Hopp til innhold

Hærverk og trugslar mot jødar: – Eg har aldri følt meg utrygg som jøde i Noreg før

Det Mosaiske Trossamfund er bekymra for det dei opplever som aukande jødehat.

Hannah Dubowski er jødisk veiviser.

Hannah Dubowski (21) jobbar som jødisk vegvisar. Ho er meir på vakt, og kjenner fleire som er redde for å syna at dei er jødiske.

Foto: Amanda Iversen Orlich

– Eg synst det er veldig skummelt. Eg har aldri følt meg utrygg som jøde i Noreg før, men det gjer eg no.

Det seier Hannah Dubowski (21) til NRK.

Ho jobbar som jødisk vegvisar. Det inneber at ho reiser rundt på skular og fortel om korleis det er å vera jøde i Noreg, om religion, identitet, fordommar og stereotypiar.

– Akkurat no opplever eg at det å vere jødisk og ha tilknyting til Israel provoserer andre. Og det er veldig vanskeleg.

I ei pressemelding måndag skreiv DMT at jødiske personar og familiar i Noreg dei siste dagane har opplevd fleire trugande hendingar og hærverk.

Dei skriv også at dei i sosiale medium ser mykje norskspråkleg antisemittisk innhald, og at ein i media har sett referansar til tradisjonelle antijødiske stereotypiar.

Dei kallar situasjonen «eit varsku, ikkje berre for vår minoritet, men demokratiet i Noreg.»

– Eg er meir på vakt, og eg veit om fleire som har teke av seg davidsstjerna. Dei er redde for å syna at dei er jødiske, seier Dubowski.

Hannah Dubowski

– Ein burde kunne uttrykka solidaritet med Israel utan å bli møtt med hat, seier Hannah Dubowski.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Auka antisemittisme i Europa

Og det er ikkje berre i Noreg det blir meldt om meir jødehat og antisemittisme som fylgje av krigen mellom Israel og Hamas.

Til NRK skriv Metropolitan Police i London at det mellom 1. og 18. oktober blei registrert 218 antisemittiske lovbrot i området deira.

Det er ein auke på 1353 prosent frå same periode i 2022. Då blei det registrert 15 antisemittiske lovbrot.

Vidare skriv dei at dei som fylgje av situasjonen har auka tryggleiken kring religiøse skular og synagoger.

Også i Frankrike er antisemittismen meir synleg.

Tysdag morgon vakna innbyggarane i 14. arrondissement til at 60 davidsstjerner var tagga på bygningar.

Myndigheitene seier at dette liknar «hendingar frå 1930-talet som førte til utryddinga av millionar av jødar».

Ifylgje BBC er det i Frankrike sidan krigen braut ut registrert meir enn 850 antisemittiske lovbrot. Det seier innanriksminister Gerald Darmain.

Tal frå Anti-Defamation League (ADL) syner at antisemittisme har auka fleire stader i Europa, mellom anna i Tyskland, Austerrike og Belgia.

Dette kjem ifylgje ADL til uttrykk gjennom øydelegging av israelske flagg, vandalisering av jødiske monument, antisemittisk graffiti og trugslar.

Negative haldningar til jødar

Dubowski fortel at dei snakkar mykje om det å setje folk i bås og korleis det påverkar samfunnet når dei er ute og snakkar med skuleelevar.

– Og det opplever eg no. At mange jødar blir plassert i bås.

Dubowski syner til at det berre er 1500–2000 jødar i Noreg, og at mange nordmenn aldri har møtt ein jødisk person.

– Når inntrykket då er basert på fordommar, konspirasjonsteoriar, stereotypiar og konflikten i Midtausten, teiknast det ikkje eit godt bilete, og kan i seg sjølv føre til antisemittisme.

I fjor kom HL-senteret med ein rapport om haldningar til jødar og muslimar i Noreg.

I rapporten kjem det mellom anna fram at 1 av 10 jødar har opplevd å bli trakassert i løpet av dei siste 12 månadane.

Vibeke Moe er forskar på HL-senteret og har leia arbeidet med undersøkinga. Ho seier at det er ei kopling mellom antisemittiske og anti-israelske haldningar:

Menneske med anti-israelske haldningar har oftare enn i befolkninga elles også antisemittiske haldningar, forklarar ho.

Vibeke Moe

Vibeke Moe er forskar II ved HL-senteret, og har leia arbeidet med rapporten om haldningar til jødar og muslimar i Noreg.

