Folkehelseinstituttet (FHI) stadfestar at det er oppdaga eitt til tilfelle av m-koppar i Oslo. No er det to menneske som er smitta i hovudstaden.
– Smittesporinga vil undersøkje eventuell samanheng med dei tilfella, seier Preben Aavitsland ved FHI til NRK.
FHI støttar kommunen i handteringa av utbrotet som er av typen ll. Det var den typen av viruset som forårsaka eit stort utbrot i særleg Europa og Nord-Amerika i 2022.
M-koppar, tidlegare kjend som apekoppar, er ein smittsam virussjukdom som høyrer til same familie som koppar.
Det rosa i bilete viser viruspartiklane frå m-koppar viruset, medan det gule viser ei celle som har blitt infisert av viruset. Bilete frå National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID).
Foto: NIAID / ReutersØnskjer å fjerne eigendelen for vaksine
Ifølgje Oslo kommune er ikkje tilfellet i Oslo same virustype som har vore i Den demokratiske republikken Kongo i 2023.
– Stadfesta tilfelle er av Type II, som er same type som har sirkulert etter eit verdsomspennande utbrot i 2022, seier Fredrik Rønning Iversen, smittevernoverlege i kommunen.
Rolf Martin Angeltvedt, dagleg leiar i Helseutvalget. er ikkje overraska over at m-koppar dukkar opp att.
– Det handlar om at det er høg førekomst av andre seksuelt overførbare infeksjonar blant menn som har sex med menn, særleg i Oslo.
Rolf Martin Angeltvedt, dagleg leiar i Helseutvalget, ei gruppe som arbeidar helsefremmande og sjukdomsførebyggande tiltak hjå menn som har sex med menn og kvinner som har sex med kvinner.
Foto: HelseutvalgetAngeltvedt ønskjer at myndigheitene skal fjerne eigendelen på om lag 300 kroner for å ta vaksine mot m-koppar.
Angeltvedt påpeiker at det er dei mest ressurssterke, med minst risikoåtferd, som vaksinerer, medan dei som har færre ressursar og som tek meir risiko, ikkje prioriterer det.
– Vi ønskjer at eigendelen skal fjernast på same måte som for HIV, gonoré og andre seksuelt overførbare infeksjonar.
WHO: Ein internasjonal folkehelsekrise
Leiaren av verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, har sagt at sjukdommen er på veg til å verte ein internasjonal folkehelsekrise.
Den siste tida har viruset vorte påvist i fleire europeiske land.
WHO-leiar Tedros Adhanom Ghebreyesus.
Foto: Christopher Black / ReutersTypiske symptom inkluderer feber, utslett, hovudverk, muskelsmerter og hovne lymfeknutar.
Smitte mellom menneske skjer ved nærkontakt, anten gjennom hud mot hudkontakt eller ved deling av forureina gjenstandar.
Ifølgje FHI har det vore 109 tilfelle av viruset i Noreg sida 2022.
– Alle dei 109 tilfella sidan 2022 i Noreg var direkte eller indirekte ein del av utbrotet blant menn som har sex med menn. Det førekjem framleis einskilde tilfelle i denne gruppa, til no i år fem tilfelle, seier Aavitsland.
Preben Aavitsland ved FHI.
Foto: Asbjørn Odd Berge / NRKDet vil seie at det hittil i år er påvist fem tilfelle av viruset hjå gruppa menn som har sex med menn.
Aavitsland som er fagdirektør for overvaking i FHI, legg til at denne i gruppa i tillegg til sexarbeidarar, helsepersonell som i sitt arbeid kjem i kontakt med viruset får eit tilbod om vaksinasjon mot viruset.
Vestre: Noreg er rusta mot-koppar
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) har tidlegare uttala at Noreg har god beredskap mot m-koppar.
– Noreg har ein svært god helseberedskap og ei helseteneste som er godt førebudd på behandling av mpox-smitte. Vi har òg god tilgang på vaksinar, sa Vestre i ei pressemelding.
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRKNokre dagar før Vestre si utsegn hadde Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) heva risikonivået for m-koppar frå låg til moderat, som ein del av deira førebuingar mot vidare spreiing i Europa.