Hopp til innhold

7 prosent av koronasmitta nordmenn er fullvaksinerte: – Som venta, seier Nakstad

Talet vil truleg auka etter kvart som ein større del av befolkninga blir vaksinerte.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad under pressekonferanse om koronasituasjonen.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad under pressekonferanse om koronasituasjonen.

Foto: Berit Roald / NTB

I Folkehelseinstituttet sin vekerapport for veke 30 kjem det fram at det i løpet av veke 29 og veke 30 var påvist 3659 tilfelle med koronavirus. 259 av desse var fullvaksinerte.

Dei fullvaksinerte blant den totale mengda av koronatilfelle dei to siste vekene, utgjer dermed ein prosentdel på 7,1 prosent.

– Dette er omtrent som venta då mRNA-vaksinane er rundt 95 prosent effektive å hindra somatisk sjukdom, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Han seier det likevel er noko uvisse i talet, sidan ikkje alle unge testar seg ved milde symptom.

– Truleg gjer ikkje alle fullvaksinerte det heller, seier han.

Då vekerapporten blei publisert, rekna ein 1.781.872 individ som fullvaksinerte. Totalt hadde 876 (0,05 %) individ fått påvist koronaviruset blant dei som blir rekna som fullvaksinerte.

Vil kunna auka

FHI skriv i vekerapporten at dette talet vil kunna auka etter kvart som ein større del av befolkninga blir fullvaksinert.

Are Stuwitz Berg, overlege i FHI, seier at dei ikkje har nokon terskel på kva som er eit akseptabelt nivå når det gjeld smitte blant fullvaksinerte.

– Men dette følgjer av effekten til vaksinane. Så langt viser kunnskapen at effekten av dei vaksinane vi nyttar i Noreg er svært høg mot alvorleg sjukdom. Også ved deltavarianten, forsikrar han.

Overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet (FHI)

Overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet.

Foto: Torstein Bøe

At fleire fullvaksinerte truleg vil bli smitta i tida framover, vil vera ei naturleg følgje av ein høg vaksinedekning, seier han.

– Noko som allereie er tilfellet for dei eldste aldersgruppene. Den vesle prosentdelen som ikkje har fullgod effekt av vaksinen mot alvorleg sjukdom, vil etter kvart kunna vera fleire personar enn dei som er uvaksinerte om vi får ein veldig høg vaksinedekning, opplyser han.

Nakstad seier at det vil vera grunn til uro om det skulle dukka opp mange alvorlege sjukdomstilfelle blant fullvaksinerte.

– Men med dei virusvariantane og vaksinane vi har no, ser ikkje dette ut til å vera eit stort problem.

Ei fjerde smittebølgje

Fleire og fleire blir no vaksinerte, men likevel er vi truleg i starten av ei fjerde smittebølgje.

I veke 30 auka smitten med 45 prosent.

90 prosent var smitta med delta-varianten.

Nakstad seier at smitten vi ser ved delta-varianten hovudsakleg er skulda spreiing blant uvaksinerte ungdommar og unge vaksne.

– Rundt 36 prosent av alle nordmenn er i dag fullvaksinerte. 69 prosent har fått ein dose. Difor er det naturleg at det er blant uvaksinerte smitten blir spreia mest no, seier Nakstad.

Berg i FHI seier at gjenopning av samfunnet og lettar fører med seg smitte, som vi også såg i fjor haust.

– No ventar vi at både storleiken og alvoret av ei ny smittebølgje blir mindre gitt at vi står i ein heilt annan situasjon no med ei stor og aukande del av befolkninga som er vaksinerte med både ein og to dosar, seier han.

Den assisterande helsedirektøren trur ikkje dei fullvaksinerte vil vera majoriteten blant dei smitta før vi eventuelt har fått ein vaksinedekning på over 95 prosent.

– Og sjølv då er det dei uvaksinerte som er størst grunn til å følgja opp fordi dei har så mykje høgare risiko for alvorleg sjukdom, seier han.

– Pandemien er ikkje over

Er det slik at dei fullvaksinerte må oppføra seg som dei er uvaksinerte?

– Det nasjonale rådet er at alle fullvaksinerte kan ha kontakt med andre fullvaksinerte, men at ein bør følgja avstand til andre i det offentlege rom fordi ein i nokre tilfelle kan smitta andre sjølv om ein er fullvaksinert, svarar Nakstad.

Are Stuwitz Berg forsikrar at fullvaksinerte kan klemma bestemor om ein er frisk.

– Men vaksinerte må som andre ha god hoste- og handhygiene, og ikkje minst halda seg heime og testa seg ved symptom og følgja dei reglane og anbefalingane som gjeld alle. Pandemien er ikkje over, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger