Flyr har den siste tida hatt store økonomiske problem og har måtte henta inn ekstra pengar frå investorar.
Så seint som 10. november melde selskapet at dei hadde lukkast i å henta 250 millionar i ein såkalla kriseemisjon.
No går altså administrerande direktør Frislid av etter å ha vore i stillinga sidan selskapet starta flygingar i 2021.
– Tonje har gjort ein formidabel jobb i å bygge ein kultur som set kundane og dei tilsette først, i tillegg til å bygge ein godt likt og ein godt kjend merkevare, seier styreleiar i Flyr, Erik G. Braathen.
Erik G. Braathen er styreleiar i Flyr.
Foto: Cicilie S. Andersen / NRK– Stolt over det vi har skapt
Tonje Frislid omtalar perioden i Flyr som eit privilegium å ha vore ein del av, og at valet om å trekke seg har vore ei vanskeleg avgjerd.
– Eg er stolt over det vi har skapt saman og er overtydd om at Flyr vil kome seg gjennom denne vanskelege tida, seier den avtroppande direktøren.
Styreleiar Erik G. Braathen fortel at det i fasen Flyr no går inn i er avgjerande å styrke Flyr sin finansielle situasjon.
Fortset som finansdirektør
Den nye sjefen, Brede Huser, har vore finansdirektør i Flyr sidan selskapet sin oppstart i 2020. Han har tidlegare jobba i flyselskapet Norwegian.
Styreleiar Braathen har trua på Huser som ny sjef:
– Brede Huser har omfattande selskapsinnsikt og har den nødvendige handlingskrafta som vi treng no som vi går inn i den neste fasen, seier Braathen.
Brede Huser sjølv ser fram til å setje i gang i ny rolle, og legg samstundes ved lovord om forgjengaren.
– Det har vore inspirerande og givande å arbeide med Tonje, seier han.
Huser vil i tillegg til den nye rolla fortsette i rolla som finansdirektør.
Dette er teamet som i oktober 2020 blei presentert som dei som skulle leie flyselskapet Flyr. Den nye sjefen, Brede Huser, har vore med frå starten og står nest til høgre på bildet.
Foto: Nicolas Tourrenc