Hopp til innhold

Foreldre og elevar renn ned legekontor: – Kjenner avmakt

FØRDE (NRK): Foreldre stiller seg undrande til at dei no må følgje elevar til legen for å få erklæring på at ungdomane er sjuke. – Byråkratisering av kvardagen, seier Rolf Sanne Gundersen.

Rolf Sanne Gundersen stussar over dei nye fråværsreglane.

EIN AV MANGE: Då Rolf Sanne Gundersen og dotter hans møtte opp på legekontoret i Førde for å få dokumentert influensa, hadde det allereie vore fire-fem andre ute i same ærend.

Foto: Eva Marie Felde

Dotter hans vakna opp med høg feber tysdag morgon. Reaksjonen hennar var ikkje den han hadde venta.

– Eg kan ikkje vere sjuk, vi har ein tiprosentregel om fråvær, var hennar første reaksjon, fortel Gundersen.

NRK fortalde tidlegare i dag at elevar strøymer til legekontora for å få dokumentert fråværet sitt slik at dei ikkje overstig grensa om 10 prosent ugyldig fråvær i dei ulike faga. For legane betyr dette ekstraarbeid, fokus på bagatellar og mindre tid til andre pasientar.

– Det verkar som dei ikkje heilt har tenkt ut kva som skjer, at mange kjem til å droppe ut av skulen fordi dei ikkje kjem til å få karakter i dei ulike faga, seier Stine Flo Muri.

Ho er ferdig med ein av to gymtimar denne veka, og er ho vekke meir enn to-tre gonger i faget denne hausten, står karakteren hennar i fare.

– Eg trur ikkje det kjem til å føre med seg noko bra, seier ho.

Ane Flo og Stine Flo Muri trur ikkje dei nye reglane vil føre til lågare fråvær i skulen.

KAN IKKJE VERE VEKKE: Ane Flo og Stine Flo Muri trur ikkje dei nye reglane vil føre til lågare fråvær i skulen.

Foto: NRK

– Handlar om tillit

Også yngste dotter til Gundersen har fått influensa i starten av skuleåret, men sidan ho går på ungdomsskulen er det nok å sende ei melding til skulen om sjukdom. På vidaregåande er det annleis.

– Ein føler litt avmakt. Eg sende ein e-post til skulen om at ho var sjuk, men det held ikkje. Det er litt pussig, seier Gundersen.

Mariann Kapstad, fastlege og medisinsk ansvarleg på Førde legesenter

STOR PÅGANG: Mariann Kapstad, som er fastlege og medisinsk ansvarleg på Førde legesenter blir nedringde av skuleelevar.

Foto: NRK

I Førde har legekontoret allereie merka stor pågang av foreldre som vil ha dokumentasjon på at ungane deira har feber og vondt i hovudet.

– Det gjeld heilt vanlege tilstandar som forkjøling og omgangssjuke, nok ein vanlegvis ikkje går til lege med, seier Mariann Kapstad, fastlege og medisinsk ansvarleg på Førde legesenter.

På legekontoret i kommunen stussar dei over endringane og konsekvensane av reglane.

– Vi må ha tillit til elevar og føresette. Det burde vere det same som for arbeidstakarar, med eigenmelding i alle fall i tre dagar, seier kommuneoverlege Øystein Furnes.

Kommuneoverlege i Førde, Øystein Furnes, ser mange ulemper med dei nye fråværsreglane.

FORMALIA: – Kjem du til legen og seier du har vondt i hovudet, så kan ikkje vi seie nei til det, då må vi gje ei erklæring, seier kommuneoverlege Øystein Furnes.

Foto: NRK

Han ser også andre utfordringar enn kapasitet på legekontoret.

– Det er uheldig å lære opp den oppveksande generasjonen til at dei skal gå til lege med småproblem.

Reglane står ved lag

Det er regjeringa som står bak lovendringa, og statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Magnus Thue sa til NRK tidlegare i dag at dei nye reglane skal sende eit klart signal.

– Med ei grense på ti prosent blir det teke høgde for at elevar med forkjøling eller kortvarig sjukefråvær kan vere vekke utan at sjukmelding er nødvendig, seier han.

På Facebook har Rolf Sanne Gundersen fortalt om sine erfaringar, og innlegget har skapt stort engasjement hjå fleire. Mange er samde med han, medan andre meiner regelendringa kan føre til lågare fråvær i skulen.

– Eg syns reglane er litt firkanta og vanskelege å ta omsyn til. Intensjonen er eg samd i, men det er ikkje sikkert dette er vegen å gå.