Hopp til innhold

Frp varslar motstand mot rusreform

Frp gjekk med på ein rusreform som regjeringsparti, men varslar no at dei vil kjempe mot eit sentralt punkt. Partiet fryktar nemlig at ungdommar ikkje lenger skal få reaksjonar mot seg når dei blir tatt med narkotika.

Oregon tillater marihuana

Frp fryktar at regjeringa no er på ville vegar i rusdebatten. Dette bildet er frå Portland i USA der marihuana i små mengder har vore lovleg sidan 2015.

Foto: Josh Edelson / Afp

– Viss rusreformen endar med at ungdom skal gå heilt fri for straff når dei blir tatt med store mengdar tunge, narkotiske stoff, så er det openbart at Frp vil gjere alt vi kan for å forhindre det, seier stortingsrepresentant Åshild Bruun-Gundersen (Frp).

Det har vokse fram tverrpolitisk semje om at norsk ruspolitikk ikkje har fungert og at ein heretter bør gje rusavhengige helsehjelp framfor straff. Det meiner også Frp.

Forklaring av hvordan Regjeringen kan få flertall for saker i Stortinget når Frp går ut og de ikke lengre ha flertallet i Stortinget bak seg.

Forklaring av hvordan Regjeringen kan få flertall for saker i Stortinget når Frp går ut og de ikke lengre ha flertallet i Stortinget bak seg.

Då Venstre kom med i regjering gjekk Frp med på at regjeringa skulle gjennomføre ein rusreform.

Men.

Når ein skal gjere ei slik endring må ein også definere kva som ikkje skal vere straffbart. Og her fryktar Frp at regjeringa no er på ville vegar.

Venstres landsmøte på Jessheim 2018

Venstreleiar Trine Skei Grande og helsepolitikar Carl-Erik Grimstad vil gjennomføre forslaga frå rusreformutvalet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Store brukardosar

Like før jul leverte eit offentleg utval eit forslag til helseminister Bent Høie. Dei foreslår at personar som blir tatt med ei avgrensa mengde stoff ikkje skal få ein straffereaksjon frå politiet, men skal bli pålagt å møte til rådgjeving.

Utvalet har definert kor store slike straffrie brukardosar skal vere, og har til dømes foreslått 15 gram cannabis, 5 gram heroin, 5 gram kokain og 5 gram amfetamin.

Forslaget betyr også at politiet ikkje skal skilje mellom rusavhengige og andre.

Frp med åpen høring av tobakksindustrien

Frps helespolitiske talsperson Åshild Bruun-Gundersen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Frp meiner det er problematisk at førstegongsbrukarar som blir tekne med for eksempel fem gram amfetamin ikkje skal bli møtt med ein reaksjon frå politiet.

– Vi ser med bekymring på desse verdiane, seier Bruun-Gundersen.

Trass skepsis i partiet, har ikkje Frp snakka så mykje høgt om motstanden etter at forslaget vart lagt fram. Men no er partiet ute av regjering og har erklært at dei ikkje lenger skal vere bunde av det som står i Granavollen-plattformen.

– Det kan bli lagt opp til ein altfor naiv narkotikapolitikk.

Senterpartiet og KrF håpar på endring

I ruspolitikken er det politiske biletet uoversiktleg. Av dei tidlegare regjeringspartia er også KrF kritisk til delar av rusreformen. Men i motsetning til Frp er KrF fortsatt i regjering. Dermed vil dei støtte regjeringsplattformen der dei har akseptert at det skal kome ein reform.

På raudgrøn side på Stortinget er det venta støtte til reformen frå alle partia bortsett frå Senterpartiet. Kjersti Toppe i Sp håpar likevel at Frps utgang av regjering kan endre saka.

– Når Frp varslar at dei vil stemme for sin eigen politikk og ikkje nødvendigvis støtte det som kjem frå rusreformutvalet, så blir det opna opp for ei forhandling i Stortinget om denne saka.

Også regjeringspartiet KrF signaliserer no at dei vil jobbe for å endre dei sidene ved reformen som Frp kritiserer.

Helsepolitisk talsperson Geir Jørgen Bekkevold stadfestar til NRK at han ønskjer å diskutere storleiken på straffrie brukardoser med regjreingspartner Venstre.

Venstre: – Dei burde støtte dette

Sjølv om Venstres stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad ikkje er overraska over Frps haldning, mislikar han at Frp no varslar motstand mot forslaga som er grundig utgreia i rusreformutvalet.

– Sjølvsagt burde dei støtte dette. Det er det beste faglege grunnlaget for ein god ruspolitikk som vi nokon gong har hatt. Dette er den største sosialpolitiske reformen på mange tiår.

– Desse brukardosemengdene er ikkje satt tilfeldig, dei er satt etter ein grundig gjennomgang av praksis i andre land og etter samtalar med brukarmiljøa.

Grimstad seier han vil vente til å debattere og forhandle til etter høyringsrunden. Han signaliserer likevel at han er open for å drøfte innvendingane om at ungdom som blir tekne med straff ikkje skal få reaksjonar.

– Vi får sjå på det. Om det skal vere ein reaksjon på ein eller annan måte. Men det som er viktig for Venstre er at dette ikkje skal føre til straff som gir stigmatisering.

AKTUELT NÅ