Hopp til innhold

Brør tiltalt for grov spionasje i Sverige

Ein av brørne var toppsjef i ein svensk offentleg etat då han blei pågripen i fjor.

Sverige
Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

To brør er tiltalt for grov spionasje mot Sverige på vegner av Russland og den russiske militære etterretningstenesta, GRU. Det opplyser Nasjonal sikkerhetsmyndighet i ei pressemelding.

Dei mistenkte lovbrota skal ha gått føre seg i ti år, inntil så seint som i fjor haust.

– Vi hevdar at desse to personane gjekk i hendene på GRU, den russiske militære etterretningstenesta, seier aktor Mats Ljungqvist til SVT.

Handterte sensitivt materiale

Svenske DN melder at den eine av desse jobba i Sverige sin hemmelegaste etterretningsorganisasjon.

Den eldste broren skal ha jobba i både Säpo og det svenske forsvarets etterretnings- og tryggingsteneste (Must).

Ifølge Aftonbladet skal den eldste av brørne ha handtert svært sensitivt materiale på si private datamaskin. Då han blei pågripen, skal den yngste av brørne ha knust ein harddisk og kasta han i ei søppelbøtte i Uppsala-området.

Har vore i varetekt i eitt år

I pressemeldinga kjem det fram at den eine mannen også er sikta for grovt uvedkommande forhold med hemmeleg informasjon. Mykje av informasjonen i undersøkinga på førehand er hemmeleg og påtalemyndigheita i Sverige vil derfor ha avgrensa moglegheiter til å snakke om innhaldet i etterforskinga.

– Det har vore ei kompleks etterforsking av ei svært vanskeleg forbryting og mistanken gjeld svært alvorleg kriminalitet retta mot Sveriges etterretnings- og tryggingssystem. Lovbrotet er alvorleg fordi det gjeld forhold som har stor betydning, seier statsadvokat Per Lindqvist.

– Informasjonen som er henta inn, vidaresend og utlevert utan autorisasjon kan ved å nå fram til ei framand makt vere til skade for Sveriges sikkerheit, legg han til.

Mennene som no er tiltala har vore i varetekt sidan høvesvis september og november 2021.

SVT skriv at brørne er i 30- og 40-åra. Dei er født i Iran, men oppvaksne i Uppsala i Sverige.

AKTUELT NÅ