NRK Meny
Normal

Du må ut med 100.000 meir for nytt hus

Skal du byggja nytt hus må du rekna med å betala 100.000 kroner meir. Det er konsekvensane av klimaforliket på Stortinget. Boligprodusentenes Forening hevdar krava er urimelege og klimavinsten liten.

De nye energikravene i boliger vil koste husbyggerne 100 tusen kroner.
Boligprodusentene hevder kravene er urimelige og at det er de unge som blir rammet:

Byggjeleiar Kjell Tore Hansen i Block Watne forstår ikkje kvifor dei skal bruka endå meir tid og pengar på ytterlegare skjerping av standarden.

Byggjeleiar Kjell Tore Hansen i Block Watne er snart ferdig med oppføring av nye bustader på Romerike. Alt er i tråd med dagens omfattande normer. Han meiner standarden er svært høg, og forstår ikkje kvifor dei skal bruka endå meir tid og pengar på ytterlegare skjerping.

– Det er ikkje så mykje meir å henta, seier han.

Han får følgje av Per Jæger som leiar Boligprodusentenes Forening:

– Klimavinsten er liten av å byggje endå tjukkare veggar, seier han til NRK.

Følgjer opp klimaforliket

Men no blir krava strengare. Regjeringa følgjer opp klimaforliket i Stortinget med å foreslå nye energikrav i bygg. Det betyr tjukkare veggar, tettare hus, og følgjeleg dyrare bustader. Målet er meir klimavenlege bygg som sparer miljøet og natur for neste generasjonar.

– Bygg står for førti prosent av energibruken, og dette må vi redusera. Dei nye krava er oppfølging av klimaforliket, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner då forslaget blei sendt ut på høyring.

Liten tru på klimavinst

Men i høyringsnotatet står det også at elektrisitetsproduksjon i Norge er basert på vasskraft, og at energieffektivisering derfor i liten grad reduserer innanlandske utslepp.

Det er også ein av grunnane til at Boligprodusentenes Forening går hardt ut mot forslaget.

– Klimavinsten er liten av å byggje endå tjukkare veggar, seier direktør i Boligprodusentenes Forening, Per Jæger, til NRK.

– Viktigare å etterisolere

Han meiner det er langt viktigare ting å bruke pengar på for å oppnå klimavinst.

– Først bør vi etterisolere gamle hus og husvære. Dernest bør vi skifte ut gamle vindauge med nye. Dette vil gi langt større vinst enn å heva krava ytterlegare opp frå den høge standarden vi i dag har på nye bustader, seier han.

Forskingsleiar Hege Westskog ved Cicero, Senter for klimaforsing på Universitetet i Oslo, er samd i at det er mykje å hente i oppgradering.

– Vi bør rette inn ein del tiltak mot den eksisterande bygningsmassen, seier ho, men vil ikkje avvise dei nye krava:

– Det er viktig å spare energi i bygg, og det er viktig å sette nye standardar som byggebransjen kan strekke seg etter.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger