– Vi set ytringsfridomen høgt, men vi aksepterer ikkje direkte drapstruslar, seier assisterande direktør i FHI, Gunn Peggy Knudsen.
Fleire gonger sidan Noreg stengde ned 12. mars i 2020, har leiinga ved FHI vore nøydde til å gå til politiet med truslar om vald og drap.
Nokon av dei som er motstandarar av koronatiltak og vaksinar, syner dette med å rette truslar mot dei tilsette.
– Det er nok først og fremst direkte kontakt, som gjerne er omfangsrik og over lang tid. Av og til går dette over i ein ganske direkte, truande tone som vi vel å melde til politiet, seier Knudsen.
Ho vil ikkje gå i detaljar om kor mange drapstruslar som har kome, men det er under fem. Talet på andre typar truslar er langt høgare.
Fryktar valdshendingar
Men det er ikkje berre leiinga ved FHI som er uroa over dette.
Det er også Politiets tryggingsteneste (PST).
NRK forklarar
Kva er PST?
Kva står PST for?
PST er ei direkte forkorting for "Politiets sikkerhetstjeneste".
Kva gjer PST?
PST si oppgåve er å førebygge og etterforske straffbare handlingar som kan påverke Noreg si sikkerheit.
Korleis jobbar PST?
PST benyttar fleire metodar i arbeidet sitt.
- Samlar inn informasjon om personar eller grupper.
- Lagar analysar og trusselvurderingar.
- Etterforskar basert på innsamla informasjon.
- Kjem med råd til styresmaktene.
I ein rapport som blir lagt fram fredag legg dei ikkje skjul på at dei er uroa over det blir fremja alvorlege truslar mot myndigheitspersonar.
Det knyter seg særleg til høgreekstreme og dei som har utvikla antistatlege overtydingar i Noreg.
PST meiner det er lite sannsynleg med eit terrorangrep frå personar med slike overtydingar, men dei ser ikkje vekk frå at det kan skje valdshendingar.
– Det vi ser i nokon tilfelle er at desse kreftene kan gå over til å bruke vald når dei skal markere sine standpunkt. Då går vi over i terrorsporet og då kan det vere saker for oss.
Det seier PST-sjef Hans Sverre Sjøvold til NRK.
PST-sjef Hans Sverre Sjøvold fryktar at høgreekstreme og vaksinemotstandarar kan ty til vald.
Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRKHøgreekstreme krefter
Han er uroa over at det dannar seg alliansar mellom vaksinemotstandarar og høgreekstreme, også i Noreg.
– Det vi ser er at dette er krefter som sameinar seg med høgreekstreme miljø, som også i mange samanhengar har liten tillit til staten.
Han peikar på at normalt sett har norske borgarar høg tillit til staten, og at det har dei framleis.
Men han utelukkar ikkje lenger at det kan skje valdshendingar retta mot dei som jobbar med å avgrense skadeverknadane av pandemien.
Sjøvold trur ikkje det er sannsynleg at det vil skje terrorhandlingar knytte til dette i 2022, men dei vil følgje med og utelukkar ikkje valdshandlingar.
Strenge tiltak
Gunn Peggy Knudsen i FHI seier at dei fleire gonger dagleg får e-postar og meldingar som er i gråsona.
Sjølv får ho dagleg meldingar som ho oppfattar som ubehagelege.
Men ho og FHI er opptatt av å setje ytringsfridomen høgt og er glad for at det foregår debattar om det dei og andre styresmakter jobbar med under pandemien.
– Det vi ønskjer å ta tak i er truslar og usanne påstandar og rein løgn, seier Knudsen.
FHI har vore nøydde til å skjerpe tryggleiken etter at dei blei ein sentral aktør i pandemihandteringa i Noreg.
Blant anna har dei streng adgangskontroll til kontorlokala sine.
– Dei truslane vi har fått retta mot enkeltmedarbeidarar, går på at «du skal få som fortent», det er drapstruslar og veldig mange ubehagelege ytringsord, seier Knudsen.
Ho syner oss ei av meldingane ho har fått, og denne er langt frå den verste:
– Veldig uheldig
– Regjeringa tar dette på alvor, og eg er glad for at det har vorte belyst gjennom dei trusselvurderingane som har vorte lagt fram no, seier justisminister Emilie Enger Mehl.
Justisminister Emilie Enger Mehl seier regjeringa vil følgje opp det som kjem fram i trusselvurderinga.
Foto: Terje Bendiksby / NTBMehl seier regjeringa er oppteken av å følgje opp det som kom fram i rapporten. Både truslar knytt til pandemien, og på generelt grunnlag.
– Kva tenkjer du som justisminister at folk som er tilsett for å beskytte nordmenn og jobbe mot pandemien blir utsett for denne typen truslar?
– Eg synest det er veldig uheldig, og ein negativ utvikling at dei må tole å bli utsett for truslar.