Hopp til innhold

Ap-topp tek til orde for å utvide abortgrensa til veke 18

Arbeidarpartiet bør gå inn for å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18, meiner helsetalskvinne Ingvild Kjerkol - stikk i strid med partileiar Jonas Gahr Støres syn.

– Det er veldig stor skilnad på å utføre ein abort tidleg og seint, og det er norske kvinner i veldig god stand til å vurdere sjølve, seier Ingvild Kjerkol, Arbeidarpartiets helsetalskvinne, til NRK.

Ho meiner at partiet bør gå inn for å utvide abortgrensa til veke 18. Saka vart først omtala av Adresseavisa.

Kjerkol peikar mot Sverige som også har 18-vekersgrensa.

– Dei har aldri hatt nemnder. Dei har dei same låge aborttala som i Noreg. Det som påverkar aborttala, er god og tilgjengeleg prevensjon, god seksualopplysning og ei liberal abortlov, seier Kjerkol.

Ho meiner at statsminister Erna Solbergs opning for KrF-gjennomslag i abortlova i haust fjerna føreseielegheita for kvinner, og dermed roa rundt abortlova.

– Då må Ap også diskutere realitetane her, seier helsetalskvinna.

Støtte frå innstilt kvinnetalsperson

Anette Trettebergstuen, som er innstilt som ny kvinnepolitisk leiar, sa først til NRK fredag formiddag at ho støttar Kjerkols utspel.

Kort tid etter ga Trettebergstuen uttrykk for at ho ønskte å modere seg, og seie at ho støttar at debatten blir reist.

– Ap stolar på kvinnene, dei må få lov til å ta sine eigne val. Vi veit at 95 prosent av alle abortar blir tekne før veke 12. Vi veit også at nemndbehandling er ei ekstrem belastning for kvinnene, så vi er moden for denne debatten, seier Trettebergstuen til NRK no.

Støre er usamd

Torsdag gjekk partileiar Jonas Gahr Støre til åtak på Høgre for å sleppe til KrFs politikk på abort og bioteknologi.

Etterpå sa han til NRK at han går mot fleire Ap-lags forslag om å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18. Eit lag tek også til orde for regulert surrogati.

– Eg er ikkje for å innføre surrogati og meiner at dagens abortlov er godt balansert, seier Støre.

Fredag ettermiddag gjentok han sin motstand mot å endre abortlova frå landsmøtets talarstol.

– Dagens abortlov fungerer. Aborttala går ned. Det viktigaste er å sørge for færre uønska svangerskap. Vi må stå ved lova, sa han.

Trettebergstuen seier til NRK at ho har forståing for kompromisset som har vore rundt abortlova.

– Men vi ser i 2019 at vi må diskutere nemndsystemet. Det er bra at vi har denne debatten i Arbeidarpartiet, seier ho.

– Tullete forslag

Skien-ordførar Hedda Foss Five er knakande usamd i forslaget om å utvide grensa for sjølvbestemt abort, og meiner det er å gå for langt å ha fri abort til veke 18.

– Det er eg sterkt imot. Eg meiner at 12-vekersgrensa vi har i dag fungerer godt. Forslaget er umodent og det er tullete å kome med det på så kort varsel, seier Five.

Ho tek til orde for å halde på rådgjeving og støtte til kvinner som søker abort etter veke 12, og peikar på korleis fosteret utviklar seg.

– Kvinna skal sjølv bestemme, men det er ganske stor skilnad på 12 og 18 veker. Vi veit at legar slost for å redde foster som er blitt 22-23 veker gamle. Då er det eit stort etisk dilemma om vi skal tillate fri abort fram til veke 18, utan støtte og rådgjeving, men prøve å redde foster nokre veker etterpå.

Skien-ordførar Hedda Foss Five er svært negativ til å utvide abortgrensa.

Five peikar på at både medisinske miljø og folk flest har vore samde om at 12 veker er den «rette grensa for sjølvbestemt abort av omsyn til mor, familie og foster».

– Balansegangen der er viktig å ivareta. Eg håper landsmøtet greier å vekte omsynet mellom rettane til kvinner og rettane til foster, seier Skien-ordføraren.

– Nemnder er skam sett i system

Fredag heldt sentralstyremedlem i AUF, Marta Hofsøy, eit kjensleladd innlegg om saka frå Aps talarstol i føremiddag.

Hofsøy omtalar nemndene som «domstolsliknande organ» som kvinner må oppsøke for å ta seinabort, der svært få får avslag.

– Mange opplever det som ein tung og nedverdigande prosess. Abortnemnder er skam sett i system. Høgre-krefter går gang på gang til kamp mot kvinners rett til å bestemme over eigen kropp. Men som kjent - klarer vi ein kamp så klarar vi ..., seier ho og peikar på salen.

– To! ropar delegatane i kor.

Marta Hofsøy, sentralstyremedlem i Arbeiderpartiet, høstet stor applaus for sitt innlegg i abortdebatten.

Marta Hofsøy, sentralstyremedlem i AUF, hausta stor applaus for sitt innlegg i abortdebatten.

Høgre: – Eit frislepp av abortlova

Debatten på Arbeidarpartiets landsmøte viser at KrF vald rett i haust, meiner helsepolitisk talsperson i Høgre, Sveinung Stensland.

– Dette er ei veldig stor endring av abortlova som Høgre ikkje stiller seg bak. Dette viser at KrF tok eit riktig verdival, når vi ser at Ap no køyrer meir mot sin primærpolitikk, seier Stensland.

Han kjøper ikkje argumentet om at det var Høgre og Erna Solberg - då ho opna for å innskrenke abortlova dersom KrF valde borgarleg side - som har bidrege til at liberalisering no kjem opp på Arbeidarpartiets landsmøte.

– Det er alltid godt å kunne skulde på andre, og det er jo stort sett det Ap driv med om dagen. Ap må sjølv svare for sin egen politikk.

Høgres helsehalsmann peikar på at dei på Stortinget er samde om å gjere endringar når det gjeld fosterreduksjon.

– Men det Ap her går for er jo ei dramatisk utviding av grensa for fri abort, i tillegg til å fjerne nemndene. Det er eit stort og radikalt grep, som Høgre ikkje stiller seg bak. Ap får gjere sine vurderingar, seier Stensland.

KrF: – Politisk spel frå Ap

KrFs konstituerte partileiar, Olaug Bollestad, er uroa over Kjerkols forslag og seier det vil bety eit betydeleg svekka rettsvern for fosteret.

I tillegg meiner ho det vil utfordre det grunnleggande menneskeverdet til fosteret.

– Å utvide selvbestemt abort til veke 18 er både oppsiktsvekkande og urovekkande. Dette fordi vi har meir kunnskap og høve til å redde fleire barn i mors mage grunna den tekniske utviklinga, og vi redder barn som er fødd for tidleg ned mot veke 21-20, skriv Bollestad i en e-post til NRK.

Bollestad meiner at Arbeiderpartiet set politisk spel framføre etikk når dei skuldar på KrF for sin eigen «heilomvending».

– Det har alltid vore eit ekte engasjement for saka som har drive KrF, skriv ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger