Hopp til innhold

Fleire festar stoppa på grunn av smittevernbrot

Politiet har i helga stansa ei rekke festar, men har ikkje meldt nokon for brot på smittevernreglane.

Politiet avsluttet fester i natt

Det var mange meldingar på Twitter om festbråk natt til søndag.

Illustrasjon: Skjermdump NRK

Ingen av politidistrikta NRK har snakka med har bøtelagt nokon for brot på smittevernreglane.

– Det treng ikkje vere brot på smittevernlova at folk har fest. Viss naboen klagar på høg musikk så kan det vere husstandsmedlemmer eller nokon få besøkjande, så vi har ikkje sett grunn til å bøteleggje nokon på grunn av smittevernbrot, seier Borge Amdam i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

I Møre og Romsdal melde politiet om fleire festar der verten og gjestane fekk pålegg på om ta kvelden.

I Sarpsborg slo politiet til allereie i 23-tida laurdag kveld etter meldingar om feststøy på Bodalstranda ved Isesjøen.

Hadde ikkje tid til alle

Då politiet kom, løp rundt 100 ungdommar frå staden i alle retningar, melder Øst politidistrikt på Twitter klokka 4.46 søndag morgon.

Ifølgje politiet verka det heile som ein russefest. Svært mange ungdommar var overstadig rusa. Festen blei avslutta av politiet.

Oslo politidistrikt melder at dei i løpet av natta har hatt 48 klagar på festbråk, 45 av desse i Oslo kommune. Politiet hadde ikkje kapasitet til å undersøkje alle, men registrerte ikkje smittevernbrot på dei festane dei oppsøkte.

Også Vest politidistrikt melde om mange festar i Bergen og omland som blei avslutta med bistand frå politiet.

I Narvik i Nordland stoppa politiet ein fest etter at dei først fekk melding om bråk.

Fekk gode råd

Det viste seg at det var 13 personar til stades og ikkje mogleg å overhalde tilrådingar om smittevern, melder Nordland politidistrikt. Bebuarane fekk pålegg om å sende gjestane heim.

– Vi synest ikkje det har vore mykje. Det er eit stort distrikt med mange tettstader og mykje ungdom, seier Nordland politidistrikt til NRK.

I Tromsø måtte politiet avslutte ein fest i Tromsdalen av same grunn – for mykje støy og manglande avstand.

I Troms politidistrikt er fleire politimelde for uro og vald, men ikkje for smittevernbrot.

I Finnmark rykte politiet ut til fleire meldingar om festbråk i natt. I Alta fekk dei melding om at mange var samla på ein fest i bydelen Aronnes. Då patruljen kom, hadde likevel dei fleste forlate festen, og dei resterande fekk beskjed om å avslutte.

Moralpreike

På Elvebakken i Alta oppløyste politiet ein fest med rundt 10 personar til stades.

I Bjørnevatn ved Kirkenes måtte politiet avslutte ein fest med rundt 30 gjestar. Festdeltakarane fekk gode råd om smittevern med på kjøpet, skriv politiet på Twitter.

Politiet i Agder stoppa to festar i Mandal og Grimstad, men det er ikkje avklart om dette kom av manglande smittevern.

I Agder er talet på smittetilfelle stigande, og Grimstad er ein av kommunane som laurdag innførte nye hastetiltak.

I Innlandet rykte politiet ut i 2-tida til Rena i Åmot kommune etter meldingar om ein større fest med mange deltakarar i ein privatbustad.

Då politiet kom, viste det seg at det var 20 personar til stades på festen. Politiet skriv på Twitter at festdeltakarane «fekk ei moralpreike om smittevern og tilrådingar».

AKTUELT NÅ