Hopp til innhold

Fleire unge får uføretrygd

Den raudgrøne regjeringa har ikkje greidd å stoppe auken av unge på uføretrygd.

Ikke bruk

Talet på unge som får uførepensjon har auka under den raudgrøne regjeringa. Berre i fjor fekk Noreg 1200 nye uføre under 30 år.

Totalt får nær 11 000 unge under 30 år ei eller anna form for uførestønad.

Auken er eit problem for samfunnet fordi ein stor del unge uføre aldri kjem til å kome seg ut i jobb, seier FAFO-forskar Tone Fløtten.

- Det trur eg det er god grunn til å tru. Dei som har fått uførediagonsen i så ung alder har ein alvorleg sjukdom eller liding, og eg reknar med at mange av dei ikkje vert å sjå i arbeidslivet.

Ho ser også ein samanheng mellom uføretala og det at mange fell ut av vidaregåande skule.

- Har stått på pause

Uføretrygda Jannike Kvilvang droppa ut av vidaregåande i tenåra og fullførte skulen fyrst no, i ein alder av 28 år.

Vegen tilbake frå rusmisbruket endte med psykisk sjukdom. No vil ho ut av uføre.

- Folk seier at eg snyltar på samfunnet og at eg burde ta meg saman og kome meg ut i jobb og få meg eit liv, seier ho.

Eg har på ein måte stått på pause i mange år..

Jannike Kvilvang til NRK

- Dette er ei utfordring

Dag Terje Andersen

Dag Terje Andersen

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Uføretala uroar arbeids- og inkluderingsminister Dag Terne Andersen (Ap).

- Dette er sjølvsagt ei utfordring. Samfunnet er avhengige av at vi lukkast, seier han.

Andersen nemner at regjeringa har gjort det enklare å kombinere arbeid og trygd, og at dei har sett i verk eit eige kvalifiseringsprogram som skal føre langtidsmottakarar av sosialhjelp til arbeid eller utdanning.

- NAV-reformen skal bidra til eit betre tilbod, legg arbeids- og inkluderingsministeren til.

AKTUELT NÅ