Hopp til innhold

Dom i historisk krigsforbrytarsak

Klokka 10 fall dommen i Noregs første krigsforbrytarrettssak.

Aktor Pål K. Lønseth i samtale med advokat Heidi Bache-Wiig.

Aktor Pål K. Lønseth i samtale med advokat Heidi Bache-Wiig under krigsforbrytarrettssaka i Oslo tingrett.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Nett-TV: Følg domsavsigelsen fra kl 10 her

Ein 42 år gammal bosniar, som er norsk statsborgar, er tiltalt for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeætta under Balkan-krigen i 1992.

Mannen risikerer fengsel i 10 år.

LES: Historisk krigsforbrytersak i Norge

Forsvarar Heidi Bache-Wiig er spent på korleis tingretten vurderer bevisa.

- Problemet i saka ligg i at det er 16 år sidan det skjedde, seier Bache-Wiig.

- Det eine vitnet seier noko, og det andre noko heilt anna. Det seier seg sjølv at det er restminne og fantasi som kjem ut, og ikkje kva som faktisk skjedde, legg ho til.

Tortur

Den 42 år gamle bosniaren er tiltalt for å ha teke til fange sivile serbarar og torturert eller mishandla dei, eller medverka til det.

Krigsbrotsverka skjedde i ein fangeleir sør i Bosnia sommaren 1992.

Etter krigen rømde 42-åringen til Noreg, søkte asyl og fekk etter kvar norsk statsborgarskap. Slik fekk Noreg si første rettssak av denne typen, og høve til å prøve ut heilt nye lover om krigsbrotsverk.

Aktoratet krev fengsel i 10 år for mannen, medan forsvaret vil ha full frifinning.

Truleg anke

Heidi Bache-Wiig seier dommen truleg kjem til å bli anka same kva som blir utfallet.

Ho meiner bruken av den nye krigsbrotsverklova er i strid med Grunnlova.

- Det faktum at ei straffelov er gitt tilbakeverkande kraft, det ligg vel i korta at same korleis dommer er, så vil det spørsmålet bli anka, seier ho.

Dommen fell klokka 10 i Oslo tingrett.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger