NRK Meny
Normal

Barnehage gjev betre språk

Små born som går i barnehage har betre språkferdigheiter enn dei som er heime med mor og far, viser ei undersøking gjort av Folkehelseinstituttet (FHI).

Barnehage i Oslo

Småborn samla i Lerdal barnehage i Oslo (arkivfoto).

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Studien er basert på informasjon om 20.000 norske born, og syner at færre barnehageborn har sein språkutvikling samanlikna med andre born som vert passa heime med mor, far, dagmamma eller i barnepark.

Les meir om undersøkinga på FHI sine heimesider.

– Denne studien stadfestar resultata frå nasjonal og internasjonal forsking. Dette beviser verdien av å gå i barnehage, seier nestleiar i Utdanningsforbundet, Haldis Holst til avisa Vårt Land.

– Meir språkleg stimulering

Av totalt 420 000 born i alderen 0-6 år, går 270 200 fullt i barnehage, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) Barnehageborna i denne aldersgruppa utgjer dermed om lag 60 prosent.

Ifølgje Holst har blant anna PISA-undersøkingane peika i same retning, men konkret forsking på barnehage har hittil mangla i Noreg.

FHI-studien har sett søkjelys på samanhengen mellom språkutvikling og barnehage, men seier ingenting om årsakene til at barnehageborn er meir språkkyndige enn andre born med like føresetnader.

– Kan hende får barnehageborna ei meir intensiv språkstimulering, seier doktorgradsstipendiat Ratib Lekhal ved FHI til Vårt Land.

Hausten 2011 vil FHI samla inn 30 000 spørjeskjema frå barnehagar, og på den måten få betre innsikt i kva det er konkret med barnehagane som stimulerer språkkunnskapen i positiv retning.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger