Forskarane ved Frisch-senteret har fylgt flyktningar i ein periode på 20 år. Her går det fram at 60 til 70 prosent av mennene og 40 til 50 prosent av kvinnene, kom relativt raskt ut i jobb. Så etter ein del år viser det seg at det er eit stort fråfall.
Over tid er eit fall på mellom 5 og 15 prosent i sysselsetjinga, og blant dei som har vore her lengst kan så mange som 40 prosent av dei som har hatt jobb, ha vorte mottakarar av ei form for uførestøtte.
– Vi kan på mange måtar snakke om ein integrasjonsprosess sett i revers, seier ein av forskarane bak rapporten, Knut Røed. Han har laga rapporten saman med Bernt Bratsberg og Oddbjørn Raaum.
Over på trygd
– Det handlar ein del av konjunkturar. Flyktningar er ofte dei siste som har vorte tilsette, og er dei første som må gå i dårlege tider. Mange kan ha fått seg jobb i bedrifter som går konkurs, og det er tydeleg at denne gruppa er sårbar når det gjeld svingingar i arbeidslivet, seier seniorforskar Knut Røed.
Det viser seg at svært mange av dei som forsvinn ut av arbeidslivet, hamnar som mottakarar av det forskarane kallar helserelaterte trygdeytingar. Det er rehabiliteringspengar, attføring, arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd.
– Vi ser at trygd aukar med rundt to prosentpoeng i året i denne gruppa. Over ein periode på 10 år er det 20 prosent, og hos dei vi har greidd å fylgje over 20 år, har 40 prosent av dei vorte trygdemottakarar, seier forskaren.
Norsk utdanning
Han meiner at ei sysselsetjing av flyktningar på 60 til 70 prosent dei første åra, er bra, og minst like bra som andre land. Utfordringa ligg i få dei til å bli i arbeidslivet.
– Det handlar mykje om kompetanse, og då er utdanning her i landet ofte viktigare enn den utdanninga dei måtte ha med seg frå heimlandet. Det viser seg at norsk utdanning for mange er viktigast, sjølv om det er ei lågare utdanning enn det dei har frå før, seier Knut Røed.
Innvandrarar med flyktningbakgrunn som har fått opphald etter asylsøknad, har auka med 44 prosent i 1992 til ein topp på 86 prosent i 2013. Om lag 60 prosent av flyktningane er menn, og gjennomsnittsalderen ved busetjing har lege på rundt 25 år.
Rekord i fjor
I perioden 1992 til 1999 var det flyktningar frå Irak, Iran og Somalia som var i fleirtal. Frå 2000 vart også Afghanistan eit viktig land. Utover 2000-talet heldt flyktningstraumen frå Somalia, Irak og Afghanistan fram, samstundes som det kom stadig fleire frå Eritrea og Myanmar (Burma).
Frå 2013 har også asylsøkjarar frå Syria vorte ei stadig viktigare gruppe.
I fjor søkte 31.145 personar asyl i Noreg, og det er det høgste talet nokon gong.