Hopp til innhold

Dom oppheva mot norsk kvinne i Bolivia

Høgsterett i Bolivia har underkjent narkotikadommen på ti år i fengsel for norske Madelaine Rodriguez, ifølgje Dagbladet.

Madeleine Rodriguez i vitneboksen under rettssaken i Cochabamba, Bolivia

Madelaine Rodriguez i vitneboksen saman med tolk Hanne Baardseth (t.h) under rettssaka i Cochabamba der ho var sikta for å ha forsøkt å smugle 22,4 kilo kokain til Noreg.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Det er ukjent om det betyr nye rettsrundar, eller om ein tidlegare dom på 13 år i fengsel vert gjeldande, skriv avisa.

Hadde 22 kilo kokain i bagasjen

Rodriguez vart stoppa på flyplassen i Cochabamba i Bolivia i 2008 saman med to andre. Ifølgje styresmaktene hadde dei 22 kilo kokain i bagasjen.

Ho vart dømd til 13 år og 4 månader i fengsel i 2010, men dommen vart i ein ankesak redusert til ti år. Det er denne dommen som landets høgste domstol har underkjent.

– Usikker på kva avgjerda betyr

– Det kan sjå ut som om situasjonen er at lagmannsretten må avseie ein ny dom. Dersom det stemmer, er vi eit skritt tilbake. Det vi ønsker er ei endeleg avgjerd på kor lenge ho må sone, seier advokat Marius Dietrichson til avisa.

Marius Dietrichson

Advokat Marius Dietrichson er usikker på kva avgjerda frå høgsterett betyr.

Foto: NRK

Rømte frå Bolivia

Dei var tre norske kvinner på tur i Bolivia då dei vart arrestert med kokain i koffertane. Dei to andre som vart stansa på flyplassen saman med Rodriguez, er tilbake i Noreg.

Lillesands-kvinna rømte frå Bolivia før rettssaka mot dei starta. Ho vart skulda for smuglingsforsøk i Noreg, men Borgarting lagmannsrett frikjente ho i 2012. I 2011 rømte også Stina Brendemo Hagen til Noreg.

Madeleine Rodriguez sitter i fengsel i Bolivia dømt for forsøk på kokainsmugling.

NRK møtte Madelaine Rodriguez i fengselet i fjor.

Sakna norsk engasjement

Advokat Dietrichson har bede norske styresmakter om å engasjere seg meir for å få den bolivianske høgsteretten til å finne tid til å behandle dommen.

– Når det så klart er eit brot på dei internasjonale konvensjonane som gjeld, må det kunne ventast at Noreg rettar ein førespurnad og spør om kva som eigentleg går føre seg. Eg hadde forventa ei heilt annan involvering av norske styresmakter enn det vi har sett, sa Dietrichson til NRK i fjor.

Det var ikkje kommunikasjonssjef Frode Andersen i Utenriksdepartementet einig i.

– Dette er først og fremst ei vanskeleg sak der høgsterett i Bolivia enda ikkje har tatt opp hennar sak. Den er anka dit og vi må vente på ankebehandlinga. Eg stiller meg uforståande til at ein norsk advokat meiner at vi skal legge press på ein utanlandsk rettsinstans. Det trur eg ikkje han ville ha foreslått dersom det var i Noreg, sa Andersen i fjor.

AKTUELT NÅ