Familiane til fleire motstandsfolk vurderer søksmål mot Marte Michelet

John Christian Elden, advokaten til familiane, seier han håpar at forlaget Gyldendal vil «få nokre vaksne personar til å lese gjennom boka» og trekke den tilbake.

Marte Michelet

Marte Michelet, forfattar av boka «Hva visste hjemmefronten?», kan bli saksøkt dersom boka ikkje blir trekt.

Foto: BERIT ROALD / NTB

– Dei kan ikkje forstå at Gyldendal, som eit ansvarleg forlag, kan gi ut ei slik bok utan noko som helst form for kjeldekritikk, seier advokat John Christian Elden til NRK.

Boka «Hva visste hjemmefronten?» som kom i 2018 skapte stor debatt. Forfattar Marte Michelet ville utfordre den heroiske framstillinga av den norske heimefronten, motstandsrørsla under den andre verdskrigen.

Administrerande direktør i Gyldendal, Arne Magnus, fortel at dei som eit stort og seriøst forlag, og saman med forfattaren, har lagt ned eit omfattande arbeid med boka.

– Vi har først blitt orientert om denne saka gjennom NRK i dag. Vi må først sjå eit eventuelt søksmål frå disse familiane og deretter vurdere saka, seier han til NRK.

Ny storm rundt Michelet sitt bokprosjekt

Marte Michelet vann prisar og fekk gode bokmeldingar. «Årets viktigste bok», skreiv mellom anna Dagbladet. Men boka fekk også mykje kritikk og den skapte store kontroversar.

No – to år etter – stormar det på nytt rundt Michelet og hennar bokprosjekt.

I slutten av oktober lanserte Dreyers forlag eit motsvar til boka til Michelet. I ei bok på 305 sider tek historikarane Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen eit oppgjer med kjeldebruken og framstillinga i Michelet si bok.

Dette dreier seg ikke om enkeltfeil, men systematiske feil som gjør at flere av premissene for Marte Michelets fortelling ikke holder vann. Sentrale konklusjoner støttes i liten grad av kildematerialet.

Forfattar Elise B. Berggren til Morgenbladet

I ein kronikk i VG svarer Marte Michelet på kritikken. Ho skreiv at utgangspunktet for prosjektet til dei tre historikarane som «litt nærsynt»: At det handla om å finne feil.

Elden etterlyser vaksne

Elden seier dei vurderer å gå rettens veg dersom boka ikkje blir trekt tilbake, men han håpar og trur at det ikkje blir nødvendig:

– I første omgang reknar vi med at Gyldendal vil trekkje tilbake boka og få nokre vaksne personar til å lese gjennom den, og eventuelt komme tilbake med ei bok dei kan gå god for, seier Elden.

Dersom ikkje det skjer vil dei vurdere å gå til retten.

– Vi må sjå på moglegheitene for eit søksmål på vegner at fleire av familiane som er råka og som har blitt trekt ned i søla ved hjelp av denne boka og utan at det finst grunnlag for det i faktum, seier Elden.

– Kvifor er det viktig for dei?

– Det er svært viktig for dei når deira forfedrar, som er heltar, blir skjelt ut og hengt ut på måtar det ikkje er dekning for og ikkje kjeldemessig grunnlag for. Dei har behov for ein reaksjon. Om rettsvesenet er best, det er noko vi må vurdere, seier Elden.

LRMYYLqNVUo

Advokat John Christian Elden seier at familiane vil at boka skal bli trekt tilbake.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Korleis veit dokker at det som står i boka er feil?

– Vi har ikkje fasiten, men vi har derimot sett det materialet som er lagt fram av Marte Michelet og forlaget som på mange punkt er positivt feil. Det må dei rette opp i. Og dersom dei rettar opp i det står dei utan dei angrepa som boka baserer seg på.

Vil få faren sin reinvaska

Jon Elling Whist, som er son av politi- og motstandsmannen Alf T. Pettersen, seier han mista søvnen då faren blei hengt ut som profittdriven menneskesmuglar.

– Eg trudde nesten ikkje mine eigne auge då eg las boka. Eg blei sjokkert, sint og deprimert, etter kvart. Det har gått to år og eg har enno ikkje kome over det, seier Whist til NRK.

Jon Elling Whist

Jon Elling Whist ønskjer at faren blir reinvaska.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Kva er det du reagerer på?

– At det er ein fullstendig gal framstilling av min far.

– Kvifor vil du vere med på eit eventuelt søksmål?

– Fordi eg vil få min far reinvaska og dei andre. Det handlar om ettermæle, seier han.

På spørsmål om kva dei vil oppnå med eit søksmal, svarer Whist:

– Vi ønskjer å få trekt boka. Vi ønskjer at den skal fjernast frå biblioteka rundt om i landet og vi ønskjer at Gyldendal skal komme med ei unnskylding utan atterhald.

Forlaget til Michelet: Vil sjå søksmålet først

NRK har vore i kontakt med Marte Michelet og bede om intervju. Ho viser vidare til forlaget. Administrerande direktør i Gyldendal, Arne Magnus, svarer:

– Vi må sjølvsagt gjere ei ny vurdering dersom det er slik at disse familiane vil gå til søksmål mot forlag og forfattar, seier Magnus til NRK.

Han fortel at Gyldendal har hatt løpande dialog med fleire familiar og at feil dei har påpeika har blitt retta opp i siste opplag.

– Korleis stiller forlaget seg til eit eventuelt søksmål?

– Det får vi ta når søksmålet ligg der. Då får vi høve til å sjå konkret på søksmålet, svarer han.

Elden fortel at han skal ha eit møte med fleire familiar neste veke der dei skal diskutere kva dei skal gjere.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger