- Mange studentar får problem når den norske krona vert svekka. I løpet av hausten og vinteren har vi opplevd valutasvingningar på opp mot 50 prosent, seier leiaren for organisasjonen for utanlandsstudentar (ANSA) Anders Fjelland Bentsen.
Les også:
5.000 færre
For fem år sidan studerte omlag 5.000 fleire nordmenn utanlands enn no. Bentsen meiner det har med endra studiestøtte å gjere, og fryktar finans- og valutakrisa vil forverre situasjonen.
- Opp mot kvar tredje student droppar utanlandsstudiar fordi det vert for dyrt. Vi fryktar at svekka krone vil gjere at dette talet vert endå høgare.
Tapt 10.000
Ingeniørstudent Jan Eide, som studerer i Toulouse i Frankrike, innrømmer at valutasvingingane skaper fleire rynker i panna enn pensum.
- Veldig mange eg går med har allereie tapt ti tusen kroner på valutasvingingane. Dei kan lett tape ti tusen til, seier han.
Det norske studielånet blir mindre verdt og skulepengane blir dyrare når krona svekkjer seg. Det betyr at Jan og 65 andre nordmenn i Toulouse må spise og drikke billegare, eller få meir økonomisk hjelp frå mor og far.
- Uheldig utvikling
Bentsen meiner det er ei uheldig utvikling at færre unge studerer i utlandet.
- Me treng personar med grundig språk-, kultur- og samfunnsforståing i ei stadig meir globalisert verd, seier han.