Hopp til innhold

Bymiljøetaten skeptisk til «geriljametodar» mot elsparkesyklar

Stein Leikanger og Facebook-gruppa «La oss ta fortauene tilbake!» ønsker å få elsparkesyklane vekk frå fortaua i Oslo. Bymiljøetaten liker ikkje at dei flytter elsparkesyklane ut i køyrebanen.

I det venstre biletet står elsparkesyklane på fortauet, i det høgre bilete er elsparkesyklane plassert på rekke langs fortauskanten.

FRI FERDSEL: Slike bilete deler medlemane i «La oss ta fortauene tilbake!» når dei er ute og aksjonerer mot elsparkesyklar i Oslo.

Foto: Stein Leikanger

Grunnleggaren av Facebook-gruppa «La oss ta fortauene tilbake!», Stein Leikanger, skreiv måndag at medlemane i gruppa brukar det dei kallar geriljametodar for å fjerne elsparkesyklane frå fortaua.

Leikanger meiner framkomstmiddelet ikkje bør bli behandla som ein sykkel, men som eit motorisert køyretøy. Derfor har han starta ein aksjon der medlemane flyttar elsparkesyklar som hindrar fri ferdsel på fortaua ut i køyrebanen.

Fungerende divisjonsdirektør i Bymiljøetaten i Oslo, Freddy Leithe

TENK PÅ ANDRE: Freddy Leithe, fungerande seksjonssjef i Bymiljøetaten i Oslo, synest elsparkesyklane er fine å komme seg rundt på, men ber brukarane tenke på andre når dei parkerer.

Foto: Sunny P. Sharma / NRK

Bymiljøetaten er positive til at dei ryddar fortaua, men meiner metoden kan vere ulovleg.

– Eg har observert at dei har sett dei i køyrebanen, og der må ein tenkje på framkomst for andre trafikantar. Det er ikkje greitt å sette dei frå seg i sykkelfelt. Det står i trafikkreglane at stans er forbode i sykkelfelt, seier Freddy Leithe, fungerande seksjonssjef i Bymiljøetaten i Oslo.

– Det er livsfarleg

Aksjonistane vel likevel å flytte elsparkesyklane ut i køyrebanen i eit forsøk på å få Samferdselsdepartementet på banen.

Stein Leikanger foran elsparkesyklar

ØNSKER ENDRING: Stein Leikanger og dei andre medlemane i Facebook-gruppa ønsker at elsparkesyklar ikkje skal bli behandla som syklar, men som motoriserte køyretøy.

Foto: Privat

– Det er heller ikkje lov å strø desse utover byen sine fortau slik at folk vert skada kvar einaste dag, snublar over dei og eldre ikkje tør å gå ut. Det er eit køyretøy som køyrer 20 kilometer i timen, seks meter i sekundet, som er heilt fritt å bruke på landets fortau. Det er livsfarleg, meiner Leikanger.

Satssekretær Ingelin Noresjø (KrF) understrekar at bruk av framkomstmiddelet på fortau og gangveg skal skje på fotgjengarane sine premissar.

– Er det mange fotgjengarar på fortauet må du gå av elsparkesykkelen og leie han. Du kan i staden fortsette turen i køyrebanen eller i sykkelfeltet der det finst slike, seier Noresjø.

Arbeider med regelverket

Bymiljøetaten anslår at det er omkring 12 500 elsparkesyklar i Oslo. Dei har moglegheit til å hente inn elsparkesyklar som hindrar framkomst, men dei har ikkje gjort det enno.

Ei tom sykkelparkering i Oslo sentrum

SYKKELPARKERING: På ei slik sykkelparkering er det god plass og lov til å parkera elsparkesyklar fortel Leithe i Bymiljøetaten.

Foto: Sunny P. Sharma / NRK

I eit prøveprosjekt har Bymiljøetaten no markert opp plassar til elsparkesyklane. Leikanger meiner også utleigarane kan gjere meir for å rydde opp i bybiletet.

– Dei har eit digitalt verktøy i si hand og styrer korleis desse køyretøya blir brukt. Dei kan bestemme at dei skal følgje norsk forskrift om at ein sykkel skal bevege seg i gangfart på gangveg. Dei kan også gje brukaren ei tilleggsavgift om den blir sett utanfor eit bestemt parkeringsområde, seier Leikanger.

Samferdselsdepartementet arbeider med innstrammingar i regelverket som finst i dag. Foreløpig er arbeidet i innleiingsfasen.

– Vi vil i første omgang gjere ei vurdering av bestemmingane om parkering av små elektriske køyretøy på fortau og gangveg, kven som skal kunne handheve desse reglane og kva reaksjonar som skal kunne brukast ved brot, seier Noresjø.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger