NRK Meny
Normal

Brendemo Hagen er heime i Noreg

Kokaindømde Stina Brendemo Hagen (21) er heime i Noreg att, etter at ho flykta frå soning i Bolivia i august.

Stina Brendemo Hagen

Kokaindømde Stina Brendemo Hagen er heime i Noreg att etter å ha vore på rømmen nesten tre månader.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Ja, ho er tilbake i Noreg, stadfestar advokat Frode Sulland overfor VG Nett.

20-åringen skal ha kome tilbake til Noreg i dag med ei utanlandsferje. Statsadvokat Petter Mandt er informert om heimkomsten av advokatkontoret til Sulland.

– Me er klare over at ho er i Noreg. Det tek me til etterretning, seier Mandt til nettavisa.

Får ikkje straff i Noreg

Statsadvokaten har tidlegare understreka at Brendemo Hagen ikkje vil bli straffeforfulgt dersom ho returnerer til Noreg.

– Stina Brendemo Hagen kan ikkje bli dømd for same forhold to gonger, sa Mandt.

Noreg har heller ikkje utleveringsavtale med Bolivia, og vil ikkje bli sendt tilbake for soning, sjølv om påtalemakta i Bolivia har utstedt arrestordre på den norske 21-åringen.

Rømde frå Bolivia

Saman med to andre norske kvinner blei Brendemo Hagen arrestert i Cochabamba i Bolivia med 22,5 kilo kokain i bagasjen i mai 2008. Mengda blei nedjustert til 11 kilo i ei nyleg avslutta rettssak i Oslo tingrett.

Brendemo Hagen blei dømd til ti år og fire månader i fengsel for smuglingsforsøket. I slutten av juli slapp ho fri frå fengselet mot ein kausjon på 350.000 norske kroner, meldeplikt og vilkår om å blant anna halda seg i byen.

I august rømde ho likevel frå Bolivia til Brasil, og etter nesten tre månader på flukt er Brendemo Hagen heime på austlandet att.

Etterlyst i heile Sør-Amerika

21-åringen og sonen som ho fødde medan ho sat i fengselet i september i fjor, skal ifølgje mannebladet Alfa ha fått hjelp av tidlegare elitesoldatar for å koma seg til den administrative hovudstaden i landet, La Paz.

Derifrå skal ho ha teke seg til Brasilia med fly, moped og båt, der ho fekk avslag på ein søknad om pass ved den norske ambassaden.

Sonen blei frakta heim saman med bestemora i august. Brendemo Hagen blei etterlyst i heile Sør-Amerika av påtalemakta i Bolivia, men har vore søkk borte før ho i dag dukka opp i Noreg.

Ventar på dom i Noreg

Ei anna av dei tre norske kvinnene involverte i smuglingsforsøket, greidde å rømma frå Bolivia før rettssaka starta. Lillesand-kvinna (21) er tiltalt for smuglarforsøket i Noreg.

Saka i Oslo tingrett blei avslutta i starten av oktober, og den tiltalte kvinna ventar no på domsavseiinga.

Brendemo Hagen skulle ha vitna i denne rettssaka ved hjelp av videooverføring frå Cochabamba, men har vore på rømmen heile tida medan rettssaka gjekk føre seg.

Statsadvokat Petter Mandt seier no til VG Nett at det kan bli aktuelt å kalla inn Brendemo Hagen som vitne igjen i ein eventuell ny rettsrunde, dersom Lillesand-kvinna ankar den kommande dommen i Oslo tingrett.

Den tredje norske kvinna, Madeleine Rodriguez (25), sit framleis fengsla i Cochabamba.

Madeleine Rodriguez

Madeleine Rodriguez er den einaste som av dei tre norske kvinnene involvert i Bolivia-saka som enno sit fengsla i Cochabamba. Ho sonar ein dom på ti år og åtte månader for smuglingsforsøket.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger