Hopp til innhold

Arbeidarpartiet vil stanse trygdeeksporten

Arbeidarpartiet vil stanse den aukande trygdeeksporten til Polen og andre land, seier leiar i partiet sitt velferdsutval, Hadia Tajik.

Hadia Tajik

Hadia Tajik er leiar for Velferdsutvalet i Arbeidarpartiet, som vil sende mindre NAV-pengar ut av landet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Utvalet foreslår at uførepensjon, barnetrygd og kontantstøtte skal utbetalast etter prisnivået i det landet mottakaren bur. Hadia Tajik har leidd utvalet i Arbeidarpartiet, som no vil avgrense eksporten av blant anna barnetrygd, kontantstøtte og uføretrygd.

NAV
Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Utvalet meiner at ordningane som gjeld i dag er for bra. – Dei er urimeleg gode, seier Hadia Tajik.

Rett til norsk trygd

Slik ordninga fungerer i dag kan ein etter berre nokre månader i jobb her i landet ha opparbeidd seg retten til ei rad norske trygder. Desse pengane kan han sende ut av landet eller ta med seg til heimlandet.

Velferdsutvalet legg fram forslaga sine for partiet i dag, og så skal landsmøtet avgjere om dei skal inn i Arbeidarpartiet sitt partiprogram.

Karin Andersen, SV

Karin Andersen og SV er skeptiske til endringane.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Det Arbeidarpartiet ynskjer er å vri innsatsen frå kontantoverføringar til tenester der det er mogleg. I tillegg i større grad knyte plikter til kontantoverføringar, slik at dei ikkje kan eksporterast. Kontantstøtte kan bli knytt til buplikt, medan dagpengar kan bli knytte til aktivitetsplikt.

Aktiv jobbsøking

Det betyr at mottakarar av dagpengar aktivt må søkje nye jobbar for å stønad. Også i dag er det eit krav om at ein må vere ein «reell arbeidstakar» for å få dagpengar, og no er det oppfølginga av dette som skal styrkjast.

Velferdsutvalet i partiet vil også vurdere medlemskapsvilkåra i Folketrygda for å hindre trygdemisbruk.

Utvalet vil knyte krav til buplikt til kontantstøtte for eittåringar.

Endeleg vil Velferdsutvalet i Arbeidarpartiet at alle offentlege ytingar og barnebidrag blir haldne tilbake frå bortføraren ved internasjonal barnebortføring.

Brukar kjøpekrafttabell

For å illustrere korleis Hajik tenkjer seg at utbetalingane kan reduserast i framtida, gir ho oss dette dømet.

Norsk barnetrygd er på 970 kroner i månaden. Ein kjøpekraftstabell viser at 46 norske kroner gir same kjøpekraft i Polen som 100 norske kroner gir i Noreg. Ved å multiplisere 970 kroner med 0,46 får ein summen 446,20 kroner.

Det blir altså den nye summen for mottakarar busette i Polen, kjøpekraftjustert etter polske forhold.

- Bør få opphalde seg i utlandet

Forslaget kan skape strid internt i regjeringa. Karin Andersen gjer det klart at SV er skeptisk til forslaget.

– Vi kan godt diskutere om barnetrygda skal justerast etter prisane i landet trygda blir sendt til. SV meiner det er viktig at dei som har uføretrygd skal få lov til å opphalde seg i utlandet som dei gjer i dag, seier ho.

Ho meiner at for mange revmatikarar og mange med andre sjukdomar, er det å kunne opphalde seg utlandet heilt avgjerande for eb betre helse.

Andersen meiner at kravet om å vere aktiv arbeidssøkjar for å dagpengar gjeld også i dag, slik at det blir å slå inn opne dører.

- Det er eit viktig prinsipp at ein skal tene opp like rettar for lik innsats og arbeid, og at ein ikkje må lage eit kjmpebyråkrati for kunne følgje med på kvar forlk til ei kvar tid oppheld seg, seier ho til NRK.

AKTUELT NÅ