Sidan torsdag kveld har meldingstenesta i pasientjournalsystemet DIPS ikkje fungert ved Oslo universitetssjukehus.
Sjukehuset klarar å vareta pasientbehandlinga, men er i ein pressa situasjon, skriv sjukehuset i ei pressemelding.
Sykehuspartner, som har ansvaret for datasystema til sjukehuset, seier det er problem med databasen fører til at pasientjournalsystemet ikkje fungerer.
Må jobba manuelt
– Heile sjukehuset må no jobba manuelt. Alt går saktare. Spesielt akuttmottaket opplever situasjonen som særleg utfordrande, seier medisinsk direktør Hilde Myhren i pressemeldinga.
Ho seier at vurderinga per no er at situasjonen ikkje går utover liv og helse.
– Sjukehuset har bemanna opp fleire stader. Vi kan setja inn ytterlegare fleire ressursar ved behov. Neste steg vil vera å be om avlastning frå andre sjukehus, om det er behov for det.
Kriseleiinga hadde møte klokka 16.00 der dei bestemte at det framleis vil vera ekstra bemanning fram til DIPS er i normal drift og oppdatert. Det vil seia mest sannsynleg fram til måndag.
– Det ser ut at dei tekniske problema kan bli løyste i løpet av eit par timar. Sjølv om det då vil fungera for nye meldingar, vil vi ha eit etterslep av meldingar frå torsdag kvel, seier Myhren.
– Målet er å vera ajour innan måndag morgon og at DIPS fungerer som normalt, slik at vi frå måndag kan gjennomføra planlagt aktivitet, legg medisinsk direktør Hilde Myhren til.
– Ikkje eit dataangrep
Sykehuspartner, som har ansvaret for datatenestene, seier at det er og har vore problem med databasen som er knytt til pasientjournalsystemet.
– No jobbar Sykehuspartner saman med dei eksterne leverandørane for å finna løysingar så fort som mogleg slik at Oslo universitetssjukehus får tilbake tenesta dei har behov for, seier Randi Ellingsen, kommunikasjonsrådgivar ved Sykehuspartner.
Ellingsen avviser at det er eit dataangrep.
– Det er ikkje snakk om eit dataangrep, seier ho.
– Datasystemet har vore nede sidan torsdag. Kvifor er det framleis ikkje retta opp i?
– Feilen har det tatt tid å finna ut av og finna løysingar på korleis ein kan retta opp. Vi har sett av ekstra folk og vi er sette i gul beredskap for å klara å prioritera og klara å løysa dette problemet. Vi gjer alt vi kan no, svarar ho.