Ellevill skinkereise: Tur retur Norge to gonger

BARCELONA/OSLO: Eksklusiv spekeskinke reiser frå Spania til Norge, tilbake til Spania og så til Norge igjen. Alt for å unngå toll. Alt er lovleg.

Dyr slaktes i Spania, fraktes til Norge for å få et stempel, sendes tilbake til Spania for å bli til skinke.

Dyr blir slakta i Spania, frakta til Norge for å få eit stempel. Så blir dei sende tilbake til Spania for å bli til skinke.

Nordmenn har lagt sin elsk på den spanske og italienske spekeskinka.

Dette er historia om den mest kreative tilpassinga til norske tollreglar NRK har funne i arbeidet med kvoteordninga "utenlands bearbeiding".

Skoren i tynne skiver har den blitt ein favoritt saman med melon eller med andre spanske spesialitetar på eit større tapasbord.

Men kor godt smakar det at den har vore på køyretur bak i ein trailer fram og tilbake til Norge, to gonger, før den kjem i butikkhylla di?

Dette er historia om den mest kreative tilpassing til norske tollreglar NRK har funne i arbeidet med kvoteordninga «utanlands tilarbeiding».

Laster innhold, vennligst vent..

«Norsk råvare»

Eit lite stempel er nøkkelen til å sleppe toll i første runde. Den heile skinka med bein får dette stempelet på si første trailerreise frå Spania til Norge.

Det er ein eigen regel i EØS-avtalen (artikkel 19) som opnar for den tollfrie importen av heil, spansk skinke med bein.

Ved å så vidt passere norskegrensa får skinka status som «norsk råvare» frå det norske tollvesenet. Og så er den er klar for ein ny trailertur nedover kontinentet.

Spansk Spekeskinke

SPANSK SPEKESKINKE: Slik kan skinka sjå ut når den kjem frå Norge for første gong. Her er den på veg inn i prosessen fram mot å bli ferdig spekeskinke.

Foto: NRK

Tilbake i Spania startar den opp til 18 månader lange prosessen frå å vere ei feit, rå skinke av svin til å bli ferdig speka serranoskinke.

Spekeskinka blir skoren i tynne skiver og pakka før den startar på reise nummer to til Norge.

Artikkelen held fram under bildet.

Produksjon av spansk skinke

SPANSK SPEKESKINKE: I Spania blir skinka salta, tørka og pakka før den blir sendt til Norge for andre gong.

Vil ikkje stå fram

NRK har vore i kontakt med ei rekkje aktørar i matvarebransjen som stadfestar at dette skjer. Ingen av aktørane la seg intervjue.

NRK har vore i kontakt med ei rekkje aktørar i matvarebransjen som stadfestar at dette skjer. Trass i at den kreative tilpassinga til regelverket er lovleg, vil ingen av aktørane la seg intervjue.

Men bransjeorganisasjonen Kjøtt- og Fjørfebransjens Fellesforbund er godt kjent med skinkereisene når NRK spør korleis ein pakke serranoskinke kjem seg til butikkhylla.

– Ja, de kjenner eg nok til. Skinka har nok vore henta i Spania, transportert til Norge, innafor grensa, og tilbake til Spania der den blir skoren opp og så tilbake igjen til Norge, seier administrerande direktør Bjørn-Ole Juul-Hansen.

Serranoskinka fraktes fra Spania til Norge, så tilbake til Spania før den endelig havner på matbordet i Norge.

SJÅ REISA: Serranoskinka fraktast frå Spania til Norge, så tilbake til Spania før nok ein tur til Norge.

Bondelaget kallar det misbruk

Nils Bjørke

MISBRUK: Bondelagets leiar, Nils T. Bjørke meiner importørane misbrukar ordninga.

Foto: vegard Grøtt / NTB scanpix

– Eg meiner dette er misbruk av ordninga, slår leiaren i Bondelaget fast.

– Men det er jo lov?

– Det er lov i dag, men eg meiner at det ikkje er i tråd med intensjonen for ordninga å gjere det slik. Eg synest ikkje det verkar særleg fornuftig, seier Nils T. Bjørke.

No krev han at staten ordnar opp.

– Styremaktene må endre reglane, seier han

Staten overraska over kreativiteten

Den omfattande reiseverksemda er heilt lovleg, men kreativ. Ved å kombinere EØS-reglane og den norske tollfrie kvoten «utanlands tilarbeiding», slepp den all toll.

– Vi har blitt overraska over den kreativiteten som blir brukt for å ta inn slik skinke til landet, seier administrerande direktør Jørn Rolfsen i Statens Landbruksforvaltning.

Statens Landbruksforvaltning (SLF) seier dei har visst om dette i «ein periode» og at det ikkje er slik reglane skal fungere.

Dei har ikkje fått gjort noko, men hevdar at dei forsøker.

– Vi har ikkje sete og sett på dette. Vi har levert inn konkrete forslag til landbruksdepartementet om at dette må ein prøve å endre på, seier Rolfsen.

SLF vil ikkje seie til NRK kva forslaget går ut på.

Professor i EU-rett, Fredrik Sejersted, meiner ei forhandling med EU kan bli vanskeleg.

Utan å vite kva endringar ein ser føre seg, seier han:

– Dersom det betyr ei auke i tollsatsen eller innføring i toll, er det lite sannsynleg at EU vil gå med på dette, fortel Sejersted.

Nordmenn elskar skinke

Frå å ete null utanlandsk skinke for nokre år sidan, har salet av Serrano, Parma og Pata Negra tatt av i Norge. Kvart år kjem det ifølge Kjøtt- og Fjørfebransjens Fellesforbund 450 tonn slik skinke til landet, men ikkje all denne skinka blir importert tollfritt.

Likevel er den tollfrie importen med på å halde den gjennomsnittlege prisen nede.

For å få til dette, er klimaprisen høg. Enkelte av skinkepakkane reiser 10 000 kilometer før du kan nyte den spanske eller italienske spesialiteten.

Klimafiendtlig matproduksjon
Foto: Tom Halsør NRK

SISTE NYTT

Siste meldinger