Hopp til innhold

FO: Tilfeldig om born med særskilde behov får god nok oppfølging

Leonard (9) brukar auga til å skrive. Det gjer nettbasert heimeskule utfordrande for han. Mange born med særskilde behov er i same situasjon. Fellesorganisasjonen etterlyser betre tilrettelegging for desse elevane.

Heimeskule for Leonard

HEIMESKULE: Slik ser heimeskulen ut for Leonard. Han har Dyskinetisk cerebral parese, og brukar blikket for å skrive bokstavar.

Foto: privat

Leonard på ni år har diagnosen dyskinetisk cerebral parese, og kan difor ikkje skrive på nettbrett, PC eller for hand. Han har ein augestyrt datamaskin, og brukar blikket til å velje ut bokstavar.

– Det seier seg sjølv at for oss er heimeskule veldig annleis, og at det digitale opplegget er svært ulikt den vanlege skulekvardagen. Vi treng meir tilrettelegging rundt det materialet som blir sendt på nett, og i tillegg treng barnet mitt ekstra hjelp for å ta til seg læringa, seier mor Lise Udklit.

Som for dei fleste andre, vart kvardagen deira brått snudd på hovudet då skulane stengde 13. mars grunna koronasituasjonen.

For born med funksjonshemming eller andre særskilde behov, kan det vere ekstra krevjande å følgje den nettbaserte heimeundervisinga.

– Vart spesialpedagog over natta

Udklit har den siste månaden sjonglert rollene som mor, lærar, assistent og spesialpedagog – utan å eigentleg ha føresetnader for å fylle anna enn morsrolla.

– Eg opplever at vi ikkje har fått noko spesiell oppfølging frå skulen. Vi har fått dei same oppgåvene som resten av klassa, men blitt bedne om å lage dei litt kortare enn dei andre. Elles har vi ikkje fått noko spesiell tilrettelegging. Eg har nesten måtta bli spesialpedagog over natta.

Lise fortel at det har vore ein tøff periode, men at familien har gjort så godt dei kan.

Tilfeldig oppfølging

– Når vi høyrer at det har gått ein månad og at tilrettelagt opplæring er basert på tilfeldigheiter, så må vi anta at opplæringslova blir broten, seier leiar i Fellesorganisasjonen Mimmi Kvisvik.

Mimmi Kvisvik, forbundsleiar FO

KJEM MED KRAV: Fellesorganisasjonen meiner kunnskapsministeren må på bana og sørgje for at born med funksjonshemming over heile landet får god tilrettelegging og oppfølging.

Foto: Fellesorganisasjonen

FO meiner at born med funksjonshemming eller andre særskilde behov ikkje har fått god nok oppfølging denne perioden, og at det er heilt tilfeldig kva slags tilbod dei har fått.

I tillegg til at nettbasert heimeundervising kan fungere dårleg, gjer smitterisiko at mange av desse borna ikkje bør vere på skulen.

– Vi meiner at kunnskapsministeren må setje seg ned med Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet og ta eit nasjonalt grep om dette. Vi krev at skuleeigar kartlegg omfanget, at skulane gjev individuell oppfølging, og at elevane får utvida rett til undervising, seier forbundsleiaren.

– Det er ganske krevjande å berre snakke om bekymring, men ikkje gjere noko med det. Om det ikkje blir gjort noko, kan vi få ei ganske alvorleg krise i krisa.

Får ikkje ekstra BPA

For Lise Udklit hadde ekstra BPA, brukarstyrt personleg assistent, vore ei løysing for å få kvardagen til å gå rundt, men dei har fått avslag frå bydelen. Grunngjevinga er at dei ikkje har krav på meir BPA trass i at skulen er korona-stengt, og kommunen viser til at skulen har undervisingsansvar.

Men på grunn av smitterisiko og den medisinske tilstand til sonen, har legen råda ho til å halde han heime. Dette har Udklit legeerklæring på, som òg er lagt ved søknaden om ekstra BPA.

– Vi føler oss som ein kasteball mellom bydelen som ikkje ville gje oss fleire timar og skulen som syntest det var vanskeleg å ta imot oss og som ikkje har noko spesielt opplegg for oss, fortvilar Udklit.

Heimeskule for Leonard

For Leonard (9) og Lise Udklit har fått avslag frå bydelen på søknaden om ein brukarstyrt personleg assistent.

Foto: privat

Bydelen i Oslo kommune skriv til NRK at det har vore mange endringar for mottakarar av tenesta i den uvanlege situasjonen vi står i, og at dei i samarbeid med skulane har forsøkt å finne tilpassa løysingar. Dei seier det er beklageleg dersom nokon opplever å ikkje bli høyrt og møtt godt nok, og viser til klagerett.

NRK har òg vore i kontakt med den aktuelle skulen. Dei skriv at dei forstår at føresette opplever situasjonen vanskeleg, og håper det kjem tydlegare retningslinjer for elevar i denne kategorien frå Kunnskapsdepartementet.

Lovar å løfte problemstillinga

Kunnskapsminister Guri Melby erkjenner at det har vore store variasjonar i tilbodet desse elevane har fått i perioden med heimeskule.

– Nokre skular og kommunar har klart å fange opp desse elevane veldig godt, medan andre ikkje har greidd det i same grad. Så eg forstår veldig godt frustrasjonen og bekymringa til denne mora.

Melby fortel at dei har gjennomført ei kartlegging, og at dei no har vedtatt nye, mellombelse forskrifter som presiserer det ansvaret skulane har for å gje denne gruppa eit tilbod.

Ho fortel at dei allereie har eit godt samarbeid med dei andre departementa.

– Eg lovar å løfte problemstillinga inn i det samarbeidet og sjå kva vi kan gjere saman nasjonalt, og også samarbeide godt med kommunane lokalt.

AKTUELT NÅ