Hopp til innhold

Thale får ikkje attlevandepensjon etter at sambuaren døydde

Thale har ikkje rett på attlevandepensjon fordi ho og sambuaren aldri gifta seg. – Gammaldags og urettferdig, seier Arbeiderpartiet, som no vil endre regelverket.

Thale Sollien i sitt hjem på Frogner i Oslo

FELLES BORN: Sjølv om Thale og Kristen har to born saman, er dei ikkje likestilte med ektefellar hos Statens Pensjonskasse etter gjeldande reglar.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Thale og Kristen var kjærastar, sambuarar og foreldre. Ho er utdanna jurist, han var utdanna siviløkonom og jobba i kommunen. Dei var ikkje gifte, men hadde budd saman i over ti år. Saman med dei to borna sine levde dei eit vanleg familieliv i ei leilegheit i Oslo.

Så døydde Kristen brått. Fire var blitt til tre, og Thale vart plutseleg åleineforsørgar for deira to born på 6 og 8 år.

Får ikkje ektefellepensjon

Midt i sorga var det mykje som måtte ordnast. Økonomiske forhold måtte kartleggast, ettersom familien no må klare seg med ei mindre inntekt. Det meste gjekk greitt føre seg, og ho fekk raskt hjelp til å søkje om ytingane ho hadde rett på.

Så kom det eit brev frå Oslo Pensjonsforsikring som fekk Thale til å reagere. Der sto det at sambuarar ikkje har rett på ektefellepensjon, altså å få utbetalt pensjonen til den avdøde som arbeidde i offentleg sektor.

– Eg blei svært overraska. Eg tenkte at det kan jo ikkje vere tilfelle.

Thale Sollien med sine barn i deres leilighet i Oslo

EI INNTEKT MINDRE: Attlevandepensjonen utgjer nesten ein halv million kroner viss Thale lever til ho er over 80 år. Denne pensjonen hadde ho fått viss ho og Kristen hadde gifta seg.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Både ho og sambuaren var godt kjende med det juridiske regelverket. Likevel hadde dette gått dei begge hus forbi. Dei var sikre på at dei ville bli likebehandla som ektefellar etter at dei fekk born.

– Det står i pensjonsavtalen at sambuarar ikkje har krav på pensjon, men det såg me som ei heilt anna sak. Sambuarar med felles born er likestilt med ektefellar på alle andre område.

Det er nasjonale myndigheiter somlagar reglane for offentleg tenestepensjon.

Eit komplekst regelverk

– Reglane om pensjon er ein jungel å finne fram i, seier Ingunn Ikdahl, jussprofessor ved UiO.

Jussprofessoren har stor forståing for at folk synest det er vanskeleg å navigere seg gjennom pensjonsregelverket, ettersom det er eit komplekst system med ulike ordningar.

Gjennom folketrygdlova og i arvelova er ektefellar og sambuarar med felles born likestilt. Slik er det ikkje i tenestepensjonsordninga, som er den ordninga der ein sparar pensjon gjennom jobben. Her gjeld framleis kravet om formelt inngått ekteskap.

Ikdahl stussar over denne skilnaden i dei ulike offentlege ordningane.

– At sivilstatusen skal avgjere kva rettar ein har, også når det gjeld langvarige og forpliktande sambuarskap med felles born, er vanskeleg å grunngje, seier Ikdahl.

Ingun Ikdahl

FORELDA: Jussprofessor Ingunn Ikdahl meiner kravet om formelt inngått ekteskap verker forelda. Ho seier det er vanskeleg å grunngje kvifor det er skilnadar mellom kva rettar nokon har som sambuar med barn og som ektefelle.

Foto: Privat

Ho meiner kravet om formelt inngått ekteskap verkar forelda.

– Å la folketrygdelova si likebehandling også gjelde for tenestepensjon, vil ikkje berre sørge for økonomisk tryggleik i særleg sårbare situasjonar, men det vil og bringe ordningane nærmare folk si rettskjensle.

Arbeidarpartiet vil ha endring

– I dag er det ingen grunn til at ekteskap og sambuarskap skal vere omfatta av ulike reglar, verken når det gjeld pensjonsrettar eller andre rettar, seier Lise Christoffersen i Arbeiderpartiet.

Arbeiderpartiet har tidlegare fremja eit forslag om å likestille ekteskap med sambuarskap på alle område, men fekk ikkje nok støtte i Stortinget.

Christoffersen seier dei no vil ta opp igjen forslaget om full likestilling.

Lise Christoffersen

KREV LIKESTILLING: Lise Christoffersen frå Arbeiderpartiet seier det trengst ein generell gjennomgang av fleire lover, slik at sambuarskap er fullt ut likestilt med ekteskap og registrert partnarskap.

Foto: Anne Mone Nordahl

– Det viktigaste prinsippet for oss er å likestille alle sambuarformer, anten det er ekteskap eller sambuarskap. Det er særleg viktig når det gjeld barn, men det er og rettferdig overfor dei som ikkje har barn.

Vegard Einan (H), statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet, seier dei vil behandle dei forslaga som kjem.

Han vil ikkje kommentere denne konkrete saka, men seier seg einig i at regelverket for pensjon er for komplisert og at regjeringa vil sjå på forbetringar av regelverket.

– Dette er for å gjere folk kjende med kva som er deira rettar, og kva som er dei ulike fallgruvene. Det er veldig mange forhold ein bør vere kjende med, og så er det ein del ulikskapar som ein kan tape stort på viss ein ikkje veit om dei, seier Einan.

Viktig at folk er informert

Thale synest det er sårt at systemet ikkje anerkjenner at dei er ein familie på lik linje med dei som er gifte.

– Eg er mor til borna våre, men eg føler at vår familie ikkje blir anerkjent som ein ordentleg familie. Skal ikkje eg nyte godt av det han har tent opp til oss? Det er uforståeleg for meg.

Bilder av barna og tegninger de har laget, på peishylla hos Tha

MINDRE TRYGGLEIK: For Thale handlar det mest om prinsippet om at sambuarar og ektefelle ikkje er likestilt. Men det betyr også at familien får ein dårlegare økonomisk tryggleik i framtida.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

No ønskjer ho å informere andre om skilnadane i dei ulike ordningane.

– Eg er opptatt av at folk blir klar over dette her. Det handlar om å informere. Men eg ønskjer og at nokon skal gjere noko med det, for eg meiner det er på høg tid at dette regelverket blir endra.

AKTUELT NÅ