Hopp til innhold

Støre sin straumplan: Fastprisavtalar på 40 øre/kWh

Arbeidarpartiet presenterer sin nye straumpolitikk allereie på første dag etter skilsmissa frå Senterpartiet.

Pressekonferanse om strøm

Klokka 11 presenterte statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland nye straumtiltak.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland presenterte fredag følgjande straumgrep:

  • FASTPRIS: Fastprisavtalar på 40 øre/kWh, før meirverdiavgift, frå 1. oktober som folk kan inngå både heime, men også på hytta. Den vil gjelde i alle prisområda i Noreg.
  • MOMSKUTT: Reduksjon av meirverdiavgifta (momsen) på nettleiga frå 25 prosent til 15 prosent frå 1. juli, med plan om full avvikling i neste stortingsperiode.
  • UTANLANDSKABLAR: Statnett skal ikkje planlegge nye undersjøiske forbindelsar før 2029.
  • NEI TIL EU-REGLAR: Nei til elmarknadsdirektivet og dei fire resterande forordningane i fjerde energimarknadspakke (blant dei det som gir meir makt til energibyrået Acer)
  • NORDISK SAMARBEID: Regjeringa styrkar det nordiske samarbeidet for å sikre stabile og lave kraftprisar.

Når det kjem til fastprisen, vil den bli justert ein gong i året, og bli basert på spotprisar og prisar i framtida, ifølgje energiminister Aasland.

Det betyr at dersom prisutsiktene er høge, vil fastprisen også bli høgare.

Regjeringa vil også vidareføre dagens straumstøtteordning.

Pressekonferanse om strøm

Regjeringsduoen Terje Aasland og Jonas Gahr Støre.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Den fungerer slik at når spotprisen i enkelttimar er høgare enn 75 øre kilowattimen (ekskludert meirverdiavgift), dekker straumstøtta 90 prosent av prisen over dette nivået.

– Vi gir folk eit val mellom to ulike ordningar, og folk kan sjølv avgjere kva som er riktig ordning for dei. Det skal vere enkelt for hushaldningane å forhalde seg til, seier Støre.

Men valet er først mogleg å ta frå 1. oktober, som betyr at det er etter stortingsvalet, og det brått kan vere eit anna fleirtal på Stortinget.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 08 1,51 kr
Dyrest kl. 36 1,61 kr

Ingen nye utanlandskablar?

Måten regjeringa vil agere kring omdiskuterte utanlandskablar, er å be Statnett setje planar på vent til 2029.

Dei kablane som det har vore mest snakk om den siste tida, er dei to Danmarkskablane, Skagerak 1 og 2.

Desse to «går ut på dato» i 2026, og Statnett er i gang med å ugreie eventuelle fornyingar. Om dette melder regjeringa følgjande:

«Statnett sitt arbeid med å greie ut kva som skal skje med dei etter enda teknisk levetid held fram».

– Det har så langt ikkje kome søknader om fornying av desse, men skulle det kome må vi behandle dei på riktig måte, svarer Støre på spørsmål om desse, frå Reuters.

  • Åslaug Haga
    Beate Oma Dahle / NTB

    Åslaug Haga, leiar i Fornybar Noreg

    Det er forståeleg at regjeringa tar grep for å skape meir føreseielegheit for straumkundane. Forhåpentleg vil låge fastprisar skape meir ro i kraftdebatten framover. Vi vil likevel understreke at noregspris vil svekke motivasjonen for straumsparing i periodar med anstrengd kraftforsyning, for eksempel i år med lite nedbør til vasskrafta og kaldt vêr.

  • Bård Ludvig Thorheim, stortingsrepresentant (H), ser i kamera
    Lars Tore Endresen

    Bård Ludvig Thorheim, energipolitisk talsperson i Høgre

    Det er fleire av tiltaka her som vi støttar og synest er bra. Men vi saknar meir tiltak for å jamne ut prisforskjell mellom bedrifter. Dei fastprisavtalane som bedrifter har tilgang til i dag er veldig rigide og særleg på Sør-Vestlandet må det meir til. Så heng ikkje argumentasjonen frå statsministeren saman når EU-pakka er viktig å innføre, men han går berre vidare med ein liten del av det

  • Marius Holm Rennesund i Thema Consulting
    Hanna Hiim Sindre

    Marius Holm Rennesund, kraftanalytikar og partnar i Thema

    – Ein får mindre insentiv til å minske straumforbruket. Kor attraktiv avtalen er, avheng av kor i landet ein bur.

    – Ville du inngått henne?

    – Eg har ei hytte, der ville eg inngått henne. Eg er litt usikker på om eg vil ha det på huset. Eg må rekne på det.

  • Rotevatn
    ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

    Sveinung Rotevatn, Venstre

    Det er interessante initiativ som vi har ei positiv grunnhaldning til, men det er paradoksalt at statsministeren har prata så mykje om kor viktig samarbeid med Europa og EU er, samstundes som dei no vil kutte kablar til Danmark og samarbeide mindre om straum. Venstre vil samarbeid meir med nabolanda våre og EU om å få ned straumprisen, bygge fornybar energi og kutte klimagassutslepp.

  • Marit Arnstad:
    Aurora Ytreberg Meløe / NRK

    Marit Arnstad, Sp

    Arbeidarpartiet sin nye straumpolitikk tek ikkje tak i problem med marknaden godt nok, men berre symptoma. Det seier Sp sin gruppeleiar på Stortinget, Marit Arnstad:
    – Det er å pøse milliardar ut av statskassa for å reparere på eit system som vi meiner er grunnleggjande dysfunksjonelt.

  • Ordførar i Aure kommune, Hanne-Berit Brekken. Ho står i eitt av kommunens tilfluktsrom.
    MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG

    Hanne-Berit Brekken (Ap), ordførar i Aure kommune

    Eg har sjølv jobba med ulike tiltak i straumpolitikken gjennom vervet mitt i programkomiteen, og det er svært tilfredsstillande at vi kan lansere kraftpolitikk som sikrar låge og stabile straumprisar for hushalda. Nettleiga er også ei betent sak, så det å redusere den ein også viktig. Eg er også svært glad for at vi er tydelege på at det ikkje skal komme nokon nye utanlandskablar dei kommande åra.

  • . Arnar Kvernevik
    Andrine Gald Myklebust

    Arnar Kvernevik (Ap), ordførar i Gloppen kommune

    Dette er i sum gode tiltak som vil gje folk betre føreseielegheit og lågare kostnader. Det er viktig at gjennomføringa skjer raskt og på ein måte som sikrar reell effekt for både hushaldningar og næringsliv. Samtidig inneber forslaga at det er rom for å sikre varig låge straumprisar, styrke norsk kraftforsyning og skape ein kraftmarknad som jobbar til fordel for forbrukarane.

  • Ingrid Ovidie Rangøne
    Marius André Jenssen Stenberg

    Ingrid Ovidie Rangønes (Ap), ordførar i Averøy kommune

    Nå kan folk velje sjølv om dei vil ha fastpris eller straumstøtte, alt etter kva som gir best utteljing for kvar enkelt. Momskuttet håpar eg fortset, og at vi fort kan komme ned på null. At det ikkje er aktuelt å gå vidare med dei siste direktiva i EUs energimarknadspakke, seier seg sjølv. Desse varetar på ingen måte norske interesser.

  • Kjell Ingolf Ropstad, KrF
    Kristian Skårdalsmo

    Kjell Ingolf Ropstad (KrF), 2. nestleiar i Stortingets Energi- og miljøkomité

    Det har nå gått tre og eit halvt år med høge og svært varierande straumprisar, spesielt for Sør-Vestlandet. At regjeringa først nå kjem med eit slikt grep er jo smått absurd. Makan til innrømming av feilslått politikk skal ein leite lenge etter!

  • Ingrid Liland, nestleiar for MDG, står framfor fleire vaiande, lysegrøne MDG-flagg. Ho har på seg raud langermet kjole, laust, krøllete hår, og smiler til kameraet.
    Ole Berg-Rusten / NTB

    Ingrid Liland, nestleiar i Miljøpartiet Dei Grøne

    Det er heilt hårreisande at vi enda ikkje har fått ei storsatsing på energisparing som gjer at folk får lågare straumrekning. Staten burde bruke minst like mykje pengar på etterisolering, varmepumper og solceller på tak som vi bruker på straumstøtte.

  • Roald Aga Haug
    Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK

    Roald Aga Haug (Ap), ordførar i Ullensvang

    Det er betre enn eg hadde forventa. Ikkje minst i vårt prisområde er dette veldig bra og viktig. Eg jublar for dette initiativet.

  • Marius Arion Nilsen, Framstegspartiet
    Javad Parsa / NTB

    Marius Arion Nilsen, Frp

    Framstegspartiet er grunnleggjande positive til dei straum-tiltaka som regjeringa la fram i dag.

    – Men det er forunderleg å sjå at Arbeidarpartiet måtte sparke Senterpartiet ut av regjering før dei kom med tiltak. Vi har etterlyst dette i fleire år, seier Marius Arion Nilsen (Frp), som sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

  • Kirsti Bergstø
    Javad Parsa / NTB

    Kirsti Bergstø, SV-leiar

    Dette lovar godt for samarbeidet på raudgrøn side framover. Ved å nærme seg SV og Senterpartiet i kraftpolitikken, viser Arbeidarpartiet at det er på raudgrøn side moglegheitene ein tryggare kvardag for folk ligg. På høgresida er det jo total splitting mellom dei store partia i kraftpolitikken.

  • Trond Hagen, styreleiar i Hytteforbundet
    NRK

    Trond Hagen, styreleiar i Hytteforbundet

    Valflesk, kallar eg dette. Men det er gode nyheiter for hyttefolket, det er det ikkje tvil om. Sånn som det ser ut, i alle fall. Eg kan ikkje seie korleis det blir effektivt. Men ut frå det eg kan sjå, er dette positivt, at vi også kan få ein fastprisavtale. Og eg vil tru at ganske mange hytteeigarar vil slå til på det.

  • Marhaug
    Ole Berg-Rusten / NTB

    Sofie Marhaug, nestleiar og energipolitisk talsperson i Raudt

    Det er ein fadese at regjeringa har venta så lenge med å lanser nye tiltak for lågare og meir stabile straumprisar. Det er bra med fastprisavtalar for hus og hytter, ein gong etter valet, men ordninga går ikkje langt nok. Når noko verkar for godt til å vere sant, så er det som regel ikkje sant.

  • Are Tomasgard
    Ole Berg-Rusten / NTB

    Are Tomasgard, LO-sekretær

    Fastpris på straum og redusert moms på nettleige gjør at dette er ein treffsikker pakke, som vil sørge for at folk kan få føreseielegheit for straumutgiftene sine. Vi er glade for at regjeringa nå seier nei til å planlegge nye undersjøiske kablar. Så har vi forventningar om at man ikkje berre lar vere å bygge nye kablar, men heller ikkje fornyar de kablane til Danmark kor konsesjonen utløpar nå.

  • Kjell Bøe Bjørgum
    Ingeborg Grindheim Slinde

    Kjell Bjørgum (Ap), ordførar i Aurland kommune

    Dette var ein kraftpakke frå Ap! Veldig bra at dei også gjer noko med nettleiga. Fastpris til innbyggjarane er noko me i Aurland har tilbode lenge.

  • Sjeføkonom i Eika Jan Ludvig Andreassen
    Torbjørn Brovold / NRK

    Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika

    Fastprisavtale på straum er eit stort steg i rett retning. Inflasjonen blir meir stabil. Eg trur folk blir meir avslappa til kraftkablar, om dei veit at det ikkje påverkar deira pris. Det vil hjelpe oss alle med å senke skuldrene. Livet blir litt enklare. Eg trur dette er veldig klok politikk,

  • Karoline Andaur
    Gunnar Bratthammer / NRK

    Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet.

    Støres fastprisavtale legg opp til at norske forbrukarar vil sette verdsrekord i straumsløsing. Utan insentiv til smart straumforbruk, som lading av elbil på natta, må Noreg bygge ut meir kapasitet enn nødvendig.

  • Leif Jarle Espedal
    NRK

    Leif Jarle Espedal (Ap), ordførar i Fjaler kommune

    Positivt med fastpris og momskutt. Det vil bidra til at husholdningarfår ein meir føreseieleg pris som vil vere lik uavhengig av kor i landet ein held til. At ein og seier at sjølvråderetten ikkje skal svekkast er bra.

  • Tina Bru
    Yann Valerievich Belov / NRK

    Tina Bru, nestleiar i Høgre

    Det er lite hjelp å spore her for næringslivet, som trass alt er mest utsett for svingingane i prisane sidan dei ikkje får straumstøtte. Pakken til regjeringa manglar ei handsrekking for å jamne ut den ulempa det er å vere bedrift på Sør-Vestlandet.

Nei til EU-reglar

Regjeringsduoen Støre og Aasland gjer det på ny klart at dei ikkje vil seie ja til den resterande delen av fjerde energimarknadspakken til EU.

Det betyr at dei seier nei no, men også i neste stortingsperiode, til elmarknadsdirektivet og dei fire resterande forordningane i pakken (blant dei det som gir meir makt til energibyrået Acer).

Men det betyr ikkje at dei vil bruke den aldri utprøvde reservasjonsretten i EØS-avtalen, har NRK fått avklart.

– I denne situasjonen er det ikkje i norsk interesse å behandle desse direktiva. Det er sakleg godt grunngitt og eg forventar at det er noko EU-sida forstår. Det utfordrar ikkje sjølv EØS-avtalen si truverd, seier Aasland.

Store kostnader – eller ein del å spare?

Nokre av grepa er dyre.

Nettleiga er den delen av straumrekninga som går til å betale kostnaden for å transportere straumen fram til huset.

Som på alle andre varer og tenester, er det også meirverdiavgift på den. Det gjer nettleigedelen av rekninga 25 prosent dyrare.

Når eittpartiregjeringa no vil kutte denne momsen frå 25 til 15 prosent, vil det bety at hushaldningane vil spare 1,8 milliardar kroner samla sett.

På motsett side vil det koste staten tilsvarande mykje.

Ifølgje bransjeorganisasjonen Fornybar Noreg, ville hushaldningane i dei fire prisområda i sør i snitt ha spart mellom 747 kroner og 656 kroner for heile fjoråret, dersom momsgrepet vart innført i fjor.

Les også For en maktdemonstrasjon

Statsminister Jonas Gahr Støre snakker til pressen etter senterpartiet har gått ut av regjering

Liknar på tidlegare lovnader

Grepa eittpartiregjeringa kjem med liknar på straumlovnadane Støre kom med på vegner av Arbeidarpartiet (Ap) for berre nokre veker sidan.

Dette var i utgangspunktet lovnader til etter stortingsvalet, men no er nokre av desse blitt skunda fram.

Fastprisgrepet skal vere inspirert av ordninga for bedriftene, som regjeringa meiner har fungert bra.

– Vi legg fram det vi har jobba med no over tid, både i programprosessen vår og i regjering, for å gi enda meir stabile og føreseielege prisar for folk, seier Støre til NRK på morgonkvisten.

Jonas Gahr Støre på Marienlyst etter Senterpartiet sin regjerings-exit.

– Kva drøymde du om i natt? spurte programleiar Bjørn Myklebust. – Eg drøymde om å møte Bjørn Myklebust, sjølvsagt, svarte Støre.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Veljarkamp

Sjølv om Senterpartiet ikkje formelt har takka for seg hos Kongen enno, blir pressekonferansen i føremiddag i praksis første gongen Arbeidarpartiet legg fram politikk som eittpartiregjering.

Med det er kampen om straumveljarane for alvor i gang.

For samtidig jobbar Senterpartiet no med politiske forslag som dei skal legge fram for Stortinget etter at dei har gått ut av regjering.

Gruppemøte i Senterpartiet
Oslo 20250129. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Marit Arnstad (Sp) etter et gruppemøte i Senterpartiet på Stortinget onsdag ettermiddag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

UT: Sp-leiar Vedum og parlamentarisk leiar Marit Arnstad (t.h.) vil no skape nye straumfleirtal på Stortinget.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Vi skal sjølvsagt bruke våre 28 stortingsrepresentantar godt og grundig for å prøve å skape fleirtal for ei ny retning i straumpolitikken, sa Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad på pressekonferansen i Stortinget i går ettermiddag.

EU med straumgrep

Onsdag, dagen før regjeringssamarbeidet brast som følgje av tre EU-direktiv, lanserte EU-kommisjonen også grep for å stabilisere straumprisane.

Leiar Ursula von der Leyen kom med tiltak som skal gjere det «lettare å inngå langsiktige straumavtalar, utvide bruken av garantiar og gi insentiv til industrielle kundar for å tilby fleksibilitetstenester».

AKTUELT NÅ