Hopp til innhold

Døydde etter fest på Røkke-skip i isaudet

Kjell-Helge Rolness (50) fekk aldri legehjelp.

20221004 Kjell-Helge Rolness og La Manche

OMKOM: Trålbasen Kjell-Helge Rolness var i 2018 på veg heim etter krillfiske i Antarktis. Han mista livet på skipet «La Manche».

Etter å ha pådratt seg ein alvorleg hovudskade blei sjømannen lagt aleine på lugaren. Fleire i mannskapet hadde brote alkoholforbodet.

Kjell-Helge Rolness hadde vore tre månader på jobb i Antarktis. I det mest vêrharde området i verda hadde han og resten av mannskapet fanga krill for milliardselskapet Aker BioMarine AS.

Rolness vaks opp i Harstad og hadde seks born. Enka er kjend med at NRK omtalar saka. Ho ynskjer ikkje å uttale seg.

Dei siste åra budde Kjell-Helge med kona i Chile, og han gledde seg til å sjå att sin ti månader gamle baby der.

Men Kjell-Helge kom aldri heim. Dødsulukka kom som eit sjokk på familien. Dei sat att med spørsmål utan svar, etter det dei meiner er svak handtering av reiarlaget.

Kjell-Helge Rolness

Kjell-Helge Rolness levde eit liv til sjøs. – Sorga etter å ha mista han er hard og brutal, seier mor Gunn-Ellen Hunstad.

Foto: Privat

– I byrjinga fekk vi vite lite og framleis manglar vi svar. Kunne livet hans vore redda, spør mora Gunn-Ellen Hunstad.

NRK har undersøkt omstenda rundt dødsfallet.

  • Trass i totalforbod mot alkohol var det fest og drikking om bord på skipet. Både mannskap og offiserar braut alkoholforbodet.
  • Kjell-Helge blei funnen medvitslaus i botnen av ein leider med synlege skadar og lagt på lugaren. Kring eit halvt døgn seinare blei han funnen død med det som skulle vise seg å vere kraniebrot.
  • Leiinga på Røkke-skipet kunne når som helst ringe norsk alarmteneste for råd og rettleiing. Det blei ikkje gjort.

NRK har gått gjennom vitneutsegner og rapportane frå dei to obduksjonane som blei gjort. Forklaringane frå mannskapet om kva som skjedde spriker.

Milliardfiske i isaudet

I juni nærma det seg midtvinter i Antarktis. Tilsette fortel at stundom er det så kaldt at vassrøyra på fartøya sprekk. Rolness jobba som trålbas på krillfartøyet «Saga Sea» i dei tøffe arbeidstilhøva.

Natt til 7. juni 2018 blei han og mannskapet overført til skipet «La Manche», for å bli frakta til Uruguay og vidare heim til friperiode.

Klokka 13 neste dag blei trålbasen Kjell-Helge funnen død.

Begge skipa var eigd av Aker BioMarine, som er kontrollert av mangemilliardæren Kjell-Inge Røkke.

Kjell Inge Røkke

Hovudeigar i Aker ASA, Kjell Inge Røkke, sit sjølv i styret til Aker BioMarine.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX
Saga Sea og La Manche

Biletet er tatt frå «Saga Sea» (nærast), då «La Manche» hadde grunnstøytt utanfor forskingsbasen Artiga i Antarktis.

Foto: Privat

Familien hans fekk ikkje vite at Kjell-Helge blei liggande aleine med indre blødingar, eller at forklaringane frå mannskapet i etterkant sprika.

Gunn-Ellen Hunstad, mor til Kjell-Helge Rolness

Etter dødsfallet har det vore viktig for Gunn-Ellen Hunstad å få svar på kva som skjedde då sonen døydde.

Foto: Nadir Alam / NRK

Røkke ynskjer ikkje å svare på NRK sine spørsmål, og viser til leiinga i Aker BioMarine.

NRK har bede arbeidsgjevaren kommentere dødsfallet.

– I denne saka gjekk det gale. Vi fekk ei hending som ikkje skulle skje, og det er vi forferdeleg leie for. Vi forstår at dette har vore ei belastning for dei pårørande, seier konserndirektør Webjørn Barstad i Aker BioMarine.

Fornebuporten

Aker BioMarine har hovudkvarter på Fornebu i Bærum, saman med mellom anna Aker Solutions, Aker BP og konsernleiinga i Aker ASA.

Foto: Ints Kalnins / Reuters

Styresmaktene på Falklandsøyane har gjeve NRK innsyn i dokument som kastar lys over hendinga.

Festen på kapteinslugaren

Turen til Uruguay tar vanlegvis seks døgn. Etter lunsj på fraktefartøyet starta ei fuktig feiring.

– Vi hadde og har framleis eit totalforbod mot alkohol om bord på våre skip, seier konserndirektør Barstad i Aker BioMarine.

Inne på La Manche

Dette er kapteinslugaren på «La Manche». Mannskapet fortel at det blei festa og drukke alkohol i strid med reglane.

Foto: Privat

Heller ikkje offiserane på skipet heldt reglane.

Det var ikkje uvanleg å feste på veg til land, sa den norske kapteinen på fangstfartøyet «Saga Sea» i si vitneutsegn etter at Rolness døydde.

Krillkapteinen skulle til land saman med mannskapet.

Eg hadde fest på min lugar. Alle dei norsktalande og ein danske var der. Vi drakk whiskey, vodka og øl.

Norsk kaptein fra "Saga Sea" i si forklaring frå Falklandsøyane

Det var den russiske kapteinen på «La Manche» som no hadde det formelle ansvaret om bord. I fylgje vitne var det den norske kapteinen som inviterte til fest, noko han sjølv stadfestar i si forklaring.

– Vi sende nokon for å hente Rolness og takke han for turen, fortalde han vidare i utsegna.

I fylgje den same forklaringa gjekk kapteinen for å finne seg mat, og då han kom tilbake til kapteinslugaren rundt klokka 23 sov Rolness.

Les også Røkke-skip traff isfjell i Antarktis

Antarctic Sea, Aker Biomarine

– Eg vekte han, vi tok kvarandre i handa og han gjekk frå rommet, seier kapteinen i forklaringa.

Då NRK kontakta han i samband med denne saka var han på jobb i Antarktis. Kapteinen nekta då for det han sa i vitneutsegna.

– Eg hadde ingenting med Rolness å gjere. Eg forstår ikkje kor du har fått opplysningane om oss frå, nokon vil ha Røkke-namnet ned i søla, sa kapteinen til NRK.

Isfjell Antarktis med pingvinar

Farane er store og openberre i Antarktis, som dette isfjellet på driv i havet.

Festane på veg heim var mogleg gjennom tilgang til alkohol i eit rom på dekket under kapteinslugaren, fortel ein tidlegare offiser som uttalar seg til NRK.

Rommet var difor lett tilgjengeleg frå kapteinslugaren.

Stormar og uvêr i området kan gje ti meter høge bylgjer. Skipet «La Manche» var kjend for å slingre.

– Alkoholforbod har med mannskapet og skipet sin tryggleik å gjere. Det er heilt vanleg praksis i mange reiarlag, seier konserndirektør Barstad.

Kontakta ikkje legehjelp

I nattetimane blei Rolness funnen i botnen av ein leider. Den fyrste som såg han let han ligge, står det i utsegna til ein russisk offiser.

Vitna som seinare kjem til skildrar tilstanden hans ulikt, mellom anna kor blodige lepper han hadde og styrken på blåmerka kring auga. Det går fram av vitneutsegnene gjeve til styresmaktene på Falklandsøyane.

Obduksjonsrapporten skal seinare vise at skadane han fekk blei starten på eit kappløp mot tida.

– Det var litt etter midnatt. Kjell låg på golvet, og han snorka. Det var antydning til blåe ringar rundt auga. Munnen var blodig. Vi bar han til sengs. Han hadde litt spy rundt munnen.

Mannskapsmedlem fra «Saga Sea»

I ei av utsegnene står det at Rolness blei funnen medvitslaus. Han blei boren til lugar 206 og låg utan tilsyn.

På Haukeland universitetssjukehus i Bergen held Radio Medico til, ei legevaktteneste for norske og utanlandske skip verda over. Dei gjev medisinske råd til fartøy døgnet rundt.

– Vi er ei rådgjevande teneste, så fartøyet avgjer sjølve når dei vil ta kontakt, anten det er akutte tilfelle eller spørsmål ein ville tatt med fastlege, seier leiar Agnar Tveten.

I antarktisnatta var det ingen som tok kontakt med legeteneste på land.

Forklaringane sprika

På Falklandsøyane, ein britisk utpost i Sør-Atlanterhavet aust for Argentina, fekk legen Rebecca Edwards ein telefon. Oppgåva hennar blei å erklære Rolness død.

Dr Rebecca Edwards, King Edward Memorial Hospital, Falklandsøyene

Legen Rebecca Edwards ved King Edward VII Memorial Hospital på Falklandsøyane møtte mannskapet på «La Manche».

Foto: Falkland Islands Television

Når legen kom ut til skipet forklarte den norske kapteinen at han var med å bere Rolness i seng, går det fram av Edwards sin rapport.

Det var ei anna forklaring enn i hans eige vitneutsegn, der han seier dei tok avskjed på lugaren.

Aker BioMarine opplyser at skipet var om lag 600 nautiske mil (1111 km) frå Falklandsøyane natt til 7. juni 2018. Skipsplasseringa er basert på avstand frå land.

Mor til Kjell-Helge, Gunn-Ellen Hunstad, reagerer på dei ulike forklaringane. Ho fortel om ei tung tid etter tapet av sonen.

– Frå ei slik hending hugsar ein kva som skjedde, og treng ikkje ulike forklaringar, seier Gunn-Ellen.

King Edward VII Memorial Hospital, Port Stanley, Falklandsøyene

Kjell-Helge blei frakta til Stanley på Falklandsøyane for obduksjon.

Foto: Hektoen International

Eit mannskapsmedlem seier han i løpet av morgonen var innom lugaren til Rolness. Då pusta han, forklarte mannen i utsegna si.

Vitneutsegner Falklandsøyane

Etter dødsfallet sette «La Manche» kurs mot Falklandsøyane. Der blei det tatt vitneutsegner frå mannskapet.

Rett etter klokka 13 blei Rolness funnen død. Fyrst då blei den russiske kapteinen på frakteskipet informert om hendingane i natta.

NRK har ikkje lukkast i å få kontakt med denne kapteinen.

Skipsdagboka forsvann

Kva han har skrive om ulukka i skipsdagboka veit ikkje Aker BioMarine.

– Vi veit ikkje kor skipsdagboka er, seier konserndirektør Barstad.

Skipsdagbøkene er viktige for å kunne vareta skipsføraren sitt overordna ansvar for tryggleiken om bord, fortel havrettsforskaren Tore Henriksen ved Universitetet i Tromsø.

Lloyd's List Intelligence report

«La Manche» vart sjøsett i den ukrainske byen Nikolajev i 1983. I 2018 fann inspektørar feil på livbåtar, hjelpemotor og dører om bord, i fylgje Lloyd's List Intelligence.

Han meiner forsvinninga er uheldig.

– Det er unekteleg mistenksamt at eit dokument der dødsfall skulle vere registrert er vekke, seier Henriksen.

Barstad i Aker BioMarine seier til NRK at skipsdagboka var tilgjengeleg ei god tid etter ulukka. «La Manche» blei hogd opp i 2021.

– Burde ha oppsøkt legehjelp

Konserndirektøren seier mannskapet som fann Rolness i botnen av leideren ikkje oppfatta han som skada.

– Slik vi oppfatta den situasjonen så blei Rolness observert på dekk i ein tilstand som ikkje tilsa at han var skada. Dei hjelpte han tilbake til lugaren. Fyrst to månader seinare, då rapportane blei lagde fram, fekk vi kjennskap til at det dreidde seg om ein hovudskade, seier Barstad.

– Var det nokon om bord som hadde medisinsk kompetanse?

– Ja, alle våre offiserar har det pliktige kurset «advanced medical training» som blir rutinemessig fornya.

Webjørn Barstad, konserndirektør Aker BioMarine

Festen blant delar av mannskapet var i strid med Aker BioMarine sine reglar om bord på skip. – Vi har i etterkant fylgt opp saka med dei det gjeld, seier konserndirektør Webjørn Barstad.

Foto: Aker BioMarine

– Men er det ikkje nok å ligge medvitslaus i botnen av ei trapp?

– Rolness blei oppfatta som sovande, så det blei dessverre ikkje forstått at det dreidde seg om ein alvorleg skade, seier konserndirektøren.

NRK viser obduksjonsrapporten og legerapporten til rettsmedisinar Arne Stray-Pedersen ved Oslo universitetssykehus, og ber han gje fagleg vurdering av innhaldet. Han har ikkje vore involvert i saka.

– Det er funne underhudsblødingar, blåmerke om du vil, rundt auga og i bakhovudet. Så er det funne brotskadar i hovudet. Samlinga av blod i hovudet rundt hjernen er det obdusenten meiner er dødsårsaka, seier Stray-Pedersen.

Arne Stray-Pedersen, rettsmedisiner OUS

Under obduksjonen av Kjell-Helge Rolness blei det funne brotskade bak auga og blod rundt hjernen. Rettsmedisinar Arne Stray-Pedersen forklarar at blødinga er vurdert som dødsårsak.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

– Korleis vurderer du at han skal ha blitt lagt i seng utan tilsyn?

– Når nokon er medvitslaus må ein oppsøke legehjelp raskast mogleg. Kanskje er det avgrensa moglegheiter på eit skip, men dette er ein naudssituasjon. Det var ei svært uheldig avgjerd å ikkje oppsøke legehjelp, seier Stray-Pedersen.

– Kva har rask respons å seie i ein slik situasjon?

– Det har stor betydning. På eit tidspunkt blir blødinga i hovudet og rundt hjernen så omfattande at han døyr. Ved å kome raskt til legebehandling for å tømme blødinga kan han klare seg.

– Er skadane synlege?

– Ikkje nødvendigvis. Vitne skildrar misfarging rundt auga, som kan kome gradvis. Men skadane er omfattande. Det vil vere nokså openbert, trur eg, at han er prega. Det er noko gale. Med bløding i hovudet er det avgjerande å få korrekt behandling umiddelbart, seier Stray-Pedersen.

Også overlege Halvard Stave i luftambulanseavdelinga ved sjukehuset tilrår sjekk ved hovudtraume etter fall.

– Det er som regel ein god idé å ringe 113 eller legevaktsentral for å kunne ta vurderingar saman med kyndig personell. Det gjeld både arbeidsgjevarar og publikum elles, presiserer Stave.

Gav ansvaret til russarar

Aker BioMarine eigde skipet, men drifta av «La Manche» var overlaten til det russiske selskapet TechnoTeam Marine. Konserndirektør Barstad seier dei no ikkje får kontakt med selskapet.

Aliaga, Tyrkia - opphøgging av skip

I 2021 blei «La Manche» hogd opp ved dette anlegget i Aliaga i Tyrkia. Skipsdagboka med informasjon om ulukkesnatta er sporlaust vekke.

Foto: Google Earth

Røkke-selskapet hadde valt å registrere «La Manche» på stillehavsøya Vanuatu. Skatteparadiset med kring 300.000 innbyggarar er kjend for å tilby fordelsflagg.

Stillehavsøya si regulering av skipstrafikk er overlate til det privateigde selskapet Vanuatu Maritime Services Limited, med postadresse i New York.

Sjølv om meldinga om dødsfallet kom fram til norske styresmakter er hendinga i internasjonalt farvatn utanfor norsk politi sin jurisdiksjon. Det ansvaret ligg hjå flaggstaten.

– Blei dødsfallet rapportert til flaggstaten Vanuatu?

– Det ser ut til at skipet ikkje har sendt melding til flaggstaten etter denne hendinga, det er i tilfelle beklageleg, seier Barstad.

Spørsmåla utan svar

NRK viser obduksjonsrapporten til Per Rolness. Han reagerer på det han les om broren Kjell-Helge sin død.

Per Rolness

– Kanskje skipet var for langt frå land, men vi sit med følelsen av at det ikkje blei gjort noko for å redde han, seier broren Per Rolness

Foto: Håkon Brustad / NRK

– Det var ikkje dette vi blei fortalt. Kanskje for å skåne oss, men dette var tøff lesing, seier Per.

I sine yngre dagar var han sjølv med broren til sjøs.

– Det er heilt grufullt. Dei skulle reagert, fått starta hjelp og skaffa helikopter raskast mogleg, seier Per Rolness.

Kjell-Helge Rolness med hammerhai

Kjell-Helge jobba som fiskar i fleire tiår, frå Russland i nord til Antarktis i sør.

Foto: Privat

Gunn-Ellen mista sin fyrstefødde til sjøs. Kjell-Helge hadde tidlegare arbeidd på båt for utanlandske selskap, og ho blei trygga ved å vite at arbeidsgjevaren var norsk.

– Vi fann ut at han arbeidde for Røkke. Då tenkte vi at vi skulle få all informasjon og vite kva som hadde skjedd.

Aker BioMarine seier dei har tatt lærdom av hendinga.

– Vi har jobba vidare med reglane om bord, og forsterka både dei og informasjonsarbeidet. Sidan har vi bygd opp meir kompetanse innanfor tryggleik og helse, seier Barstad.

Gravstøtte Kjell-Helge Rolness, kirkegård i Harstad

Kjell-Helge Rolness er gravlagd på Nye Tofta gravlund i Harstad.

Foto: Line Tomter

To månader etter dødsfallet kom Kjell-Helges kiste til Harstad. At han endeleg kom heim gav likevel ikkje svar på alle spørsmål.

– Vi går og tenker på det heile tida, kunne han vore redda? Hadde vi visst kunne vi kanskje slappa meir av, seier Per.

Fire år etter tapet av sonen har mora enno ikkje funne ro.

– Eg kjem til å gnage på dette heile livet, seier Gunn-Ellen.

AKTUELT NÅ