Foto: HL-senteret / HL-senteret

Skjuler jødisk identitet

I undersøkinga kjem det også fram at 7 av 10 norske jødar skjuler sin jødiske identitet i frykt for negative reaksjonar.

Moe Meiner den israelsk-palestinske konflikten er ein viktig årsak til det.

At norske jødar Dubowski kjenner no har teke av seg religiøse symbol som davidsstjerna er såleis ikkje spesielt, og var utbreidd før konflikten nådde kokepunktet tidlegare denne månaden.

Moe seier vidare at HL-senteret har god kontakt med det jødiske miljøet i Noreg, og at dei opplever å vera under press.

– Somme er redde. Dei opplever trakassering og føler at Israel sine handlingar har mykje å seia for korleis dei blir møtt. Dei sit att med ei kjensle av å bli halde kollektivt ansvarlege, seier Moe.

Dubowski seier at ho står med Israel og Israel sin rett til å kjempa mot Hamas. Samstundes er ho klar på at ein godt kan vera kritisk til måten dette blir gjort på.

– Eg er i sorg over dei sivile tapa i Gaza. Men me skal ikkje bli møtt med hat når me meiner at Israel har rett til å forsvara seg etter terroråtaket 7. oktober, seier ho og legg til:

– Eg er redd for å fortelja andre om kva eg føler. Det burde ikkje vera naudsynt å ta avstand frå Israel for å få forståing og sympati.

Sterke reaksjonar

Onsdag morgon fekk statsminister Jonas Gahr Støre høyra om Dubowski og Natalie Preminger sine opplevingar. Han er klar på at jødane, som alle andre, skal vera trygge i Noreg.

– Me skal lytta når desse vegvisarane reiser rundt og fortel om det å vera jødisk. Me skal lytta til historia, seier han til NRK.

Støre peikar på at antisemittismen finst i befolkninga, i veven av meiningar i vårt samfunn.

– Det skal me vera på vakt mot, då det kan leia til diskriminering og vald.

Statsministeren lovprisa vegvisarane og DMT for å dela sine opplevingar.

Han understreka at regjeringa har handlingsplanar mot antisemittisme og den type haldningar, og at dette er noko dei skal halde fast ved.

Fleire andre politikarar har også reagert på DMT si pressemelding. Mellom andre partileiarane Sylvi Listhaug (Frp) og Kjersti Bergstø (SV). Dei kallar innhaldet i pressemeldinga skremmande og uakseptabelt.

Synagogen i Bergstien

Politiet har auka tryggleiken rundt jødiske interesser i Oslo og Trondheim. Her er synagogen i Oslo.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / SCANPIX

Trugsel mot jødiske mål skjerpa

Også kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) ser svært alvorleg på situasjonen Det mosaiske trosssamfund (DMT) skildrar.

Dagen etter Hamas-åtaket på Israel 7. oktober valte politiet i Oslo å auka tryggleiken rundt den israelske ambassaden, synagogen og andre samlingspunkt.

Også rundt synagogen i Trondheim auka politiet sitt nærvær.

Til NRK seier Oslo-politiet at dei har god dialog med DMT.

– Me fylgjer med på utviklinga, og vil justera tiltaka våre i tråd med situasjonen, seier stabssjef Harald Nilssen frå Oslo politidistrikt.

Han seier vidare at det per no ikkje er registrert ei spesiell utvikling i tal meldingar til politiet knytt til dette.

Muslimsk Dialognettverk: – Nulltoleranse for hat

På PST sin pressekonferanse tysdag seier leiar for kontraterroravdelinga Lars Lilleby at trusselbilete i Noreg ikkje endra som fylgje av konflikten i Midtausten.

Derimot er trugselen mot jødiske og israelske mål skjerpa.

PST holder pressekonferanse

Leiar for kontraterroravdelinga i PST Lars Lilleby.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Muslimsk Dialognettverk reagerer på antisemittismen mange jødar no opplever.

– Me har nulltoleranse for hat, uansett om er retta mot jødar eller muslimar, seier Arshad Jamil, styremedlem i Muslimsk Dialognettverk.

Arshad Jamil Covid-19 koordinator Muslimsk Dialognettverk

Arshad Jamil, styremedlem i Muslimsk Dialognettverk.

Foto: Fouad Acharki / NRK

Han seier vidare at dei har jobba mykje mot antisemittisme, og at alle må ta tydeleg ansvar og fordømma når urett hender.

AKTUELT NÅ