Hopp til innhold

Fleire unge i PSTs søkjelys: – Vi meiner at enkelte av disse er farlege

Kontraterrorsjefen i PST er bekymra. – Vi har sett ei utvikling der fleire og fleire unge kjem i PST sitt søkjelys i dei mest spissa sakene våre, seier Arne Christian Haugstøyl.

PST

FØLGJER MED: PST følgjer med på mykje av aktiviteten på internett. – Barn heilt nede i 13-årsalderen leiar mange av disse ekstreme grupperingane på nett, seier kontraterrorsjefen.

Foto: Cornelius Poppe

Førre veke blei ein 16-åring arrestert av Politiets tryggingsteneste (PST), sikta for å ha planlagt terror.

– Nei, vi er ikkje direkte overraska over det, seier Haugstøyl, som er leiar for seksjon for kontraterror i PST.

Tryggingstenesta har i fleire samanhengar den siste tida uttalt at barn ned i 13-14-årsalderen har kome i søkjelyset deira. Det kom mellom anna fram i TV 2-programmet «Bak fasaden».

Retten: Planen var å ta livet av «vantru»

I ei avgjerd frå Borgarting lagmannsrett i dag, kom det fram at den sikta 16-åringen skal ha vore i «ferd med å tilvirke giftblandinger, med terrorhensikt».

Planen skal ha vore å ta livet av «vantru».

Lagmannsretten behandla spørsmålet om guten kan haldast i varetekt, slik tingretten avgjorde fredag. Anken frå 16-åringen sin forsvarar blei forkasta av dei tre lagdommarane.

16-åringen nektar straffskuld. Han har ikkje ville stille i avhøyr med PST.

16-åring siktet for forberedelser til terrorhandling

FENGSLA: 16-åringen som er sikta av PST blei framstilt for varetektsfengsling i Oslo tingrett fredag. Anken til forsvararen blei forkasta av lagmannsretten i dag.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

PST: 13-åringar leiar ekstreme nett-grupper

Kontraterrorsjefen vil ikkje uttale seg om denne konkrete saka, men han seier at stadig fleire unge har kome på radaren til PST.

Arne Christian Haugstøyl - PST

Arne Christian Haugstøyl, kontraterrorsjef i PST.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

– Vi meiner at enkelte av disse er farlege, seier Haugstøyl.

Mykje av radikaliseringa skjer på internett.

– Barn heilt nede i 13-årsalderen leiar mange av disse ekstreme grupperingane på nett, seier Haugstøyl.

Måndag la PST fram si nasjonale trusselvurdering for 2021. Dei største truslane mot Noreg kjem framleis frå ekstreme islamistar og høgreekstreme.

Den islamske staten har retta eit større fokus mot unge:

Propaganda fra ISIL og al-Qaida rettes mot et stadig yngre publikum, på deres foretrukne digitale fora og i en form målrettet unge. Dette kan radikalisere personer fra yngre årskull i et større omfang enn vi har sett tidligere.

PSTs trusselvurdering

Meiner foreldre radikaliserer eigne barn

Tenåringane Haugstøyl snakkar om blir radikalisert både til høgreekstrem ideologi og til ekstrem islamisme.

Radikaliseringa av høgreekstreme skjer oftast på internett, ifølgje PST, medan islamistisk påverknad ofte skjer i familiar:

– Radikalisering via familie er ganske normalt, seier kontraterrorsjefen.

– Foreldre kan mellom anna vere radikaliserte, vere ekstreme islamistar, og dei kan vere med på å radikalisere eigne barn. Mange av disse kjem også frå område med krig og er traumatiserte når dei kjem hit, seier Haugstøyl.

PST meiner alle har eit ansvar for å varsle dersom ein oppdagar noko mistenkeleg. Tryggingstenesta oppsøkjer dei det er knytt bekymring til.

– PST vil i første omgang få dei på rett kjøl, jobbe med førebyggjande tiltak for å få dei ut av dette ekstreme tankegodset, seier Haugstøyl.

Tips oss:

Veit du noko om denne saka, eller har du andre tips? Send meg gjerne ein e-post. Alle tips blir behandla konfidensielt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger