Hopp til innhold

Enorm interesse for gratis julehus

– Vi hadde ikkje i vår villaste fantasi tenkt at det skulle bli ein slik enorm respons på annonsen om at vi ville låne ut huset vårt i jula, seier Eirik Lundblad i Lommedalen i Bærum.

Julehus i Lommedalen.

Dette er huset i Lommedalen som ekteparet Eirik Lundblad og Marianne Sleire vil låne ut i jula.

Foto: Privat

Eirik Lundblad (33) og kona Marianne Sleire (34) sette inn annonsen med den glade bodskapen på Finn klokka 16 i dag. Sidan har 60.000 vore inne og sett annonsen på Finn, og saka har vorte delt 2500 gonger på Facebook.

Sjølve skal dei til Vestlandet i jula, og dei fann ut at dei gjerne ville låne bort det nyoppussa huset til nokon som har behov for det i jula. Med kjøleskapet fullt av julemat og juletreet på plass.

Vi er så priviligerte at vi har et stort og flott hus i Lommedalen - og dette huset blir stående tomt i jula da vi skal feire jul på vestlandet i år.
Huset er nyoppusset nå i sommer og høst så her er alt på stell, og dette tenker vi at noen andre kan få glede av denne jula.

Enorm respons

Eirik Lundblad og Marianne Sleire.

Ekteparet Marianne Sleire og Eirik Lundblad vil gjerne låne bort huset sitt i jula.

Foto: Privat

– Og det strøymer inn meldingar heile tida. Hittil er det rundt 100 som har meldt si interesse for å låne huset, og så er det meldingar frå menneske som har tenkt det same som oss, og andre igjen som synest det vi har gjort er flott, sa Eirik Lundblad til NRK ved 20.30-tida i kveld.

Han vil ta kontakt med Røde Kors og Kirkens Bymisjon for å få råd om korleis dei skal handtere den enorme pågangen

– Når det er så mange interessentar, så blir det vanskeleg å velje. VI vil ikkje at det skal vere ein konkurranse, men berre ein hyggjeleg gest til nokon. Så vi veit ikkje heilt korleis vi skal gjere det, om det blir loddtrekning eller noko anna, seier han.

Dei veit at det er både nordmenn som sårt hadde trengt ein stad å vere i jula, men det gjeld også asylsøkjarar og flyktningar som er på mottak.

Sjå heile annonsen her

– Invitert nokon i jula

Ekteparet Lundblad/Sleire, som ventar sitt første barn i mars neste år, har begge erfaring frå internasjonalt naudhjelpsarbeid gjennom Legar utan grenser og Røde Kors. Lundblad er naudhjelpskoordinator, medan Sleire er psykolog og filmskapar.

Eirik Lundblad ser på responsen som eit teikn på at dei har treft noko hos folk med det dei har gjort, og at det er mange som kan tenkje seg å gjere noko liknande.

– Dei treng ikkje låne ut huset sitt, men kanskje dei kan fleire invitere nokon som har ikkje har nokon stad å bu heim til seg i jula. Eg trur det kan gi julefeiringa ein ny dimensjon, å flytte fokuset frå gåvekøyret til noko som er viktigare, seier han.

AKTUELT NÅ