Hopp til innhold

Ein fjerdedel av dei som døde i trafikken i fjor var ruspåverka

I fjor vart over 10.000 personar meldt til politiet for køyring i ruspåverka tilstand. No ynskjer organisasjonen MA-Rusfri Trafikk å innføra eit alkolås-program.

UP, promillekontroll

Over 10.000 vart meldt til politiet for køyring i ruspåverka tilstand i 2020.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

I 2020 vart 93 personar drepne i trafikken ifølge tal frå Statens vegvesen. Så lågt har ikkje talet vore på over 70 år.

Av dei som døde var 26 prosent påverka av rus medan dei køyrde. Talet på kor mange som dør i trafikken er redusert, men rusulykkene held seg stabilt høgt, ifølge MA- Rusfri Trafikk.

– Me er verdas beste land på trafikktryggleik, men treng fleire målretta tiltak mot promillekøyring i tillegg til politikontrollar, seier Elisabeth Fjellvang Kristoffersen generalsekretær i MA-Rusfri Trafikk.

Vil hindre folk å sette seg bak rattet

Ho seier ho er bekymra for tala, og meiner at å innføra eit alkolås-program vil redusera dødsulukkene kraftig.

– Alkolås-program er innført i mange andre land med stor suksess, og det bør også Noreg gjera, seier Kristoffersen.

Generalsekretær i MA – Rusfri Trafikk, Elisabeth Fjellvang Kristoffersen.

Generalsekretær i MA-Rusfri Trafikk, Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, seier kontrollane UP gjer er kjempe viktig, men ikkje nok.

Foto: Pressefoto

MA-Rusfri Trafikk ynskjer at styresmaktene skal innføra eit alkolås-program der promilledømte får moglegheita til å installera alkolås i bilen og så følgje eit rusprogram som er tilrettelagt av styresmaktene.

– Med alkolås installert vil ein sikra at dei er edru om dei set seg bak rattet, for om ikkje så vil jo ikkje bilen starte, seier ho.

I tillegg trur ho det kan vera ein viktig del av rehabiliteringa for dei som blir dømt.

Samansett problem

– Ein løyser ikkje problemet berre ved å ta i bruk alkolås, seier Steven Hasseldal sjef i Utrykkingspolitiet.

Han meiner problemet er meir samansett.

44 prosent av dei som blir tatt for ruskøyring køyrer utan førarkort.

I tillegg er 95 prosent av dei som UP stoppa i fjor meldt til politiet for andre lovbrot dei siste fem åra.

Jon Steven Hasseldal, sjef for Utrykkingspolitiet

Sjef i UP, Steven Hasseldal, trur alkolås kan vera ein godt tiltak, men at det ikkje vil løyse problemet.

Foto: Politiet

– Mange av dei me stoppar i ruspåverka tilstand er risikovillige og vil ikkje la seg stoppa av ein alkolås, seier Hasseldal.

Inndraging av førarkortet er det absolutt mest preventive verkemiddelet ifølge Hasseldal. Han trur likevel ein alkolås kan ha positive effektar saman med andre tiltak.

– Me reknar køyring under påverknad av alkohol som det aller farlegaste, og difor kan ein slikt program ha nokon fordelar.

Han meiner likevel at ein må ha ei grundig behandling av eit slikt program før det vert innført.

Vil ikkje hindra andre typar rus

Eit av problema ifølge Hasseldal er at ein alkolås vil ikkje kunne hindra folk i å køyre om dei er påverka av medikament eller narkotika.

– Me trur ikkje det er fleire som køyrer i rusa tilstand enn tidlegare, men at vore instrument for å avdekke rus er blitt betre, seier Hasseldal.

Han trur difor at det er viktig at dei fortset å ha kontrollar der dei kan avdekke både alkohol, men også andre typar rus.

– Me må skape ein risiko for å bli tatt for at folk ikkje skal setta bak rattet, seier han.

AKTUELT NÅ