NRK Meny
Normal

Frp støttar utsending av asylborn

– At ankane mot utvisingsvedtak for to familiar med asylborna blei avvist, er ein siger for rettstryggleiken, seier innvandringspolitisk talsmann for Frp, Per Willy Amundsen.

Per-Willy Amundsen

RETT DOM: Per Willy Amundsen i Frp meiner dommen mot asylborna er ein siger for rettsstaten.

Foto: Scanpix

– Det er ein siger for rettsstaten og rettsstatsprinsippa, seier Amundsen om dommen som stadfesta at to asylborn og familiane deira ikkje får opphald i Noreg.

Stortingsrepresentanten for Frp var sterkt involvert då Stortinget i si tid behandla dette lovverket, og kallar dommen i går ein siger.

– Sjølv om politikarar spring rundt og uttaler seg i hytt og pine og meiner masse forskjellige ting om enkeltsaker, er det altså lova som skal ligge til grunn, og det er på bakgrunn av dette at høgsterett har tatt si avgjerd, held han fram.

Syns ikkje det var brutalt

Høgsterett avviste i går anken frå familiane til Verona Delic (10) og Mahdi Shabazi (9) på Rjukan.

Saka held fram under biletet

Verona Delic (9) og Mahdi Shabazi (8)

SENDT UT: Verona Delic (9) og Mahdi Shabazi (8) får ikkje opphaldsløyve i Noreg etter dommen i Høgsterett i går.

Foto: Anne Lognvik og Knut Skyllingstad / NRK

Dermed blir Mahdi sendt til Iran, der familien hevdar dei risikerer å bli forfylgt fordi dei er Kristne.

Samtidig må Verona, som allereie er sendt til Bosnia, bli der. Både Verona og veslesøstera Aurora er fødde på Rjukan.

Amundsen syns ikkje dommen var spesielt brutal.

– Nei det e den absolutt ikkje. Menneskelege omsyn er alltid teke vare på i kvar enkelt sak, seier han.

– Tek ikkje godt nok vare på borna

Guri Melby i Venstre meiner Amundsen har rett i at systemet fungerer riktig, men at det i seg sjølv ikkje garanterer for at menneskelege omsyn blir ivareteke.

Guri Melby

UEINIG: Guri Melby i Venstre er ueinig med Amundsen i at det norske rettsvesenet tek vare på menneskelege omsyn.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

–Eg og Per Willy Amundsen er ueinige i kva slags menneskerettslege omsyn Noreg er forplikta til å ta, seier ho, og meiner det norske lovverket er for dårleg.

– Vi må sjå på lovverket og praksisen for å sjå om vi tek godt nok vare på born sin rettstryggleik i dette landet her, seier Melby, og viser til at Noreg tidlegare har fått internasjonale reaksjonar på rettspraksisen med å sende ut asylborn.

Noreg tidlegare dømt i menneskerettsdomstolen

– Eg trur ikkje vi skal føle oss altfor trygg på at verken det norske lovverket eller rettspraksisen er god på dette området, seier ho.

– Det er berre nokre veker sidan vi fekk ein dom mot oss i den Europeiske menneskerettsdomstolen, og det bør vere ein viktig vekkar for oss som politikarar, held Melby fram.

Saka Melby viser til handlar om eit søskenpar frå Pakistan som kom til Noreg i 1989. Då var dei 3 og 4 år gamle og fekk opphald på humanitært grunnlag.

Abbas og Fozia Butt

VANN: Abbas og Fozia Butt vann i den Europeiske Menneskerettsdomstolen i Strasbourg

Foto: NRK

4. desember vann søskenparet Abbas og Fozia butt fram i menneskerettsdomstolen etter mange år i kyrkjeasyl.

Dommen fastslo at å sende ut Abbas og Fozia ville vere eit brot på menneskerettane.

Verona og Mahdi ankar

Også familiane til Verona og Mahdi som i går tapte i Høgsterett, ankar utvisingane til menneskerettsdomstolen.

Menneskerettsdomstolen tek ikkje opp alle sakene dei blir tilsendt.

Dersom ein stat blir dømt, slik som Noreg blei tidlegare denne månaden, er det tre månaders ankefrist.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger