Hopp til innhold

Drapsikta nordmann ringde faren

Knut Moland i Vegårdshei fekk fredag kveld telefon frå den drapssikta sonen i Kongo.

Knut Moland
Foto: Nyhetsspiller / NRK

Den eine av de to nordmennene som er sikta for drap i Kongo, ringde i kveld heim til faren i Noreg for første gong etter arrestasjonen.

- Vanvittig press

Moland fekk dermed eit etterlengta livsteikn frå den 28 år
gamle sonen.

Etter oppringinga tok han kontakt med NRK for å fortelje at han hadde fått snakka med sonen.

- Det var sterkt. Dei fryktar for sine liv, og er under eit vanvittig stress
med varme og vanskelege forhold, fortel han til NRK.

Held fast på forklaringa

Moland seier at UD gjer det dei kan for å hjelpe, og gir ros for flott innsats.

Dei to nordmennene held fast på at dei ikkje har noko med drapet å gjere.

- Ja, det er klinkande klart, seier faren.

Les også: Frykter de allerede er dømt

Les også: UD ber Kongo flytte nordmennene

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger