Hopp til innhold

Finansministeren ser mørke skyer – SV meiner ho bløffar

Det norske folk må bu seg på tøffare tider og fleire reformer. Det varslar finansminister Siv Jensen, som meiner alle politiske parti no må skjøne at vi snart får dårlegare råd.

thLaDWmKqq0

MØRKE SKYER: Finansminister Siv Jensen ser mørke skyer på den økonomiske himmelen, og er uroa for ein aldrande befolkning og færre i arbeid.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

– Vi må tore å utfordre oss sjølve og diskutere reformer, seier finansminister Siv Jensen.

Ho inviterer dei andre politiske partia til ein politisk idedugnad for korleis vi skal klare å kutte dei offentlege utgiftene framover, i samband med at regjeringa har varsla at dei kjem til å leggje fram perspektivmeldinga allereie til våren, eitt år før planlagt tid.

– Vi har lenge snakka om at det kjem til å kome ei tid der vi blir færre som jobbar og fleire som er eldre. No er vi der, seier Jensen.

Perspektivmeldinga er ei stortingsmelding som kjem frå finansdepartementet kvart fjerde år, og der står det kva utfordringar vi må bu oss på, og kva regjeringa har tenkt å gjere for å møte desse utfordringane.

Etter fleire år med økonomisk vekst, meiner finansministeren no altså at Noreg står framføre eit vegskilje.

Verdsøkonomien er prega av spenningar som aukar, og uro rundt Brexit og handelskrig. Jensen meiner at det særleg er to utfordringar her heime for norsk økonomi:

Befolkninga vert eldre og etterspurnaden etter olje går ned.

Legg fram perspektivmelding eitt år før tida

Difor legg regjeringa fram perspektivmeldinga no, eitt år før planen.

– Det er mange parti som må ta innover seg at vi no kjem til å likne meir på andre land. Eg trur det er viktig at vi får ein debatt om utfordringane i norsk økonomi utanom eit val, seier finansministeren.

Ho trur svaret på utfordringane i norsk økonomi blir fleire reformer, men vil ikkje spesifisere nærare kva slags reformer det er tale om.

– Nokre politikarar har gjort reform til eit dårleg ord, men utan fleire reformer har vi ikkje råd til å halde oppe dei velferdsordningane vi har i Noreg, seier Jensen.

Erik Bruce, sjefsanalytiker i Nordea Markets

Å HØG TID: Erik Bruce, sjefstrateg i Nordea, meiner det er på høg tid dersom regjeringa tek innover seg at inntektene til staten kjem til å bli mindre.

Foto: Simon Solheim / NRK

Økonom meiner ein burde ha gjort dette før

Sjefstrateg i Nordea Erik Bruce tykkjer finansministeren har rett i sin diagnose av dei økonomiske utsiktene, og meiner at staten burde ha teke grep for å få ned dei offentlege utgiftene allereie.

– Ein burde ha tenkt meir på at eldrebølgja kjem til å ete opp meir og meir av dei offentlege utgiftene. Det blir mindre rom for andre tiltak i framtida, og det kan og bli mangel å arbeidskraft, seier Bruce.

Han trur at om politikarane ikkje klarer å omstille offentleg sektor, så kan det bety velferdskutt.

– Om regjeringa ikkje klarer å redusere dei offentlege utgiftene, så vil det kunne føre til velferdskutt og auke i skattane. Så blir det eit politisk spørsmål kva som skal vere balansen mellom skatteauke og storleiken på velferdsordningane. Uansett er det slik at det blir eit mykje tøffare enn val enn det norske politikarar er vande med, trur sjefstrategen.

Bilde av Audun Lysbakken, tatt på Landsstyremøtet i 2018. SV-logoen er i bakgrunnen.

SIV JENSEN HAR INGEN AUTORITET: Audun Lysbakken meiner at Siv Jensen ikkje har noko autoritet i dei spørsmåla ho no løftar fram.

Foto: Terje Pedersen / NPK

Lysbakken: – Siv Jensen har ingen autoritet

Audun Lysbakken og SV er derimot ikkje samde med verkelegheitsforståinga til Siv Jensen og regjeringa.

Lysbakken meiner at det er ein bløff at eldrebølga må bety kutt i offentleg velferd.

– Vi kan løyse dette gjennom å fordele betre. Vi må fordele frå dei som har mykje til dei som har lite, og frå vekst i privat forbruk til fellesskapet. Då har vi råd til å styrke fellesskapet i framtida, seier Lysbakken.

SV-leiaren meiner også at det er hyklersk av finansminister Siv Jensen å snakke om at vi må prioritere hardare.

– Siv Jensen har ingen autoritet når det gjeld å prioritere. Høgresida har brukt milliardar på skattekutt til dei rikaste, vi vil heller prioritere velferd til folk flest. Om vi fordelar meir rettferdig, har vi råd til meir velferd.

AKTUELT NÅ