NRK retter: I ein tidlegare versjon av saka sto det at Noreg har begynt å senda ukrainarar ut av landet. Det rette er at fleire ukrainarar har fått avslag på søknadane sine, men ingen har enno vorte send ut av landet med tvang.
– Me må komma tilbake til konkrete grep. Men det er ingen tvil om at det kan komma innstrammingar, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NRK.
Regjeringa varsla i vår innstrammingar for flyktningar frå landet, mellom anna fordi så mange har komme til Noreg sidan krigen starta i februar 2022.
– Me har over 80.000 ukrainarar i Noreg. Det er fleire enn det bur menneske i heile Finnmark. Me må ta grep som gjer at me klarer å gi vern til dei som treng det mest.
Allereie har fleire ukrainske flyktningar fått avslag på søknadane sine, stadfestar Mehl til NRK.
Ingen er førebels send ut med tvang.
Fleire får ikkje opphald
I mai vart det kjend at regjeringa innførte individuell handsaming av søknadar frå ukrainarar.
Det gjaldt mellom anna ukrainarar som ikkje var i heimlandet då krigen braut ut. Søknadane deira vart sett på pause i byrjinga, men i mars starta handsaminga opp igjen.
Då gjaldt ikkje lenger hovudregelen om kollektiv beskyttelse til alle ukrainarar, som vart innført då krigen starta.
Det betyr at dei som ikkje oppfyller krava om kollektiv beskyttelse, ikkje får opphald.
Det gjeld mellom anna dei som har dobbelt statsborgarskap eller hadde opphald i eit anna land før dei kom hit.
Men også dei som kjem frå ein region som UDI meiner er trygg, kan få avslag på søknadane sine.
I byrjinga av september utvida UDI lista over områda dei meiner er trygge:
- Lviv
- Volyn
- Zakarpatska
- Ivano Frankivsk (ny)
- Ternopil (ny)
- Rivne (ny)
4. september oppdaterte UDI lista over område dei meiner er trygge å dra til. Alle er vest i Ukraina.
– Situasjonen i Ukraina er jo veldig ustabil. Kan ein då eigentleg snakka om trygge område?
– Det er UDIs eiga vurdering, men eg meiner det er rett i den situasjonen me er i no. Ukraina har ein front i ein krig som er brutal og forferdeleg, men det er også deler av landet som ikkje har hyppige krigshandlingar, svarar Mehl.
Ukrainarar frå andre område har framleis rett på kollektiv beskyttelse. Men Mehl vil ikkje svara på om denne ordninga vert fornya etter nyttår.
– Me har sagt heile vegen at dette er eit mellombels vern for ukrainarar. Det held akkurat no fram fordi krigen går framleis føre seg.
Vil påverka andre grupper
Justisministeren seier at kommunane slit med å ta i mot og integrera alle som kjem, og at det er viktig å få talet på flyktningar ned.
– Mange kommunar føler at dei er på eit brestepunkt, og at strikken er tøygd for langt. Derfor vil regjeringa føra ein streng innvandringspolitikk, også for ukrainarar.
Men dei varslar òg grep for andre grupper.
Frå før av har regjeringa redusert talet på kvoteflyktningar frå 3000 til 1000. Det er også gjort innstrammingar på ytingar og familieinnvandring.
I tillegg har dei lovfesta eit forbod mot søskenbarnekteskap.
– Me må sjå ukrainarar og ikkje-vestlege innvandrarar i samanheng, og sjå på heilskapen. Eg meiner det kan vera behov for å gjera ytterlegare innstrammingar.
– Kan ikkje Noreg eingong ta i mot 1000 kvoteflyktningar?
– No er me på 1000 i 2024, det meiner eg er riktig. Så må me komma tilbake til korleis kvoten ser ut for budsjettet i 2025.
– Senterpartiet lek mange veljarar til Framstegspartiet. Er dette eit forsøk på å komma desse veljarane i møte?
– Me har gjort grep som gjer at me har ein mykje strengare innvandringspolitikk enn då Frp sat i regjering. Dei lét Venstre, som er veldig liberale, ha heime åleine-fest når det gjeld innvandringspolitikken. Så eg fryktar ikkje Frp så veldig, svarar Mehl.
– I beste fall veldig optimistisk
Norsk organisasjon for asylsøkarar (Noas) var skeptiske då regjeringa varsla innstrammingar i mai.
– Den som tør seia at dette er trygge område i Ukraina i mai 2024, det er i beste fall veldig optimistisk, sa generalsekretær Mads H. Almaas til NRK då.
Han peikte mellom anna på at dei trygge fylka ligg nær grensa til Belarus, at Russland har kapasitet til å nå mål i heile landet og at utfallet av krigen framleis er heilt uføreseieleg.
Almaas meiner framleis at det er for tidleg å senda ukrainarar tilbake til heimlandet.
Han beskriv situasjonen i landet som uavklart.
– Noreg er i så fall det einaste landet som har innført denne typen praksis, seier han til NRK.
Han seier Noregs innsats har vore imponerande, men erkjenner òg at det høge talet som har komme til Noreg byr på store utfordringar.
– Me får førespurnader frå kommunar og mottaksapparatet som ber om hjelp til det eine og det andre.