Ifølgje Dagens Næringsliv har Ringerike, Asker og Bærum tingrett og dømt arkitektfirmaet Bjarke Ingels Group (BIG) til å betale sakskostnadane til det Christen Sveaas-eigde museet på nesten 2 millionar kroner.
Striden stod om rekninga for toaletta ved galleriet «The Twist» på Jevnaker på Hadeland.
Prisen på toaletta enda til slutt på rundt 15 millionar kroner, tre gonger så mykje som budsjettert.
Det omstridde million-toalettet på galleriet «The Twist».
Foto: Fredrik Hagen / NTBRetten har, etter å ha teke for seg mellom anna e-postar, komme fram til at det vart inngått ein budsjettgaranti mellom museet og arkitektfirmaet.
Investor og kunstsamlar Christen Sveaas vitna sjølv i retten, ifølgje Ringerikes Blad.
– Toaletta skulle vere så kule at folk kunne komme til Kistefos-museet berre for å gå på do, sa han.
DN har prøvd å få ein kommentar frå BIGS advokat om saka, men ikkje fått svar.
Christen Sveaas viste den danske kronprins Fredrik rundt under opninga av galleriet «The Twist» for to år sidan. Til høgre arkitekten, Bjarke Ingels.
Foto: Fredrik Hagen / NTBLes og: