- For eit par-tre år framover må vi leve med det eg vil seie er ein vanskeleg situasjon på bemanningssida, seier Avinor-sjef Sverre Quale.
Avinor manglar opp mot 100 flygeleiarar, og korleis selskapet skal takle dette er blitt eit sentralt spørsmål i årets lønsforhandlingar.
I dag varsla flygeleiarforeninga formelt Riksmeklingsmannen om at dei tek ut medlemmar i streik viss meklinga med Avinor ikkje fører fram. Partane møter truleg til mekling den 9. og 10. juni.
Kan bli nytt flykaos
Flygeleiarane legg førebels ikkje opp til storstreik, likevel vil mange passasjerar truleg bli råka av ein eventuell konflikt.
- Det er vel ingen som legg opp til full stopp. Det vil bli driftsforstyrringar. Kor hen dei vil kome avheng av bemanningssituasjonen ved den enkelte eininga. Men det blir nok ikkje så lett å forholde seg til for det reisande publikum, seier Skrede.
I natt møttest partane til uformelle samtalar, men det førte ikkje fram. Etter det NRK kjenner til er det mest strid kring det å auke toppløna for flygeleiarane, som i dag ligg kring 650.000 kroner (med diverse tillegg, men utan overtid).
Flygeleiarane meiner at betre løn kan bidra til å lokke heim att flygeleiarar som jobbar i utlandet, og unngå at fleire flyttar ut.
- Rømmer ut av landet
- Vi må gjere fleire ting, seier Rolf Skrede i Norsk Flygeleiarforening.
- For det første må vi forsøke å få tilbake dei flygeleiarane som har rømt til utlandet, vi må stoppe alle dei som tel på knappane om dei skal dra til utlandet, og så må vi auke produksjonen hos våre eigne, seier Skrede.
Ifølgje flygeleiarforeninga har minst 46 flygeleiarar slutta dei siste to åra, kring halvparten av desse har drege til betre betalte jobbar i utlandet.
I tillegg er det minst 15 som tel på knappane, ifølgje Rolf Skrede. No prøver Avinor å få flygeleiarane til å jobbe mest mogeleg dei neste åra.
- Vi har jobba inn mot flygeleiarforeninga for å få til ei ordning, ein slags stabiliseringspakke, der vi prøver å oppmuntre flest mogeleg flygeleiarar til å jobbe mest mogeleg i ein periode på eit par-tre år framover, seier Avinor-sjef Sverre Quale.
Flygeleiarane har allereie jobba ekstra i ti år, gjennom den såkalla produktivitetsavtala. Den avtala går ut i vår.
Fryktar fleire forseinkingar
Avinor har allereie varsla forseinkingar i Nord-Noreg dei neste åra. Det same kan skje på Austlandet, innrømmer Avinor-sjefen.
- Vi har ein vanskeleg bemanningssituasjon ved eit par-tre stader i Noreg, særleg ved eit par av kontrollsentralane. Der vurderer vi tiltak som å regulere trafikken i periodar med mindre trafikk, slik at det skal få minst mogeleg konsekvens for passasjerane, seier Sverre Quale.
- Etter kvart som ferieavviklinga tek til og overtidskvotane blir brukt opp vil problema spreie seg, seier Rolf Skrede.
- Gardermoen tårn kan bli veldig sårbart i vinter. Der vi i dag har 39 flygeleiarar kan vi sitje att med 30. Røyken, Stavanger er einingar som er sårbare. Men mest i austlandsområdet der vi har dei største trafikale utfordringane, legg Skrede til.
Mangel på flygeleiarar
Flygeleiarforeninga trur det vil gå minst fem år før det er nok flygeleiarar på plass. I 2008 er mellom 8 og 10 nyutdanna flygeleiarar på plass, og i 2009 kjem det til nokre fleire.
Samferdsleministeren og fleire stortingspolitikarar har bede Avinor om å hente inn flygeleiarar frå utlandet. Men det kan bli eit problem at også resten av Europa slit med mangel på flygeleiarar.
- Ja, det er jo ein internasjonalt attraktivt marknad for flygeleiarar. Det er manko på flygeleiarar i heile Europa, i Emiratane og i andre verdsdelar. Dei som har lyst til å flytte på seg vil jo velje alle andre stader enn Noreg. Snarare er vi òg med på å lekke til dei attraktive stadane, seier Rolf Skrede.
Opne for samtalar
Avinor og flygeleiarane er samde om måla, men ikkje om midla. Men det treng ikkje å bli streik av den grunn.
- Vi håper på samtaler for om mogeleg å unngå ei konflikt, seier Avinor-sjef Sverre Quale.
Også flygeleiarane trur det er mogeleg å komme til ei løysing utan konflikt.
- Eg er optimist, seier Rolf Skrede.
- Men er det politisk mogeleg for leiinga å gå med på krava dykkar?
- Ja, det reknar eg med. Det tek berre litt tid å venne seg til tanken, ser det ut som, seier Skrede.
Meklinga skjer truleg den 9. og 10. juni.