Hopp til innhold

«Statens vegvesen»-SMS sende Ole inn i svindel-kaos

– Eg har tenkt at dei nesten er dumme dei som trykker på slike lenker. No er det så proft, og det er dessverre lett å la seg narre, seier Ole Anker Hevrøy.

Ole Anker Heverøy

SVINDLA: På jobb i Nordsjøen som skipper, vart Ole Anker Hevrøy lurt til å oppgi sine innloggingsdetaljar til BankID.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Det er oktober 2022. Ute i Nordsjøen på jobb som skipper, tikka det inn ein SMS på telefonen til Ole Anker Hevrøy.

Heime på land hadde dottera hans nyleg selt ein bil gjennom Finn.no. Bilen stod i pappa Hevrøy sitt namn, så salet gjekk gjennom han. Salskontrakten vart signert med BankID av begge partar.

Men eit par dagar seinare kom ei melding i tråden frå Statens vegvesen.

– Eg synst å hugse at eg vart oppgitt. Eg hadde jo akkurat fått beskjed om at salsmeldinga var godkjent, men så var den plutseleg ikkje det? seier Hevrøy i dag.

I SMSen i meldingstråden frå Statens vegvesen stod det:

Svindel-skjermdump.

Ikkje lenge etter kom det ein til:

Svindel-skjermdump2

Hevrøy trykte på lenka, og kom inn på ei nettside som likna svært mykje på Statens vegvesen sine nettsider. Der vart han beden om å stadfeste salsmeldinga med BankID.

No var bilsalet i boks, og så tenkte han ikkje meir over det.

Men så starta BankIDen hans å tulle. Fleire gonger fekk han beskjed på mobilen om å stadfeste det eine og andre med BankID.

Politiet ringer

Ei veke før jula 2022 fekk han eit gjenpartsbrev i posten. Sparebanken Øst hadde gjort ei kredittvurdering av han.

Så ringte telefonen ein dag i romjula. Det var lensmannskontoret i Austevoll.

– «Du veit sikkert kvifor vi ringer?» sa dei. Nei, det aner eg verkeleg ikkje, svarte eg. Dei sa eg var mistenkt for svindel, seier Hevrøy.

Kva nøyaktig det handla om, fekk han ikkje vite før han møtte på lensmannskontoret på nyåret.

– Det var veldig ubehageleg å få ei slik oppringing midt i romjula, seier Hevrøy.

Hundrevis av nordmenn lurte

Hevrøy fekk vite at han var mistenkt for å ha svindla ein person på Austlandet gjennom kredittkort. Tankane gjekk til gjenpartsbrevet han fekk like før jula.

Samstundes rausa det inn fleire brev i postkassa. Årsmeldingar frå Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Øst og Lunar Bank.

– Då skjønte eg at dette jo er større enn eg nokon gong kunne ha fantasert om, seier Hevrøy.

Ole Anker Heverøy

BREV: Hevrøy fekk i januar 2023 fleire årsmeldingar frå ulike bankar – blant dei Sparebanken Sogn og Fjordane og Lunar Bank, utan at han hadde noko kjennskap til desse bankane.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

NRK har snakka med to andre frå ulike delar av landet som har like historie å fortelje.

Sms-ane alle fekk kom like etter at dei hadde selt bilar gjennom Finn.no.

Ved å gi seg ut for å vere Statens vegvesen skal avsendarane ha lurt til saman 423 nordmenn til å oppgi sine innloggingsdetaljar til BankID, ifølgje Økokrim.

Identiteten til fleire av dei 423 nordmennene skal ha blitt misbrukt for å opprette bankkontoar og telefonnummer. I meir enn eitt og eit halvt år skal personane som stod bak prøvd å overføre minst 10 millionar kroner til eigne kontoar, ifølge politiet.

No har Økokrim tiltalt to personar frå Romania, som dei meiner står bak bedrageriet.

Dei to vart utleverte til Noreg i haust, etter at over 40 politifolk aksjonerte mot dei i Romania.

Digitalt bedrageri og svindel på nett er eit stort og aukande problem, forklarer statsadvokat Anne Glede Allum i Økokrim.

– Det er viktig at vi tek nokre av disse sakene for å vise at politiet klarer å ta bakmennene, seier Allum.

– Det er tidkrevjande og mange ressursar må til. Men vi har klart det i denne saka, legg Allum til, og forklarer at dette er blant dei større sakene av dette slaget Økokrim har etterforska.

Ein av dei tiltalte erkjenner ikkje straffskuld etter tiltalen, opplyser forsvararen. Den andre har ikkje NRK lukkast å få kontakt med.

Økokrim svindel

STOR SAK: Økokrim har brukt mykje tid og ressursar på å etterforske denne saka, fortel statsadvokat Anne Glede Allum. Her viser ho fram kor dei lurte hamna, då dei trykte på lenken i SMSen.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Forferdeleg mykje styr

For Ole Hevrøy varte saka i eit halvt år. Han bytta BankID tre gonger for å kome unna styret.

Sist det byrja å lyse opp på mobilen var ein kveld i slutten av januar i fjor.

– Oi, her skjer det framleis noko, tenkte eg. Eg kunne ikkje sjå at noko skjedde den kvelden. Men neste morgon var det trekt to beløp på kontoen min på til saman kring 80 000 kroner, seier Hevrøy.

Svindel

Heldigvis klarte banken å stoppe beløpa på veg ut.

– Det har vore forferdeleg mykje styr og heile tida skaffe seg ny BankID, og ikkje kunne ha tilgang på korta sine, fortel Hevrøy.

Han har følt seg dum som i det heile tatt har hamna i ei gruppe som er blitt utsett for denne typen svindel. Men han er ikkje aleine.

– Dessverre gjorde eg det. Vi er eit sårbart samfunn i samband med alt det digitale i kvardagen, seier Hevrøy.

Ole Anker Heverøy

SÅRBARE: Hevrøy har åtvara mor si om å ikkje trykke på lenkar ho får i SMSar eller på e-post.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

No vil han åtvare andre.

– Eg har blant anna sagt til mor mi at ho må vere forsiktig og ikkje trykke på lenker, slik at ho ikkje blir ein av dei som må oppleve dette.

Endring klokka 15.25: Har skrive litt fleire detaljar om kva som skjedde då Hevrøy og dei andre trykte på «Statens vegvesen»-lenka.

AKTUELT NÅ