Hopp til innhold

Flyktningar frå Ukraina blei møtt av skit og muggsopp

Mugg, muselort, for lite mat, kaldt vatn og skit. Flyktningane frå Ukraina hevdar at forholda på Hvalsmoen mottak er alt anna enn bra.

Hvalsmoen

DYSTERT SYN: Muggsopp er alt anna enn bra. Slik såg det ut i taket i ei av bustadblokkene på Hvalsmoen då flyktningane kom.

– Situasjonen her blir verre og verre dag for dag, seier ei kvinne som var blant dei første som kom til den gamle militærleiren utanfor Hønefoss.

– No er alt ordna opp i, hevdar selskapet som driv mottaket.

På Hvalsmoen er det no rundt 200 flyktningar, dei fleste kvinner og barn. Mottaket har i alt plass til 350 personar.

Ho og andre bebuarar NRK har snakka med hevdar at dei lokalt tilsette i driftsselskapet Hero, forsøker å beklage seg over situasjonen.

– Kvar dag dei siste fem dagane har dei sagt at det vil bli betre i morgon, men no måtte vi spørje dei frivillige som er her om hjelp.

Bebuarane ønskjer å vere anonyme. Vi har fått lov å bruke bileta dei har delt i sosiale medium.

Delte bilete

Bebuarane på Hvalsmoen hevdar at det kvar dag sidan 1. april har vore for lite mat til alle i den gamle messa som no blir brukt som kantine for flyktningane.

– Folk som har stått i enden av køen har opplevd å ikkje få mat i det heile tatt. Dei tilsette seier då til oss at dei ikkje har vore førebudde på at det har kome så mykje folk, hevdar ei av kvinnene.

Først då det blei delt bilete i sosiale medium av forholda på Hvalsmoen, byrja ting å skje.

Sidan tysdag skal flyktningane ha fått frukt tilgjengeleg og dei skal ha blitt lova betre orden og reinhald.

I intervju med NRK ramsar dei opp det dei meiner er ei rekkje manglar ved mottaket på Ringerike:

  • Tilgangen på varmt vatn har vore dårleg, til tider ikkje eksisterande
  • Det har blitt observert mykje muggsopp fleire stadar i bygga
  • Det skal ha blitt funne muselort og generelt mykje skit
  • Det er mangel på barnesenger og sprinkelsenger til dei minste
  • Skitne fat, mangel på bestikk, plastkoppar som ikkje toler varmt vatn
  • Det skal ha vore mangel på bleier for småbarna
Regionsjef i Hero, Bente L. Dalåker.

Bente L. Dalåker er regionsjef i Hero. Onsdag var ho og såg på forholda på Hvalsmoen og hevdar at dei er slik dei skal vere.

Foto: Knut Are Tornås / NRK

– Det var bra stemning

Selskapet Hero, som driv mottaket på Hvalsmoen, hevdar at alt som blei klaga på og tatt bilete av no er i orden.

Det gjeld blant anna muggsoppen på veggane, reinhald og mat.

– Forholda på Hvalsmoen er under oppbygging med utfordringar som vi pleier å ha når vi startar opp, seier regionsjef i Hero, Bente L. Dalåker.

Ho peikar på at dei har mange nytilsette og 200 flyktningar som kom på to dagar. Ho var sjølv på Hvalsmoen på synfaring onsdag.

– Mitt inntrykk er at dei eg møtte var blide. Det var bra stemning, slik eg oppfatta det, seier Dalåker.

Ho hevdar også at det ikkje har vore mangel på mat, bleier eller andre ting flyktningane har klaga på.

– Det såg i alle fall ut som det var meir enn nok mat då eg var i spisesalen til lunsjen.

Hvalsmoen

Flyktningane ramsar opp fleire forhold som dei ønskjer at skal bli fiksa på mottaket.

– Akseptable forhold

Ho meiner at standarden no er slik den skal vere på eit asylmottak drive av Hero.

– Utifrå den standarden som UDI godtek, og dei tiltaka som huseigar har gjort, så er forholda akseptable.

NRK konfronterte torsdag Utlendingsdirektoratet (UDI) med påstandane frå flyktningane, og bileta som blant anna syner store utslag av muggsopp.

– Vi tenker at det er beklageleg dersom opplevinga er dårleg. Vi gjer ein ekstra gjennomgang av stad når vi får slike meldingar.

Det seier Borghild Fløtre. Ho er direktør for mottak og retur i UDI.

– Det som kan ha skjedd er at kommunen har godkjend dette for ei tid tilbake og at forholda har blitt dårlegare sidan den gongen.

Borghild Fløtre, direktør i UDI.

Borghild Fløtre er direktør i UDI og seier at dei no skal sjå på forholda på asylmottaket utanfor Hønefoss.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

Har fått kritikk før

– Kan selskapet miste kontrakten?

– Vi må i alle fall følge opp om dei leverer med omsyn til vanleg praksis, seier Fløtre.

UDI har lenge jobba utifrå at asyl- og flyktningmottak skal ha ein nøktern standard.

Men mottaket på Hvalsmoen har ved fleire høve blitt trekt fram som døme på korleis det ikkje skal vere.

Blant anna i VG si sak frå oktober 2015, der bilete syner daude froskar på golvet, golva var skitne og møblar øydelagde.

Hvalsmoen

Mottaksselskapet Hero har leigd inn underselskap til å drifte kantina for flyktningane. Slik såg det ut ein av dei første dagane etter at mottaket opna 1. april.

Ikkje fornøgd

Kommuneoverlege i Ringerike kommune, Karin Møller, er ikkje fornøgd med forholda på mottaket.

– Det skal ikkje vere mus eller mugg på soveromma, seier Møller.

Kommunen er i dialog med driftsoperatøren som har ansvar for å handtere situasjonen, forklarer kommuneoverlegen.

– Kommunen si rolle i dette er tilsynsverksemd etter folkehelseloven, seier ho.

Takkar Noreg

UDI vil ikkje love at standarden på alle mottaka vil vere like god over heile landet når den venta flyktningstraumen frå Ukraina tek seg opp framover.

– Vi vil nok oppleve framover at flyktningar vil oppleve at det er låg standard, seier Borghild Fløtre og ser på bileta vi syner ho frå Hvalsmoen.

– Vi må inn og vurdere om det er eit forsvarleg butilbod, slår ho fast.

Kvinnene, barna og mennene på Hvalsmoen sit att med sterke inntrykk frå sitt krigsråka heimland. Dei takkar Noreg for at vi tek imot dei.

– Vi takkar Noreg og dei frivillige. Men vi må få nok mat, og det må ikkje vere så skittent, det er veldig viktig. Vi må seie ifrå.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger