Hopp til innhold

Fekk inn 17 millionar kroner på 1,5 time

På 1,5 time gav det norske folk over 17 millionar kroner til jordskjelvoffera i Nepal, under støttekonserten «Dugnad for Nepal». – Heilt fantastisk, seier talsmann Øistein Mjærum.

Dugnad for Nepal-video. Laget av Vivian Paulsen, delegat for Røde Kors – choutara / foto: Arild Blomkvist.

I kveld sende NRK «Dugnad for Nepal», ein støttekonsert for jordskjelvoffera i Nepal. Då sendinga var over klokka 21.30, hadde det kome inn over 17 millionar kroner.

– Dette er heilt fantastisk, for eit sjenerøst folk som stiller opp nok ein gong for dei som treng det! Det seier talsmann Øistein Mjærum i Røde Kors.

Åtte millionar menneske er råka av jordskjelvkatastrofen, og akkurat no har to millionar menneske eit desperat behov for mat, vatn, husly og medisinsk hjelp.

Øistein Mjærum i Røde Kors

Øistein Mjærum i Røde Kors er overvelda over summen som det norske folk samla saman etter den Tv-sende konserten «Dugnad for Nepal».

Foto: Olav A. / Røde Kors

Hadde håpa på fem millionar

Pengane vert fordelt mellom organisasjonane Røde Kors, Redd Barna, CARE, Kirkens Nødhjelp, Caritas og Flyktninghjelpen. Og pengane kjem svært godt med, ifølgje Mjærum.

– Dette betyr at vi kan hjelpe enno fleire av dei borna og familiane som har mista alt. Vi kan behandle fleire pasientar, Kirkens Nødhjelp kan skaffe meir reint vatn, CARE kan hjelpe fleire kvinner og Caritas kan dele ut meir mat, fortel han entusiastisk.

På førehand hadde Mjærum håpa på fem millionar kroner. Resultatet er meir enn han hadde turt å tenke seg.

– Eg håper at det er fordi at folket ser at det nyttar å gi, og at pengane og hjelpa kjem fram, seier han.

Summen held fram med å stige

NRK snakka med Røde Kors like etter sending klokka 21.30. Ein halv time seinare ringer ein representant frå organisasjonen CARE, og fortel at summen har stige til over 18 millionar kroner.

Ein kan gi pengar fram til fredag 15.05 ved å ringe 820 44 001 eller sende ein SMS med kodeord DUGNAD til 2272. Då gir ein 200 kroner.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger