Hopp til innhold

Åtvarar mot pensjonist-frieri

Organisasjonar i arbeidslivet fryktar Frp og SV sitt pensjonist-frieri fører galt av stad. Det er stor skepsis mot å la pensjonistane forhandle. YS fryktar brot på generasjonskontrakten.

Eldre dame som sitter i stolen og strikker.

SV og Frp er einige om å gje meir til pensjonistane, og vil la dei forhandle om kor store pensjonane skal bli. Illustrasjonsfoto.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Både regjeringa, fleire stortingsparti og organisasjonar i arbeidslivet vart tekne på senga då Frp, SV og Pensjonistforbundet kalla saman til pressekonferanse tysdag denne veka.

Dei to fløypartia på Stortinget er einige om å gje meir til pensjonistane, og vil la dei forhandle om kor store pensjonane skal bli. Mykje tyder på at forslaget kan bli vedteke.

Redd for konsekvensane

Men forslaget skaper ikkje jubel i organisasjonane som forhandlar løn og tariffavtalar med norske arbeidsgjevarar.

– Vi treng å sørge for at vi har eit bærekraftig samfunn og velferdssystem også framover, seier Erik Kollerud, leiar i YS.

Erik Kollerud, leder i YS

SKEPTISK: Erik Kollerud i YS vil ikkje at pensjonistane skal forhandle.

Foto: Trond Lydersen / NRK

Han går med på SV og Frps intensjon om å betre kåra for pensjonistane gjennom å gje dei eit gjennomsnitt av pris- og lønsvekst. Men han fryktar kva det kan føre til om pensjonistane får rett til å forhandle.

– Viss Ap-leiar Støre «smakar på» å la pensjonistane forhandle om ein pott som ser ut til å vere utover snittet av pris- og lønsvekst, så kan ein jo lure på om dei fortsatt står ved pensjonsreformen, seier Kollerud som er usikker på kor mykje pengar ein slik forhandlingsrett då vil kunne utløyse til dagens pensjonistar.

– Så du er redd det blir ein ekstrakostnad som blir velta over på dei som er unge i dag?

– Ja, det er jo litt sånn. Vi er bekymra for at dei som er i jobb i dag må betale for auka pensjon til dagens pensjonistar.

– Er Frp- og SV-forslaget populisitisk?

– Pensjonistane byrjar å bli ei stor veljargruppe, men om det er økonomisk bærekrafig er eg usikker på.

Unio: – Dårleg idé

Også Unio-leiar Ragnhild Lied, som har dei fleste av sine medlemmar i kommunane, synest dette er ein forslaget frå SV og Frp er ein dårleg idé.

– Det at pensjonistane skal ha ei forhandlingsrolle for synest eg ikkje passar med den norske modellen. Politikarane skal ta ansvar for pensjonar og trygder. Å gje ein interesseorganisasjon forhandlingsrett blir feil, meiner Lied.

Også ho peikar på at eit sentralt poeng i pensjonsreformen var at dagens unge arbeidstakarar måtte jobbe lengre, mens dagens pensjonistar sitt bidrag er at dei får ei underregulering av pensjonen sin.

– Arbeidarpartiet må ikkje bidra til at Pensjonistforbundet eller andre interesseorganisasjonar får forhandlingsrett på denne måten, seier Kollerud i YS.

– Skal vi gje studentane rett til å forhandle om studiestøtta og kapitalistane rett til å forhandle om formuesskatten, spør han retorisk.

Forbundsleiar i Pensjonistforbundet, Jan Davidsen, er ikkje overraska, men skuffa over at YS ikkje ser at forbundet har hatt forhandlingsrett frå 1979 til 2011.

– Vi ønskjer å få tilbake forhandlingsretten som vi hadde, fordi vi ser det som heilt nødvendig og riktig at pensjonistane har ei hand på rattet når det gjeld nivå og utvikling på pensjon som dei trass alt har vore med på å tene retten til gjennom eit langt arbeidsliv, seier han til NRK.

Jan Davidsen

Forbundsleiar i Pensjonistforbundet, Jan Davidsen.

Foto: Johnny Syversen

Ap og LO avventande

På Stortinget ser forslaget om forhandlingsrett ser ut til å ha støtte frå Frp, SV og Senterpartiet. Då kan Ap avgjere om det blir slik.

– Vi har ikkje teke stilling til det med forhandlingsrett konkret. Vi har teke positivt imot forslaget frå SV og Frp om betre regulering av pensjonane og opptrapping for minstepensjonistane. Vi skal lytte til kva desse organisasjonene meiner, seier Ap-leiar Støre.

Hos LO på Youngstorget er det avventande haldning til forslaget som kjem frå mangeårig LO-topp og sentralstyremedlem i Ap, noverande forbundsleiar i Pensjonistforbundet, Jan Davidsen.

– Når det gjeld forhandlingsrett har vi forståing for pensjonistorganisasjonane sitt ønskje om påverknad på trygdeoppgjeret. Imidlertid er ramma for oppgjeret gitt, så vi må sjå nærmare på kva ei eventuell forhandling skal handle om, seier førstesekretær Julie Lødrup til NRK.

Trur det blir dyrt

I regjeringskontora er det liten tvil om at forslaget frå tidlegare finansminister Siv Jensen vil koste dyrt.

Vegard Einan er statssekretær for Høyre i Arbeids– og sosialdepartementet.

Vegard Einan er statssekretær for Høyre i Arbeids– og sosialdepartementet.

Foto: Jan Richard Kjelstrup / ASD

Statssekretær Vegard Einan (H) i arbeids- og sosialdepartementet seier det er vanskeleg å rekne ut kor dyrt det faktisk blir.

Men han anslår dette etter å ha sett på forslaget frå Siv Jensen og Audun Lysbakken:

  • 1,6 milliardar årleg for å regulere pensjonane som foreslått
  • 5 milliardar for å regulere minstepensjonen opp mot EUs fattigdomsgrense

– Så vil jo dette ha konsekvensar for pensjonar under opptening. Altså om 10, 20 og 30 år. Det er vanskeleg å spå, men det vil koste betydeleg viss du slår det saman over fleire tiår.

Einan er også redd for ein slags smitteeffekt til andre ytingar.

– Viss dei over 67 skal ha eit slikt minste inntekstenivå, kvifor skal ikkje dette då gjelde for dei under 67, for folk på uføretrygd, arbeidsavklaringspengar og minstestønad på sosialhjelp?

– I tillegg er det andre pensjonssystem som brukar denne utrekningsmodellen, for eksempel offentleg tenestepsnjon og AFP i privat sektor. Dette bildet blir mykje større enn berre dagens pensjonistar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger