at Valard hevar sin kontrakt med Umel, vil dei tilby arbeidarane rettshjelp for å løyse seg frå kontraktane.

De bosniske arbeiderne er i Norge for å bygge høyspentmaster for Statnett fra Vest-Agder til Rogaland. Det var Statnett som avdekket arbeidernes doble kontrakter og arbeidsvilkår etter et anonymt tips. Nå sier den bosniske arbeidsgiveren deres at de vil bli oppsagt.

Dei bosniske arbeidarane er i Noreg for å bygge høyspentmaster for Statnett frå Vest-Agder til Rogaland.

Valard: – Arbeidarane er fornøgde

Utfallet i saka har også gjort dei bosniske arbeidarane glade, ifølgje Carroll i Valard.

– Arbeidarane er fornøgde med utfallet. Prosjektleiaren har vore i møte med dei og fortel om positive tilbakemeldingar, seier Carroll til NRK.

John Carroll er direktør for entrepenøren Vallards virksomhet i Europa.

Europadirektør John Carroll i Valard meiner forholdet til Statnett er styrka.

Foto: Vallard AS

Europadirektøren i Valard seier dei foreløpig ikkje har vore i kontakt med det bosniske selskapet Umel i etterkant av møtet med Statnett.

– Vi er ikkje ferdig med å ta hand om det enno. Vi er i prosessen med å avslutte forholdet med Umel for brot på kontraktsforpliktingar.

Carroll seier til NRK at han er fornøgd etter møta med Statnett.

– Vi har eit sterkt forhold til Statnett. Det er ein solid kontrakt og eg trur denne saka har styrka forholdet vårt framover. Denne saka var noko som overraska oss, noko vi var uvitande om, og eg er glad for at saka fekk eit positivt utfall.

Sjølvgransking

Konserndirektør Vike Vardheim i Statnett er tydeleg på at Valard har handtert saka på ein god måte. Saka er likevel ikkje heilt sluttført.

– Vi kjem til å følgje opp på at Valard faktisk leverer, for alt er ikkje løyst i dag. I tillegg vil vi ha oppfølgingsrevisjonar på denne kontrakten, for den vil halde fram til 2019, seier Vike Vardheim.

Ho meiner rutinane til Statnett har fungert i saka, men at dei vil sjå om ting kan gjerast annleis i framtidige kontraktar.

Direktøren seier at Statnett i utgangspunktet stiller strenge krav løns- og arbeidsvilkår, og har eit strengt etisk regelverk i kontraktane sine.

– Men spesielt med bakgrunn i dette avviket, vil vi vurdere om det er mogleg å sikre seg endå betre enn det vi er i dag, spesielt når det kjem til arbeidarar selskap tilsett innleigd frå andre selskap igjen. Det er eit område vi ønskjer å sjå nærare på, i tett dialog med fagforeininga, avsluttar Vike Vardheim.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger