Hopp til innhold

Erna om tiggeforbodet: - Har blitt ein parodi

Erna Solberg (H) erkjenner at ordlyden i forslaget til det nasjonale tiggeforbodet var skivebom. – Det har aldri vore aktuelt for meg å forby nestekjærleik, seier statsministeren.

Erna Solberg og Jonas Gahr Støre om tiggeforbudet som forsvant

Høgre måtte torsdag trekkja forslaget om eit nasjonalt tiggeforbod.

Torsdag blei det klart at regjeringa ikkje får gjennomslag på stortinget for eit nasjonalt tiggeforbod. Både Høgre og Frp er for eit slikt tiggeforbod i partiprogramma sine, men då Senterpartiet brått tok ei heilomvending og snudde ryggen til forslaget, var slaget tapt.

Forslaget kriminaliserer ikkje berre tigging. Det forbyr også personar å hjelpa tiggarar. Solberg erkjenner torsdag at ordlyden i forslaget kan oppfattast som inhumant.

– Det har aldri vore aktuelt for meg å fremja eit forslag for stortinget som skulle forby nestekjærleik, forby at folk ville hjelpa ut ifrå omtanke. Eg synest at dette har blitt ein parodi på det forslaget som gjekk på å slå ned på den organiserte kriminaliteten, svarar Solberg i Debatten på NRK1 torsdag kveld.

– Det er mogleg at orda i dette forslaget ikkje trefte. Difor har me høyringar, for å få korrektiv, legg Solberg til.

Kritiserer snuoperasjonen

Statsministeren og Høgre-leiaren vart overraska då Sp torsdag ombestemte seg og gjekk imot forslaget

– Ja, eg synest det er vanskeleg når du har eit fleirtal som ber om noko det eine året, og ikkje neste året i ei sak som er høgt diskutert, svarar Solberg på spørsmål om dette har blitt eit politisk sirkus.

Statsministeren tek likevel ikkje nederlaget så altfor tungt:

– Me har fått til det som ligg i Sundvolden-erklæringa, nemleg å gje kommunane rett til å bortvisa personar.

Lempar forslaget over på Sp

Mange har torsdag reagert på Høgre si formulering i ei kunngjering på Twitter: «Regjeringa trekk Senterpartiet sitt forslag om eit nasjonalt tiggeforbod».

Også Høgre har vore ein pådrivar for eit slikt forbod. Parlamentarisk leiar Trond Helleland sa i april i fjor til Aftenposten at Høgre primært ønskjer eit nasjonalt forbod, og at eit lokalt forbod berre er eit første skritt på vegen.

Både høgre og Frp har eit nasjonalt tiggeforbod i partiprogramma sine?

– Ja, bakgrunnen for det var den situasjonen me hadde fleire somrar på rad. Mange kom hit, me såg vanskelege sanitære forhold og problem på gata. Me meiner at svaret ikkje er at fattige menneske i Europa kjem til Noreg for å tigga. I samband med dette ser me også organisert kriminalitet, nokon tener pengar på tiggarane og utnyttar menneske i naud, seier Solberg i Debatten.

AKTUELT NÅ