Hopp til innhold

Brukte barnemodellar for å vise fram seksualiserte kosebamsar

Motehus viste småjenter med BDSM-bamsar, og blir skulda for seksualisering av barn. – Heilt usannsynleg at dette ikkje var med vilje, seier retorikkekspert.

Teddybjørn Balenciaga

BDSM-BAMSAR: Balenciaga trekte julekampanjen sin etter massiv motbør. Dette biletet er av ein liknande type bamse som blei brukt i ein kolleksjon tidlegare i år. Den gongen i selskap med vaksne modellar.

Foto: Balenciaga

Det er vanskeleg å forstå kva motehuset Balenciaga ynskte å oppnå med sine siste kampanjar.

I den eine poserer små jenter med teddybjørnar ikledd BDSM-klede.

Organisasjonen Redd Barna arbeider for barn sine rettar. Dei ser svært alvorleg på hendinga og meiner det er ekstra alvorleg at eit motehus av denne storleiken har bidrege til spreiing av slike type bilete.

Portrett av Monica Sydgård i Redd Barna

Leiar for Redd Barnas Norgesprogram Monica Sydgård.

Foto: Redd Barna

– Oppdatter de det som seksualisering av barn?

– Ja, dette er heilt klart seksualisering av barn, svarar leiar for Redd Barnas Norgesprogram, Monica Sydgård.

Moteredaktør Ida Elise Eide Einarsdóttir i KK meiner kampen om merksemd har blitt svært stor. Men ho kallar dette seksualisering av barn, og seier det er å tøye strikken for langt.

– Motehus vil imponere, men òg sjokkere med sine kampanjar. Her skjønte dei raskt at dei hadde tråkka i salaten, og kom fort med ei orsaking, seier ho.

Ida Elise Eide Einarsdottir

– Bileta av desse barna er no på internett for alltid, seier Einarsdottir.

Foto: Astrid Waller

Det var den anerkjende fotografen Gabriele Galimberti som fotograferte til kampanjen. Som mannen bak bileta blei skuldingane raskt retta mot han, noko Galimberti tilbakeviste.

– Balenciaga må snakke for seg, men det er viktig for meg å understreke at eg ikkje fekk høve til å endre verken produkta, modellane eller desse to i lag, skreiv han på Instagram.

– Ikkje truverdig

Då det byrja å koke på internett måtte det spansk-franske motehuset på bana.

– Vi ber om orsaking for all krenking julekampanjen vår kan ha forårsaka. Våre bjørnevesker i plysj skulle ikkje ha blitt presentert med barn i denne kampanjen, skreiv Balenciaga på Instagram.

Retorikk-ekspert Kjell Terje Ringdal ved Høyskolen Kristiania er lite imponert over handteringa.

Kjell Terje Ringdal

Førstelektor ved Høyskolen Kristiania Kjell Terje Ringdal.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Dette er den verste form for orsaking. Det får ein til å mistenke at dette kanskje var planlagd heilt frå starten, seier han.

Han meiner at ei slik blemme akkurat frå motebransjen er påfallande.

– Det er heilt usannsynleg å tru at dei som er så opptekne av detaljar, styling, lyssetting, vinklar og modellar her har sleppt ut noko som ikkje skulle ut.

I hardt vêr

I tillegg til julekampanjen får Balenciaga kritikk for korleis dei viser fram vår- og sommarkolleksjonen for neste år.

Under ei veske låg det eit dokument frå den amerikanske høgsteretten. Temaet for uttalen frå 2008 var ei lov om seksualiserte bilete av barn delt på internett.

Balenciaga-veske på dokument.

Delvis skjult dokument av tvilsam karakter i ei veskereklame.

Foto: The Philipine Star Life

Balenciaga sa etterpå at dei ikkje var kjende med innhaldet i dokumentet under veska.

– Ein skulle kanskje tru dei no var meir . No ser ein på sosiale medium at folk spekulerer i om dette var planlagd, seier moteredaktør Einarsdóttir.

Balenciaga har uttalt at dei undersøker kva som har gått gale i prosessen med julekampanjen. Motehuset varslar òg rettslege skritt mot involverte i veske-kampanjen, skriv Daily Mail.

Balenciaga kutta i oktober sine band til rapparen Kanye West, etter mellom anna hans antisemittiske utsegner.

Kanye West attends the 2020 Vanity Fair Oscar Party

Kanye West mista mellom anna samarbeida sine med Adidas, Gap, Balenciaga og fjerna som kunde av sin eigen bank JP Morgan.

Foto: JEAN-BAPTISTE LACROIX / AFP

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger